Debatt

Barnevern er brutalt

KRONIKK: Erna kom til Stavanger for å lytte. Ine og Ole prøvde å forklare at behovet er fleire tilsette. Dei prøvde verkelig å få fram at det var trong for fleire folk! Det hadde ikkje Erna noko tru på at var løysinga. Så då så!

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Else Karin Bukkøy, barnevernpedagog

Eg las i Rogalands Avis i dag at det ikkje vart noko resultat for barnevernaksjonistane – etter å ha hatt statsminister Erna Solberg på besøk for to dagar sidan. Erna skal ha meint at det er opp til kommunane å sørgje for at barneverntenesta har dei rammene dei treng for å gjere jobben sin. Erna seier at det dei har gjort er å styrke fylkesmannens kontakt med kommunane – om kvaliteten i deira barnevern.

Erna kom til Stavanger for å lytte. Ine og Ole prøvde å forklare at behovet er fleire tilsette. Dei prøvde verkelig å få fram at det var trong for fleire folk! Det hadde ikkje Erna noko tru på at var løysinga. Så då så!

LES OGSÅ: Erna lyttet, men hørte ikke (+) 

Dette minner meg om mor mi: Ho sa alltid til meg som arbeidde med omsorgssvikta ungar at det sjølvsagt ikkje var slik at dei foreldra som sjølve var omsorgssvikta ville omsorgssvikte sine eigne ungar! At det måtte eg forstå!

Ho sa «trur du verkelig, Tullemor (som ho kalla meg), at dei som har vakse opp med alkoholisme og det som verre er, set sine eigne ungar i ein liknande situasjon som dei var i då dei var ungar?» Då eg prøvde å seie: «foreldra gjorde nok så godt dei kunne, og at dei nok ikkje meinte å ikkje gje god omsorg til ungane sine, men at dei kan hende ikkje klarte det fordi dei strevde slik med liva sine – og så vart det ikkje godt nok for ungane!» Ho bles då, heiv på hovudet og sa: «Tullemor, du meiner ikkje på alvor at dei ungane som har blitt slått, slår sine eigne ungar?» Det nytta aldri å komme lenger med mor mi.

LES OGSÅ: Nå skal Erna møte #HeiErna

Det er likevel mor mi eg meiner representerer folk flest – og politikarane våre skal visstnok vere folk flest.

Eg hugsar med stor uro den nye barneministeren Ropstad sitt utsegn i Dagsnytt 18 – då Ine også deltok – for ikkje så lenge sidan. Ropstad sa at kommunane sjølv hadde ansvar for barnevernet, og han sa vidare at dersom dei hadde hatt nok jordmorkompetanse i kommunen – som kunne førebyggje – så kunne ein nok hatt mindre barnevern.

Det eg ikkje begriper er at vi ikkje har komme lenger enn mor mi – som er død for lenge sidan.

Barnevern er brutalt. Ungar i Norge er utsette for alvorlige overgrep og neglisjering – fysiske, psykiske og seksuelle. Jo tidligare vi fangar opp korleis ungane har det, jo betre er sjansane for å kunne rehabilitere dei.

Når barnehagar, helsestasjonar, skular, naboar, PPT, BUP med fleire sender meldingar til barneverntenesta, så gjer dei det fordi dei er urolege for ungar.

Det er berre barneverntenesta som med heimel i lov kan løfte opp alle dynene i heimen – dynene som er der for å dekke til eventuell svikt.

Det nyttar ikkje å digitalisera undersøkinga. Ein kan ikkje sende heim ein robot til familien som det var komme uro for ungane i heimen om. For roboten – som skal melde tilbake det roboten ser – vil få sjå bestesida av familieforholda.

LES OGSÅ: Barnevernsansatte med opprop i Byparken (+)

Roboten vil ikkje kunne sjå på ansiktet til «Per», at «Per» ønskjer at roboten skal ta han med seg. Fordi «Per» alltid er redd heime.

«Per» seier jo ikkje at han vil vere med roboten! «Per» seier kanskje etter tre månaders intens menneskeleg arbeid – med trygging gjennom samtaler kvar veke – at han er redd.

Dersom vi skal greie å avdekke omsorgssvikta som alltid er der, den tek aldri slutt, så må det vere av friske, kjekke, kompetente vaksne – som har tid til å bli kjent med «Per».

Ingen kan ha tretti «Per»-ar til ei kvar tid! Eg trur det var det Ine og Ole ville at Erna og Ropstad skulle forstå. Og så gjorde dei ikkje det.

Det er veldig alvorleg for «Per» som trong hjelp frå norsk barnevern med formålsparagrafen «trygghet, kjærlighet og forståelse» at kommunen ikkje hadde tida dei trong til han.

Mer fra: Debatt