Debatt

Tid til få og ta vare på barn

Når ein vel å starte familie og få barn, er dette ein stor overgang for oss alle.

Vi les at jordmødre og helsesjukepleiarar er alvorleg uroleg for mødreomsorga, totalpresset på parforhaldet og stresset rundt dei fødande som skal sendast heim så raskt som mogleg. For med stadig synkande fødselstal og stort press på familieøkonomien kan det vere vanskeleg å få auge på at samfunnet verdset dei som gjer «verda si viktigaste jobb». Dei som bruke tid og krefter på å investere i neste generasjon.

Sjølv er eg mor til fire, med ein mann som hadde ein jobb som innebar dag og kveldsjobb og ein del reising. Av denne grunnen valde eg å jobbe mindre for å investere i barn og familie, og for at kvardagen skulle gå i hop. Når eg etter at borna var vaksne skulle sjå kva eg eventuelt skulle få i pensjon vart eg heilt sjokkert. Eg opplevde at samfunnet ikkje hadde verdsett den jobben eg hadde gjort. Eg har ikkje fått ein einaste klapp på skuldra, frå «samfunnet» med oppmuntringa som: Godt jobba Anne Kristin, bygd samfunn har du gjort og oppdratt fire samfunnsengasjerte menneske som studere, jobbe og bidreg i det frivillige arbeidet.

Eg har sjølvsagt aldri angra på valet eg gjorde, men det burde strengt tatt ikkje vore slik. Eg meine at det må verdsetjast og lagt til rette for dei som har små barn slik at ein ikkje tape inntekt, karriere moglegheiter og særleg pensjonspoeng.

Vi som samfunn må legge til rette betre slik at det å få barn og ta vare på dei, blir eit val det lønne seg å ta.

Når ein vel å starte familie og få barn, er dette ein stor overgang for oss alle. Då kan det vere godt og viktig at ein erfare at det er eit apparat rundt ein som kan bidra støttande også før fødselen. Erfaringar frå mellom anna Oslo er at eit besøk før fødselen, fører til at dei vørdande foreldra og helsesjukepleiar blir kjende, noko som skaper tillit og tryggheit. Det blir enklare for foreldra å stille spørsmål og dele ulike tankar og bekymringar også etter barnet er født.

Det er også viktig å at helsesjukepleier kjem raskt på besøk etter fødselen, særleg sidan opphaldet på fødeavdelinga no er kortvarig. Spørsmål om amming, samspel mellom foreldre/barn og andre utfordringar kan drøftast tidleg.

Etter ar svangerskapspermisjonen er over og ein skal gå tilbake til jobben er det faktisk svært urettferdig at mange foreldre i dag oppleve seg nøydt til å ta uløna fordi ein ikkje vil ha barnet så tidleg i barnehage. Det er urettferdig på fleire måtar, på den eine sida misse ein pensjonspoeng og på den andre sida urettferdig for dei som ikkje har høve til å ta uløna permisjon. Den tredelte permisjonsordninga vi har i dag legg ikkje opp til eit system som er godt for familien. Det er lite rom for valfridom, noko KrF vil.

For å møte ein stressande kvardag for småbarneforeldre foreslår Stavanger KrF at vi prøve ut ei ordning der ein jobbe 90 % og får 100 prosent løn. I fyrste omgang vil vi at dette skal gjelde familiar med barn opp til 2 år og er tilsette i Stavanger kommune. Vi gjer dette for å minke stresset på barnefamiliar og at ein skal få litt meir tid til det viktigaste.

Det er slik i dag at vi som samfunn må legge til rette betre slik at det å få barn og ta vare på dei, blir eit val det lønne seg å ta.

God støtte i form av jordmorteneste, tilbod om foreldrekurs, fleire heimebesøk og døgnopen rådgjevingstelefon kan også vere med å førebygge noko av det stresset ein kan oppleve som nybakte forelder.

For oss i KrF er det viktig å gje småbarnsfamiliar moglegheita til å få tid til det viktigaste. Det vil kunne vere ei god motvekt til det tidspresset og økonomiske stresset som mange småbarnsfamiliar oppleve i dag.

Mer fra Dagsavisen