Debatt

Eit parti for patriotar

KRONIKK: Under 2. verdskrig blei omlag 800 jødar deporterte frå Noreg til konsentrasjonsleirar i Tyskland. I Fosli si løysing kan det bli snakk om eit par hundre tusen som skal tvangssendast til eitt eller anna vagt «dit».

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Jarl Wåge, skribent

Frå Oslo Frp har det kome forslag om at Framstegspartiet skal bli eit parti for patriotar. Mest sannsynleg er det ikkje fotballpatriotar det er snakk om. Patriotane i denne samanhengen er heller dei som er imot innvandring. Spesielt av muslimar. I dei kretsar er dei som meiner at Noreg har plikt til og råd til å ta imot eit avgrensa tal flyktningar, sers lite patriotiske.

Ja, menge meiner at desse godheitstyrannane er quislingar og landsforrædarar. I alle fall multikulturistar og globalistar med null forståing for norske, kristne, kvite verdiar.

No har ikkje forslaget fått rungande ovasjonar i partiet sentralt, men at Frp har tenkt å skjerpe tonen mot innvandring generelt og muslimske innvandrarar spesielt når dei no er ute av regjeringsfengselet, må det ikkje herske den minste tvil om. Dette har alltid vore partiet si fanesak, og det som, når dei har vore i fri dressur utan politisk ansvar, har fått dei opp på tjuetalet på meiningsmålingane.

MEIR WÅGE: Kom. Lat oss brenne koranar.

Til å hjelpe seg til å utvikle ein enda strengare politikk, har dei hyra inn forfattar Halvor Fosli til sitt innvandringspolitiske utval. Han har mellom anna skrive boka «Mot et nasjonalt sammenbrudd - Norge i masseinnvandringens tid.» Her gjev Fosli oss eit innblikk i sitt syn på innvandring.

HALVOR FOSLI SITT SVAR: Jarl Wåge skjønner ikke selv at han mest av alt ligner på sjefsmobberen i skolegården

Han vil til dømes ha innvandringspause. Altså stenge dei norske grensene. Dessutan vil han gå bort i frå integreringspolitikk fordi han meiner at mange innvandrarar ikkje er integrerbare. Desse fortener ikkje å få opphalde seg i Noreg og skal sendast attende dit dei kom i frå. Dette er forresten same tangegang som hos den sterkt islamfiendtlege gruppa SIAN, Stopp islamiseringa av Noreg. Dei omtaler muslimar konstant som uintegrerbare (mellom anna på Twitter) og vil landsforvise alle utan integreringspotensiale.
 
I staden for å prøve å integrere innvandrarar og flyktningar, meiner Fosli at dei må assimilerast; altså bli som oss for å få vere i landet. Kva å bli som oss innebêr, er langt frå eksakt vitskap. Kven er «oss»? Dei som drikk sprit og et svin? Dei som kler seg som norske (Ja, ikkje i bunad altså. Måtte gud forby)? Korleis no norske kler seg? Kanskje det er at dei sluttar å be til Alla og konverterer til den kristne guden?

LES OGSÅ: «Barn skal få langt mindre tilskot til briller – det er uspiseleg og småleg»

Lat oss sjå føre oss eit worse case scenario; at folk som har kome til Noreg ikkje kan eller vil la seg assimilere, ikkje vil gje avkall på eigen religion, klesdrakt, kultur, matvanar. Då kan det bli fryktelege tilstandar her i landet. Under 2. verdskrig blei om lag 800 jødar deporterte frå Noreg til konsentrasjonsleirar i Tyskland. I Fosli si løysing kan det bli snakk om eit par hundre tusen som skal tvangssendast til eitt eller anna vagt «dit».

Spørsmål som melder seg, er kvar dei «uintegrerbare» skal sendast? Mange av dei er norske statsborgarar fødde og oppvaksne her i landet. Korleis i all verda skal det gjennomførast? Det vil ikkje vere nok å ta eit overarbeidd politi til hjelp. Skal dei setje inn hæren? Det kan bli eit blodig drama vi aldri har sett noko i nærleiken av tidlegare her til lands. Skal internasjonale forpliktingar Noreg har underteikna, skrotast? Kan Noreg overleve som demokrati om det skal gjennomførast massedeportasjonar?

At Fosli sitt tankegods er samanfallande med ei sekterisk gruppering som SIAN, er ikkje noko å ta nemneverdig på veg for. Det som er mykje meir skremmande, er at vi finn likheiter mellom Fosli sine idear og dei til Peder Are Nøstvold Jensen alias Fjordman alias (etter eige utsagn) Breidablikk i serien 22. juli på NRK. Ja, han, ja. Som med sine tekstar om islam si øydeleggjing av Europa og ein politisk maktelite som opna opp for desse øydeleggjingane, blei nemnt som  ei inspirasjonskjelde for 22. juli-terroristen.

No skal det seiast at Fjordman går mykje meir ekstremt til verks enn Fosli. I 2010 skreiv han mellom anna i essayet «Why Islam Must Be Spelled From The West» at islam og dei som praktiserer islam (nærmare 50 millionar), må fjernast frå vestlege land. Fosli er raus nok til å tilby assimilering før dei uassimilerbare skal deporterast.

DEBATT: Frp-begeret, som vanlegvis fort blir tomt, var denne gongen breiddfullt

Neste år er det stortingsval. Då gjenstår det å sjå om Fosli sine idear blir ein del av Frp sitt program. Gjer dei det, kjenner eg at eg gruer meg til valkampen. Til nye antiinnvandringsutspel. Nye plakatar med fengande slagord og «lik og del». Med Fosli på laget kan slagorda bli enda meir brutale enn tidlegare.

Eg har kikka inn i glaskula og tillete meg å fabulere om kva slags type utspel vi kan ha i vente: «Frp vil stenge grensene augeblikkeleg og innføre full innvandringspause. Einig?» «Berre innvandrarar som blir som oss, får bli i Noreg. Lik og del». «Ikkje integrerbare innvandrarar skal ut av Noreg sporenstreks. Einig? Lik og del.» «Vi er viljuge til å bryte alle internasjonale avtaler. Du og. Ikkje sant?» «I Noreg drikk vi sprit og et svin. Lik det eller ryk og reis.»

Mange vil hevde at eg er monoman når eg ser radikalisering og ekstremisme rundt kvar ein sving. At eg ser antiislamskrømt ved høglys dag. At eg må roe ned og nyte pensjonstilveret i staden for å taste på meg tendonitis i fingrar og armar. Eg kallar det patriotisme. Dette er min «du-må-ikke-sove-kamp».

DEBATT: Paradisiske tilstandar

Mer fra: Debatt