Debatt

Dei unge treng ein Høybråten

Dagfinn Høybråten tok affære i 2004 og kom med den nye røykeloven. I 2024 er nikotin bytt ut med skjerm. Eg ynskjer meg ein skjermlov.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I 1995 var det lett å begynne å røyke. Eg var 14 år og visste det var usunt, men dei kulaste folka var dei som hang i røykeskuret og dampa i veg. Lite kunne overgå eit slikt fellesskap. Så tok Dagfinn Høybråten (KrF) affære og kom i 2004 med det som vart oppfatta som eit radikalt og moraliserande lovforslag: Den nye røykeloven.

Snart 30 år etter er det skjermfellesskapen dei unge trekkast mot. Eg ynskjer meg ein lov for skjermregulering og telefonfri. Vi kan byrje med dei yngste av oss, der skaden kanskje blir størst.

Som psykolog veit eg at folk kan bli tiltakslause når det som er farleg er usynleg. I staden for å endre åtferd endrar folk på tankane sine. Røyka ein i 1995, kunne ein tenke annleis framfor å slutte. Samanhengen mellom «eg røyker» og «røyk drep» kunne bli forvandla til livsløgna «eg treng røyken», «eg kan slutte i morgon» eller «eg er så ung». Slik kunne ein ta seg nok eit letta innpust med nikotin.

I 2024 er nikotin bytt ut med skjerm. Ungane våre dampar i veg i usynlege, digitale skjermskur som ikkje vil røve lungene deira, men hjernen. Og framleis lagar me livsløgner. Som Utdanningsetaten si forklaring på innføring av ChatGPT i Oslo-skulen: «Vi hadde ikke annet valg» (Bjørkeng, 2024). Eller skulen som seier nei til mobilhotell fordi «mobilen er eit faktum, dette må barna lære seg å regulere sjølve».

Marie Midtsund, psykologspesialist

Men å regulere seg sjølv har ungdom aldri vore særleg gode på. Dei treng reguleringsstøtte og grenser. Vi kan byte ut ordet telefon med røyk og sjå kva vi da får: «Røyken er eit faktum, dette må barna lære seg å regulere sjølve».

Som psykolog har eg lært at det tek om lag 25 år å ferdigstille hjernen, dette organet som er oss, og vi det. Åra i starten av livet tel spesielt mykje, og miljøpåverknaden speler ein stor rolle både i dei fyrste leveåra og i ungdomstida.

Sagt enkelt er det som om tenåringshjernen byggjer seg om og blir fødd på ny. Hjernen er lærevillig, men lærer like godt å bli avhengig som han lærer seg Shakespeare eller å utvikle evna til å skvære opp ved usemje.

I dagens samtaler om skjermbruk er det ofte ei gryande uro for den kognitive utviklinga som kjem fram; at skjermen øydelegg konsentrasjonen, slik at dei unge ikkje held ut lange tekstar lenger. Men det er kanskje større grunn til å vere uroa for den emosjonelle utviklinga til skjermgenerasjonen.

La oss ta dømet med eit godt «unnskyld» mellom to vener. Det krev ei emosjonell modning å få til dette. I god kommunikasjon ligg ein slags flyt. Vi utviklar våre sosiale evner på mikronivå (Brandtzæg et al., 2019). Det krev heile oss. Kroppen må ta inn dei språklause detaljane om den andre. I starten øver vi med mamma og pappa, og seinare blir jamgamle viktigast.

Det var mange ting som var grusomt med nittitalet, men det var ikkje internett, bøygde nakkar, null blikkontakt og mimikklause andlet som var problemet.

Men kva skjer når mamma trillar vogna med blikket festa i ein instagrampost frå «Bare bra barnemat»? Kva skjer når alle tenåringane som skal bli kjent på livets fyrste ungdomsskulefest, sit på Snapchat utan å kroppsleg avstemme dei andre i same rom?

Eg var sjølv del av ei foreldregruppe på ein slik fest nyleg, og eg kjende lite att frå eiga ungdomstid. Det var mange ting som var grusomt med nittitalet, men det var ikkje internett, bøygde nakkar, null blikkontakt og mimikklause andlet som var problemet, slik tilfellet var denne kvelden i 2024.

Les også: Hvor ble det av lærernes frihet?

Etter kvart sette vi vaksne ut stolar og tvang ungdommane i gang med «stolleiken». No er kanskje foreldrestyrt tenåringsfest eit mogleg frampeik mot undergang i seg sjølv, men som psykolog veit eg at leik er alvor. Det gjev viktig trening. Trening i å stå i seg sjølv og tole spenning, avvising, andre sine feilgrep og eigne kjensler.

Telefonen synest å skape endringar i mikroaugeblikka mellom oss, i det som skjer og det som ikkje skjer når telefonen er der i staden. Eg ser det også i terapirommet: Guten som, når vi nærmar oss det vi må snakke om, drar telefonen opp og speler febrilsk på eit eller anna. Det verkar å vere ein rein distraksjon, automatiske avhengige åtferdsmønster som bryt inn i terapiarbeidet.

Barn med sosial angst blir verande på rommet med TikTok som bestevenn, og finn løysingar og fellesskap i sjølvskading og suicidale algoritmer.

Eg møter skilte foreldre, frustrert over den andre som ikkje set grenser for skjermtid. Barna ender opp som fluger på flugepapir i huset der skjermen flyt, i veka der dei skulle ha vore i heimen med reglar for skjermbruk. Barn med sosial angst blir verande på rommet med TikTok som bestevenn, og finn løysingar og fellesskap i sjølvskading og suicidale algoritmer.

Dei unge føler at dei må ha skjermens fellesskap for å ha det bra, sjølv om det ikkje er bra for dei. Akkurat som i 90-tallets røykeskur.

Les også: Vil forby heldigitale skoler

Den gjengse forelder har desse barna i huset sitt, og strever for å bremse skjermsuget. Dei organiserer all tid, gjer frileik til risikosport, ei evig aktivisering i organiserte tilbod. Samspelet mellom barn og foreldre blir prega av stadige kampar om skjermen.

Det er her vi er komne no. Til arbeidet mot ei digital avhengigheit blant barn og unge som heng saman med den psykiske helsa deira. Men foreldre som vil gjere noko med skjermproblemet, landar i ein slags allmenningens tragedie: Skal ungen din vere den eine særingen som ikkje spelar Fortnite eller scrollar YouTube-klipp minutt for minutt?

Kva gjeld barn og unge og ein hjerne i utvikling, har vi etter mi meining samfunnsmessig meldeplikt. Vi bør ha lite tru på at individet finn ut av skjermen sjølv.

Å fortelje ungane at skjermen på lang sikt omformar hjernen, slik eg meiner vi har grunn til å tru, nyttar heller ikkje. Det er som med lungene. Du let ikkje vere om ikkje andre let vere, for du er ung og udødeleg.

Les også: KI kan skape skjult energikrise

Foreldre og ungar treng støtte for å greie dette. Dei nye nasjonale tilrådingane om å ta mobiltelefonen ut av klasserommet bør derfor få brei støtte frå oss som er helsepersonell. Det bør også komme føringar og avgrensingar for bruk av skjerm og kunstig intelligens (KI) i skulens regi. Kva gjeld barndoms- og ungdomstid og ein hjerne i utvikling, har vi etter mi meining samfunnsmessig meldeplikt. Vi bør ha lite tru på at individet finn ut av skjermen sjølv.

Les også: Når klikket er konge

Eg ynskjer meg ein skjermlov, ein skjermens Høybråten, som flyttar vårt referansepunkt. Vi kan byrje med omsynet til dei yngste av oss: Skjermregulering og telefonfri der skaden kanskje blir størst fordi risikoen for barnehjernen si utvikling blir for høg.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt