Debatt

Det er svart desember og mørketid

DEBATT: Vi går for jul i år òg. Ei jul stinn av tradisjonar. Men ei annleis jul.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Jarl Wåge

Morgonmørket og kveldsmørket kjem krypande bortover dagen frå kvar sin kant. Gjer han kortare og kortare. Mørket set seg som ei klo i nakken på oss. Peiker nase og hånflirer: «Haha. No kan de ha det så godt de som grashoppelett spratt frå blom til blom i uendelege sommardagar og netter som knapt hadde vett til å gå og leggje seg».

Dei er gøymde og gløymde, sommarbilda no. Under tunge teppe av dødt lauv. Nokon stader under iskald snø. November, grå og blytung, har nettopp sunge  ferdig siste verset, og vi seglar inn i desember. Månaden då morgon- og kveldsmørkret kjem så nær kvarandre at dei nesten kan helse alboge mot alboge.

Takk, då, Gud, som gav oss jula, denne lysfesten som kjem så lageleg når den nordlege halvkula er på det aller svartaste. Ja, for det er Gud vi skal takke, er det ikkje? Hadde ikkje han hatt seg med Maria, hadde vi ikkje hatt nokon grunn til ein gedigen lysfest når vi treng det som mest. Eller kanskje det er Jesus som skal takkast? Han steig trass alt frå høge himmelhall til lave hytter ned som barn i ein vesal stall sånn at vi kvart år kan feire han så heidundrande at han truleg har gløymt alt om den vesale Betlehem-stallen.

No kunne vi sjølvsagt ha funne ei unnskyldning for å feire om det ikkje hadde vore for Guds finger og Jesus-barnet òg. For eksempel ved å ta opp igjen den eldgamle tradisjonen med midtvintersblot. Ja, det er for så vidt det vi allereie har gjort sidan Jesus-barnet har ein tendens til å drukne i glansa gåvepapir og overdoser av mat og drikke.

Eller vi kunne, for ikkje å revitalisere og kopiere heidenske tradisjonar, ganske enkelt gått for ein vinterfest. Men det er å fekte med eit tveegga sverd. Erstattar vi ordet jul med vinterfest, får vi truleg heile konspirasjonskostebinderiet etter oss. Dei som ser snikislamisering bak kvar ein einerbærbusk.

Det opplevde stakkars IKEA (som om det er synd på IKEA) i fjor då dei var så vidløftige og lettsindige at dei kalla eit juleservice for «Vinterfest». Det var visst så totalt å legge seg på rygg for islam at ein av Frp sine mange justisministrar, Per-Willy Amundsen, prompte oppfordra til boikott av handelsgiganten. Så vi tør ikkje heilt å satse på eitt av dei andre alternativa. Vi går for jul i år òg. Ei jul stinn av tradisjonar. Men ei annleis jul. Og ei annleis førjulstid. Alt takka vere den helsikes koronaen.

Kva skal vi for eksempel diskutere på sosiale media i adventstida når vi ikkje har skulejulegudstenester som eit glovarmt tema? Eit tema som vanlegvis dukkar opp like sikkert som amen i kyrkja fyrste søndag i advent. Men ikkje i år, for no er julegudstenestene ute i kulda. Ingen med vitet intakt kan finne på å stuve kyrkjene stappfulle av elevar når dei veit at ungane kan ende opp som superspreiarar av virus? Reglane frå Folke­helseinstituttet er heilt klare og tydelege på dette området; bare to eller tre kan samlast i hans namn.

Så langt denne sesongen er det merkeleg nok ingen som har klart å finne døme på at muslimar prøver å stele jula frå oss eller at dei nektar ungane våre å synge kristne julesongar. Men adventstida er enda ung. Den som ventar på noko godt. Ja, du veit.

Jula er den tida då alle dreg for å la seg innlemme i sin familie, kvar til si bygd eller sin by. «Heim til jul» har ikkje same schwung over seg denne gongen. Stuvande fulle pandemi-julebussar, -tog og -fly heim til våre kjære og nære er ikkje det som fristar mest.

Kjører ein bil, derimot, er det bare å legge av garde. Vegen heim blir ekstra lang i år for fordums skihelt Bjørn Dæhlie og kompani. Han må kjøre E6 mil etter mil og dag etter dag til Bø i Vesterålen etter at han let seg innskrive i manntalet der. Bø, staden med barskt klima og milde skattar. Han får ha «Driving Home for Christmas» av Chris Rea på repeat i bilen som tidtrøyte når keisemda kjem krypande.

Vi ventar ikkje bare på det eine barnet denne adventstida. Er det nokon som kjem på dei 50 (femti!) barna frå Moria på Lesvos som familieminister Kjell Ingolf Ropstad stolt fortalde at han og regjeringa skulle hente til Noreg. Sidan har ingen sett dei. Moria-barna altså. Dei glimrar med sitt fråver. Slik som forsåvidt Jesus-barnet også gjer. Skilnaden er at Moria-barna ikkje skal glimre. Dei skal vere her midt iblant oss.

Men kanskje har regjeringa ein snedig plan? Mange av oss huskar då Erna Solberg avbraut 17. mai-feiringa for gledesstrålande å fortelje det norske folk at dei endeleg, etter mykje strev og stor innsats, hadde klart å hente drapsdømte Joshua French heim til Noreg frå fangenskap i Kongo.

Kanskje gjer Erna Solberg det igjen. Kanskje avbryt ho sjølvaste julefeiringa, kjem ut på trappa utanfor statsministerbustaden, juleblank i auga, i sin finaste julestas og forkynner oss ei stor glede som skal vederfare alt folket. Kanskje opnar ho ein diger forundringspakke med glansa papir; stappfull av barn som har fått plass i herberget.

Det er svart desember. Det er svart ventetid. Den som ventar, får sjå.

Mer fra: Debatt