«Når vi går inn i bilen og plasserer oss bak rattet, skiftar vi personlighet. Konsekvenstenkinga forsvinn og INGENTING kan stoppe oss.»

Debatten om bilens framtid i byane rasar. Dette er ei historie om å konvertere frå bilisme til.. noko anna.

Ung, dum og deilig. Jepp. Det var eg når eg fylte 18 år og fekk lappen. Det å få lappen var å kome til himmelen. Eg skulle få meg eit passe fint glis og det skulle bli fantastisk å bli «heilt uavhengig» av andre. Eg klarte til slutt å kjøpe ein BMW. Sjølvsagt kræsja eg to gongar det første året, full av testo og tilslørt av manglande bevissthet. Det er flaut å sjå tilbake til.

Å vokse opp på bygda som eg gjorde inneber at du som regel blir Autofil. Du har ofte ikkje andre alternativ enn bilen, og smeltar saman med bilismen, blir til slutt ein del av bilen. Bilismen råder så sterkt, ikkje berre på bygda men i heile landet, at den er ein sentral del av identiteten vår. Den er symbolet på frihet, manndom, rikdom og status, overmot, skjønnhet, kulhet, og så vidare. 

Når vi går inn i bilen og sett oss bak rattet, skiftar vi personlighet. Konsekvenstenkinga forsvinn og INGENTING kan stoppe oss. «Jævla syklistar», «jævla fotgjengarar». «Jævla ALT SOM BEVEGER SEG SAKTARE ENN 40 KM/T!». Eg har sjølv vore der. Det er ikkje ein god plass å opphalde seg.

Med dette bakteppet er det kanskje ikkje vanskeleg å forstå at motstand mot bilismen skaper sinne. Ja, til og med hat. Situasjonen i Oslo er eit døme på kva slags konsekvensar det kan få, om du vil gjere vilkåra for mjuke trafikantar litt betre. Du risikera å bli lagt for hat av mange. Debatten rasar, politiske toppar krev rettferd for bilistane og folk aksjonerar! Miljøbyråden blir drapstrua. Det er ville tilstandar i hovedstaden, og det er ikkje på grunn av krigstruslar, men bilen.

Om du skulle vere så vågal å gå over til den andre sida (som eg har gjort), tre forsiktig ut av autofilismen og bilismen, og heller kjøre kollektivt og bruke sykkel, ja då.. Kanskje flørte med EL-bilane om du absolutt må ha bil, ja då.. DÅ ER IKKJE DU MANN! Då er du ein fløtepus av ein anna sort, eit oppkåme av miljøhysteri, og utopisk, og latterlig, og veldig veldig glad i hest og kjerre.

Forresten: er ikkje det mykje tøffare og krevande å drive med hest, enn å sete og sikle bak eit ratt med klimaanlegg, trykke foten på ein gasspedal, før du svippar innom «drive-throughen» på McDonalds?

Erfaring: når eg til dømes syklar i Oslo (og eg har sykla i Oslo kvar dag i over to år no, stort sett med glede) er det oftast syklistane som må vike. Her om dagen var det ein stor SUV som holdt på å velte meg, før han kjørte framføre meg og spylte på med spylarveske. Eg fekk det rett i trynet. «Jævla idiot. Faen i helvete for ein taper», tenkte eg, «kva skal du eigentleg med ein SUV i sentrum?». Før eg rista det heile av meg, og sykla vidare. Så tok eg til å tenke på dei som trur det er kult å ha bråkete eksospotter. Faen. Pust. Med. Magen.

Denne lille teksten har to hovudpoeng: 1) Ein kan gå frå å vere autofil og glad i bilar, til å innsjå at livet kan vere nydeleg utan å eige bil (om ein bor slik til, eller tenker litt utanfor boksa). Det er både billigare og meir miljøvenleg. 2) Det skulle vere mulig å gå i seg sjølv som bilist, og til dømes tenke at det er eit privilegium at du kan sete inne i denne tunge maskina. «Kanskje eg kan ta det litt med ro her, eg har jo egentlig ikkje SÅ forbanna dårleg tid». Mange tenker nok ikkje over at dei lett kan drepe, gløymer at barn kan springe ut i vegen. Det er ei klar maktubalanse mellom mjuke og harde trafikantar.

Eg veit mange treng bilen, og at mange må kjøre fossilt ei stund til. Ver snill, ikkje bli vonbroten. Eg kjem til å bruke bil i framtida sjølv. Men å forureine og buse seg fram inne i ein by er ikkje ein menneskerett.  

Mange menn hatar menn som ikkje er glad i bil. Hatar menn som ikkje innser at sjølve livet er bilen. Og kvinner. Dykk slepp ikkje unna. Alle skiftar personlighet bak rattet, sjølv om menn har ein tendens til å vere verstingane. Eg ser dykk i sidesynet med pradabrillene, i dei store tunge glisa dykk kjører rundt med, med foten hardt på pedalen.

Det skal seiast at den oppvaksande generasjonen har eit litt meir avslappa forhold til bil. Alt dette vil nok bli betre.

Dette var ikkje særleg forsonande. Kanskje det likevel kan få ein eller annan til å ta det litt meir med ro i trafikken. Ta med deg ein mindfulness-CD neste gong du skal ut å kjøre. Det er fartsbøller blant syklistar òg, vi treng å jobbe fram ein betre sykkelkultur. Men ein sykkel veg ikkje over 1000 kg! Ein sykkel drep ikkje like lett. Dessutan er sykkel meir sexy enn bil, innrøm det. Eg berre nevner sykkeltights.