Debatt

Espen Teigen sin ande svever allereie over Facebook-innlegga til Sylvi Listhaug.

KRONIKK: Sjølvsagt vil vi ikkje vere ei frihamn for terroristar. I alle fall ikkje om vi ikkje er radikaliserte høgreekstreme eller islamistiske terroristspirar.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

«Tydelegvis er det greit å ønske muslimer en god feiring, men å sende en hilsen på Kristi Himmelfartsdag er ikke politisk korrekt. Det må bli slutt på å viske ut vår egen kultur.» Ganske riktig. Dette er eit direktesitat frå partileiar Sylvi Listhaug.

Ho var i harnisk over at ein vidaregåande skule hadde ønskt «Eid Mubarak» til sine muslimske elevar utan å helse/gratulere sine kristne elevar med Kristi Himmelfartsdag som fall på same dato som muslimane si Id-feiring. På sosiale media utløyste ho spørsmål om korleis ein eigentleg helsar kvarandre på himmelfartsdagen: «God Kristi Himmelfartsdag»? Tungt og langt. «God himmelfart»? Muleg. «Happy himmelfart»? Tvetydig.

Kva ho ville oppnå med dette knuslete utspelet sitt, er sanneleg vanskeleg å vite. Kanskje ho bare var redd for at Ap-politikar Else-May Norderhus med sitt omtrent samtidige utsagn om at det kan sjå ut som om NRK er blitt muslimsk, skulle framstå som meir muslimfiendtleg enn henne?

Det har rent mykje vatn ut i havet sidan ho posta dette på Facebook. Sidan den gong har Listhaug mellom anna fått tilbake si høgre tastehand, Espen Teigen, etter at han i eit par år har jobba som journalist i Nettavisen. No er han tilsett som pressesjef for Frp. Med han tilbake vil det nok svinge meir av Facebook-sida til Frp-leiaren.

Dei fleste av oss huskar sprengladninga han detonerte då han publiserte eit bilde av IS-soldatar og påstod at Ap prioriterer terroristar framfor tryggleiken til det norske folk. Den politiske sprengkrafta i den salven førte til at regjeringa heldt på å bli felt, og Listhaug blei velta ned frå regjeringstaburetten ho sat på.

Det kan sjå ut som om Teigen allereie er i gang med si nye gjerning. Det er i alle fall eit slags deja vu og teigenske dimensjonar over følgjande utsagn som for ikkje lenge sidan blei posta av Listhaug: «Norge skal ikke være en frihavn for terrorister». Eit utsagn frå den kanten som for ein gongs skuld heile Noreg kan stille seg bak. Sjølvsagt vil vi ikkje vere ei frihamn for terroristar. I alle fall ikkje om vi ikkje er radikaliserte høgreekstreme eller islamistiske terroristspirar.

Bakgrunnen for utsagnet er at enda fleire norske IS-kvinner vil heim til Noreg etter at dei gjorde sine hoser grøne i IS sitt terrorkalifat i Syria. Ei sak som sjølvsagt er gourmet-næring frå øverste hylle både til å nøre opp under muslimfordommar og til å styrke Frp-narrativet om islamisering av Noreg.

Elles kan vi på Facebook for tida bivåne Listhaug som bilbabe utan bilbelte (!) i beste rånestil (råning er jo så in for tida) bak rattet i ein feit veteran-Cadillac. Det er Teigen-schwung over dette, og sjå om det ikkje dukkar opp ein «lik og del» òg. Verdas desidert dyraste biltur, forresten. På den korte stunda vi får sitte på med henne, klarer ho, medan ho stadig kastar blikk bort på oss passajerane, å love bort mange hundre milliardar kroner.

Ho kan blant anna fortelje at Frp i dei neste åra skal bruke intet mindre enn 400 milliardar kroner meir på veg enn det regjeringa satsar. Dessutan er visst Frp det einaste partiet som er garantist for at vegbommane blir fjerna. Igjen. Så sjølv om ho ikkje er så raus at ho vil ønskje muslimar «Eid Mubarak», er ho überraus når det kjem til å slenge rundt seg med milliardvis av kroner.

Når vi veit at ho i tillegg har lova gratis ferjer til alt folket og fjerning av enda fleire avgifter, er det så ein stakkar som ikkje har så god greie på økonomi, blir sittande og lure på om ho har ein hemmeleg Onkel Skrue-pengebinge ho bare kan ause pengar av. Om ho ikkje har det og har planar om å halde det ho lover, blir ho nødd til å hente alle milliardane frå andre velferdstiltak. Kva slags tilbod som vil bli skadelidande, har ho ikkje sagt noko om.

På kjøreturen frir ho også til alle som er glade i bil, ved å love at vi framleis skal få kjøre rundt i bensin- og dieselbilar så mykje vi vil. Forureining inga hindring. Ja, el-bil er også gangbar vare. Ho er raus sånn.

«Heikki Holmås er en liten friskus, men han passer ikke alltid munnen sin,» sa partileiar Erna Solberg om SV sin utviklingsminister i 2013. I min alder har eg lov å påstå at Espen Teigen er ein liten friskus. Som vi har sett, passar han ikkje alltid like godt på tastaturet til Listhaug. Samtidig er det noko forfriskande over friskusen. Det vil bli meir snert over Listhaug sine muslimfiendtlege antiinvandringsutspel når han får disponere tastaturet hennar. Samstundes vil han heilt sikkert sprite opp og skape høgare temperatur i den offentlege debatten.

Espen Teigen sin ande svever allereie over Facebook-innlegga til Sylvi Listhaug. Førebels føler han seg vel litt fram, men ein vakker dag postar han kanskje, i kjent Teighaug-stil, eit bilde av tungt væpna terroristar med følgjande tekst: «Regjeringa prioriterer terroristar framfor tryggleiken til det norske folk. Lik og del». Den dagen veit vi at han har blitt skikkeleg varm i trøya igjen, og då kan alt skje.

Eg har kjøpt inn popcorn.

Mer fra: Debatt