Nye takter
Jazz utan like
Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Mykje av musikken høyrde eg først i storband-arrangement på ein makelaus konsert Trondheim Jazzorkester heldt i Oslo forrige laurdag med Kannegaards musikk arrangert for storband av leiaren Eirik Hegdal med trioen som ein del av bandet. Så kjem musikken i sitt reindyrka trioformat og får fram den same kjensla som fekk det til å sitre då Maria med albumet «Breaking The Surface» i 2000 gjorde den mest originale triodebuten i norsk jazz på lenge. Dei fine songane den bestemte måten å spele på herifrå til dit og ikkje lenger det var ein musikk som rørde deg djupt med ei indre ro i seg. Han er tøffare i uttrykket no råare meiner ho sjølv men så umiskjenneleg Kannegaard frå låten «How Come» av.
Som før er Thomas Strønen på trommer men Ole Morten Vågan har tatt over som bassist etter Mats Eilertsen. Det er eit strålande team. Quiet Joy det er både stille og ro glede og jubel dessutan tittel på ein av songane på plata som kjem smygande og går over i eit meir bluesaktig vakkert men også meir tradisjonelt jazzuttrykk med strofar vi trur vi drar kjensel på. Det var denne plata sitt høgdepunkt trudde eg om det ikkje var for «Little Granma» til ære for farmor i landet Kannegaard eigentleg kjem frå Danmark og det lyder som ein hymne.
Maria Kannegaard var ein pianist som vart lagt merke til då ho spela i Kongsberg-bandet Alibi med bassist Tine Asmundsen ho var til og frå på jazzscena i ulike konstellasjonar til ho vart med i den første utgåva av Eldbjørg Raknes' Tingeling-band og også har samarbeida med Live Maria Roggen. Titlane på songane gjorde seg best på norsk tykte eg under storbandkonserten men til ei internasjonal lansering blir det titlar som «Circling a Full Stop» med bassen i fri form under Kannegaards overbygning «This Far» «Here» «Absolutely» «Us 3» og endeleg «Hey Ya». Det er siste oppkalling til lyttaren med ein verkeleg elegant stilig og overlegent bra slutt. Yeah.
Vibrasjonar
Vibrafonisten Kåre Kolve har mange musikalske jarn i elden men platene er sjeldne. Dess meir gledeleg er det når plate nr. 2 «Innover» kjem sju år etter den sterke debuten i 1998 «Ope». Vibrafon-familien utgjer stadig ei eksklusiv forsamling i jazzheimen etter at pionerane har gått bort. Tittelsongen «Innover» er ein stemningsfull song der bassist Sèbastian Dubé også viser seg fram som den strykaren han er med vokal bakgrunn frå strupen til Kolve som har skrive songane sjølv med unntak av to. Den vakre «Fattig ynskje» signert Per Indrehus blir spela til minne om den avdøde musikaren og komponisten. I trioen som også spela på debutplata er trommeslagaren Stein Inge Brækhus tredjemann. Bassist Tubé følgjer hyppig sine bassoli med stemma si Ivar Kolves vibrafonspel er like sobert som sikkert trioen verkar like lett og uanstrengt i alle tempi. Undertittelen på plata er «the inside out series». Blir neste tittel «Utover»? Lat det ikkje bli for lenge til.
Svadaåret
Om Jan Erik Vold har tatt pause frå sitt tidlegare jazz og lyrikkprosjekt eller lagt det på hylla er uvisst. Men vi innlemmar utan vidare hans nye prosjekt i det utvida jazzbegrepet. Dessutan er soloinnslaga til den gamle jazzmann og trekkspelar Alfred Janson (som på «Mack The Knife»!) utsøkte perler på denne plata gitarist Frode Alnæs har ikkje gløymt sine jazztakter og resten av bandet jazzmennene Jarle Vespestad trommer og Terje Gewelt bass. Det svingar forrykande på denne festen av eit album der Jan Erik Vold har kasta alle hemningar over bord og syng med den stemma han har med opplesing av små dikt innimellom som «Starten går» (tonefølgje «Skating in Central Park»).
Det er 25 spor på plata det er 25 rundar på ein 10.000 meter og samanhengen er klar når Vold & Co syng svadaåret inn med alle kampsakene sine frå Bislett til blodbøkane til trikken til jernbanen til Stockholm og eit vakkert requiem for Arild Nyquist attåt med musikk av Alfred Janson. Andre i bandet har også skrive musikk (som Frode Alnæs' vakre «Vitae lux») elles har Vold forsynt seg fritt av gamle slagermelodiar og dikta nye tekstar til. Det musikalske tonefølgjet er utsøkt og det er berre å gjere veg for denne uslåelege truppen.
Maria Kannegaard Trio:
«Quiet Joy»
Jazzland
Ivar Kolve Trio:
«Innover»
Curling Legs (Musikkoperatørene)
Jan Erik Vold:
«Vold synger svadaåret inn»
Hot Club Records