Stavanger

Samling om Gamlingen

Gamlingen er ein institusjon og vi har dessverre ikkje for mange slike gode institusjonar i byen vår.

Publisert Sist oppdatert

Stavanger Svømmestadion Gamlingen er ein institusjon i byen. Senterpartiet lova før valet i fjor at vi skal arbeida for at nye Gamlingen skal stå klar viss dagens anlegg må vika til fordel for Ryfast. Det er ein lovnad vi vil gjera mykje for å halda.

Symjeanlegget Gamlingen har stor verdi for mange menneske i byen vår. Det er ikkje få personar som gjennom åra har knytta eit eller anna band til dette trivelege symjeanlegget. Morgonbadarane som møtest grytidleg for å ta eit bad og ein kopp kaffi saman, ettermiddagssymjarane som legg igjen fleire tusen meter fleire gonger i veka og ikkje minst alle ungane som kvar sommar fyller Gamlingen til randen med glade hyl og leik, og kanskje der mange av dei tek sine første symjetak saman med mor eller far.

Gamlingen er ein institusjon og vi har dessverre ikkje for mange slike gode institusjonar i byen vår. Senterpartiet er som parti opptatt av å ta vare på dei gode møtestadane for at folk skal trivast. Difor er nettopp dette ei slik viktig symbolsak for oss. Vi sa før valet hausten 2011 at vi skal sørgje for at nye Gamlingen skal stå klar når anleggs-arbeidet for å byggje Ryfast tek til. Vi kjem til å bruka den posisjonen vi har i Stavanger bystyre til å kjempa det vi kan for at så skal skje.

Det er to årsaker til at spørsmålet om flytting av Gamlingen er aktuelt. For det første og sjølvsagt den viktigaste årsaka, er at område der symjeanlegget i dag ligg, vil vera der tunnelen mellom E39 og Hundvåg kjem opp. Denne tunnelen er ein del av Ryfast - prosjektet. Mange har nok stilt spørsmål om Ryfast i det heile tatt vil bli realisert. Dette er framleis ikkje avgjort av Stortinget, men vil bli behandla i løpet av 2012. Men med tildelinga i Nasjonal Transportplan (NTP) på 500 millionar kronar, så er nok prosjektet nærmare ein realitet enn det tidlegare har vore. Sjølv om mange har ulike meiningar om både traseval og prisen på bompengane, så vil det å få ein ny veg til Hundvåg vera svært viktig for utviklinga av bydelen. Det at bybrua no er einaste veg inn og ut til bydelen, er langt frå tilfredsstillande.

Det andre momentet som berører Gamlingen, er at fleirtalspartia (H, V, KrF, Sp og Pp) ynskjer å få realisert eit Folkebad i Jåttåvågen. Prislappen på Folkebadet er stipulert til 450 millionar kroner. Fleirtalspartia har opna for å få til ei løysing i samarbeid med private investorar. Det var i samband med at sak om Folkebadet var oppe i kommunalstyret for miljø og utbygging, at FrP-representanten Leif Arne Moi Nilsen la fram eit forslag om å samlokalisera Gamlingen med Folkebadet i Jåttåvågen.

Eg må ærleg innrømma at eg har svært liten sans for eit slikt forslag. Det vil vera slutten for dagens bruk at eit utandørsanlegg som både har ei sportsleg men og ei like så viktig sosial funksjon. Folkebadet skal drivast på kommersielle vilkår. Eg har ingen tru på at dei funksjonane som dagens Gamlingen har vil la seg ta vare på i eit kommersielt drevet anlegg.

Eg trur vi skal klare både å finne ei god sentral plassering for nye Gamlingen og at vi skal få til ein framdriftsplan som gjer at dagens brukarar ikkje skal stå utan eit tilbod så alt for lenge. FrP har i inneverande periode valt å stilla seg i opposisjon. Dei står sjølvsagt fritt til å kome med forslag, men dei treng verken å ta ansvar for økonomien eller prioriteringane vi må ta. Eg er rimeleg trygg på at Senterpartiet skal få til ei god løysing for nye Gamlingen saman med dei andre partia som sit i posisjon.

Powered by Labrador CMS