Bøker

Anmeldelse Heidi Furre, «Makta»: Ei heilt vanleg valdtekt

Ei av ti kvinner er offer for valdtekt. Med «Makta» viser Heidi Furre kva den statistikken faktisk betyr.

Roman

Heidi Furre

«Makta»

Flamme forlag

Makta av Heidi Furre

«Du trur kanskje at eg er eit øydelagt menneske. At eg berre ligg her og er valdteken. Men eg er ikkje det. Eg gjer alt anna. Ingenting stoppar opp for den valdtekne».

Det er Liv, som er hovudpersonen i Heidi Furre sin roman «Makta», som fortel. Liv er ein velfungerande samfunnsborgar. Ho har fast jobb med mykje ansvar som sjukepleiar ved ein sjukeheim, og skikkar seg vel der. Har vore saman med Terje i mange år, og er god mor for barnehagebarna Johannes og Rosa.

Liv er alltid velkledd, i nøye gjennomtenkte antrekk. Ho er glad i å handle dyre kvalitetsplagg. Ansiktet, som ho held akkurat passe ungt ved hjelp av ein akkurat passe liten dose Botox innimellom, er nøytralt og naturleg sminka. I fritida går ho på trening, på kino, og møter venninner. Ho stiller på foreldremøte. Småpratar med dei rundt seg. Held hus og heim i stand. Fiksar forventningane.

Liv er heilt normal. Og eit offer. Det eine utelukkar på ingen måte det andre. Sjølvsagt ikkje, viser Heidi Furre i sin gode fjerde roman, «Makta».

For ein god del år sidan, då ho var student, blei Liv med ein mann heim frå fest. Ho følgde han frivillig. Men det som skjedde etterpå, var ein valdtekt, ikkje samtykt sex. Liv forstod det med ei gong. Ho stakk så snart ho klara. Drog til valdtektsmottaket, kor ho fekk hjelp til å kunne melde mannen til politiet. Valde likevel å la vere. Det ville blitt ord mot ord.

«Eg er ikkje øydelagt», fortel Liv seg sjølv. Ho har på sett og vis rett i det, og finn kraft og styrke i å klare seg. I å makta livet.

Tematikken er rå og vond, men «Makta» er god

Då ho mange år seinare møtte partnaren ho har no, Terje, hadde ho rasjonalisert vekk heile minnet. «Det var ikkje så ille». «Dessutan var eg i stand til å takle dette, eg hadde levd eit godt liv og kunne ikkje forventa anna enn eit par skjer i sjøen. Kanskje var det til det beste, at eg fekk bli ein del av denne statistikken. Det var betre slik, eg kunne bere dette», tenkte ho. Prøvde ho å tenke.

Men minnet blir ikkje svakare med åra. Då Liv blei mor, kom det sterkare tilbake. No tenker ho på den kvelden ofte, og på mannen som valdtok. Han påførte henne skader som ikkje viser på utsida. Livet er blitt litt snevrare. Fleire ting følast farlege. Mørket. Naturen aleine. Menn.

Valdtekta er noko Liv ber med seg. Ikkje passivt – ho er ei oppegåande kvinne som forstår kva som skjer, og reflekterer rundt det. Ho kjenner statistikken, veit om tal og mørketal. Observerer sine eigne meistringsmekanismar, og fortel om dei.

Ofte ser Liv det på andre, at dei er del av gruppa på ei av ti kvinner som ifølge forskinga har opplevd valdtekt. Ofte kikkar ho aktivt rundt seg for å sjå kven dei andre offera er. I nabolaget, på foreldremøtet, i kinosalen – kven?

Kven som helst, er det grimme svaret.

Menneske har mange og motstridande kjensler, tankar, og ønske samtidig.

Heidi Furre sin særmerkte styrke som forfattar, også i bøker som «Dyret» (2018) og «Ungdomsskulen» (2016) er den empatiske måten ho skildrar karakterane sine på. Ho gir Liv kjøtt og blod. Kjensler som er til å tru på. Djupn i tillegg til flate. Kompleksitet. Menneske har mange og motstridande kjensler, tankar, og ønske samtidig.

Tematikken er rå og vond, men «Makta» er god, også litterært. Det enkle, likeframme språket kler stoffet, elementa i forteljinga godt utporsjonerte.

Alle kjenner ei kvinne som Liv. Mange er ho sjølv. «Makta» opnar forståinga for at den «Liv» ein kjenner sjølv, kanskje ber på meir enn ein visste. Sjølv om alle meistringsmekanismane fungerer. Sjølv om kvinna fungerer, som arbeidstakar, familiemedlem, forbrukar og samfunnsborgar.

For den som sjølv er Liv, opnar Heidi Furre ei dør. Du er ikkje aleine. Eg ser deg. Veit at du gjer så godt du kan. Det er meir enn godt nok.

Ein roman om valdtekt og verknadene den har på individ og samfunn, vil sjølvsagt aldri vera ei «kjekk» eller «koseleg» feelgood-bok. Men Heidi Furre gir lesaren ein god stad å vere likevel, i denne kloke og klare boka.

Mer fra Dagsavisen