Kultur
Stein daudt
Jonas Gahr Støre - ny helseminister for Ap - har benytta seg av den private Volvat Medisinske Senter då barna hans var sjuke.
Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
På åttitalet "åpna" Willoch-regjeringa for at private sjukehus som Volvat kunne få støtte frå staten dersom dei behandla folk i sjukehuskø. Då var det eit eksempel på privatisering og ramaskrik, sa heile venstresida.
Eg har barn og bur i Oslo - om lag midt i mellom den kommunale legevakta og Volvat Medisinske Senter. Midt på natta og ellers på døgnet har eg dratt ut med barnet mitt fordi eg har hatt behov for legetilsyn. Dro eg til Volvat? Vel, eg kunne, der visste eg at det var mindre kø enn på den kommunale legevakta. Gjestene, pasientane der, var sikkert av det "finare" slaget. Men nei, eg dro til den kommunale legevakta.
Der har eg alltid opplevd at eg og barna mine har blitt tatt ordentleg i mot, i eit godt system som ivaretar pasientane godt sjølv om ein venn av meg som var lege der i fleire år fortalte om eit vanvittig press på dei som jobbar der. Kvifor dro eg så ikkje til det "finare" Volvat, slik som Ap-ristokratiet? Sjølv er eg ein person "til høgre" for Arbeidarpartiet. Du burde forvente mindre solidaritet og mindre forståing for fellesskapsløysingar av meg enn enn i Ap? Nei, fordi Ap har gått frå å vere eit parti med solidaritet som grunnhaldning til å bli eit Ap-ristokrati der det viktigaste er å hente ut godene frå vår felles kasse og arv.
"Pølse-Hansen" var helseminister og matminister, så vart han politisk lobbyist i "First House"! Eg trudde i min naive verden (eg har studert politikk, statsvitar med hovedfag frå universitetet) at politikarar som hadde nådd opp til regjeringsapparatet hadde oppnådd nesten det største dei kunne drøyme om. Kanskje med unnatak av dei som såg for seg ei internasjonal karriere, eller som toppleiar i ei eller annan viktig bedrift. Men å drøyme om å bli politisk lobbyist når du nesten sit på toppen av pyramiden! Det er nesten som om eg må gå i do og tømme meg for dette er litt for jævlig å tenke på, rett og slett...
Så mens du ser meg for deg der, kan du tenke over om det heretter kan vere nokon grunnar igjen til å stemme Ap?
Tore Wilken Nitter Walaker