Stavanger

Ottar hedret <BR>med Siddisprisen

Siddisprisen, journalistprisene og fotoprisen i Sør-Rogaland deles ut i kveld under et arrangement på De Røde Sjøhus i Stavanger. Siddisprisen gikk til Kvinnegruppa Ottar.

Bilde 1 av 2

Lørdag kveld mottok tre representanter fra Kvinnegruppa Ottar den gjeve Siddisprisen.
Asta Beate Håland, Randi Mobæk og Ane Stø fikk statuetten tildelt av Jærbladets redaktør, Hilde Garlid.

Her kan du lese juryens begrunnelse:

Siddisprisen for 2014 blir tildelt Kvinnegruppa Ottar for innsatsen for å setja viktige kjønnspolitiske spørsmål på den politiske dagsordenen.

I vedtektene står det at "Siddisprisen deles ut til en person, gruppe eller organisasjon i Stavanger eller Sør-Rogaland som på en særskilt måte har bidratt til å skape en åpenhet og/eller debatt."

Kvinnegruppa Ottar vart stifta i Stavanger i 1991. Sjølv om gruppa nå er landsomfattande, har ho heile tida hatt sitt tyngdepunkt her. Den lokale tilknytinga viser seg også i namnet. "Ottar" var tilnamnet til Elise Ottesen-Jensen, prestedottera frå Høyland som vart ein pioner i kampen for seksualopplysning og kvinnefrigjering i Sverige.

Kvinnegruppa Ottar har gått i bresjen for å reisa ein debatt om porno, prostitusjon, kommersiell utnytting av kvinnekroppen, valdtekt og andre former for vald mot kvinner og barn. I seinare år har gruppa også engasjert seg i nye problemstillingar som surrogati og "skjønnhetstyranni".

Gruppa har stått for standpunkt som til å begynna med ofte er blitt stempla som ekstreme, men som etter kvart er blitt allment aksepterte i samfunnet. Sexkjøpslova er eit aktuelt eksempel. Kvinnegruppa Ottar har med sin samfunnskritikk gitt viktige bidrag til ei sterkare bevisstgjering omkring relasjonane mellom kjønn og makt, som i sin tur har endra den offentlege debatten omkring desse spørsmåla.

Kvinnegruppa Ottar har vore ein modig, krass og kontroversiell aktør i samfunnsdebatten. Når fjorårets prisvinnar Per Fugelli seier at norsk debatt er feig, og at "det ligg bomull over landet", er det ikkje ein kritikk som rammar Ottar. Gruppa har rista oss ut av komfortsonen med sine mange provoserande utspel og aksjonar.

Men gruppemedlemmene har også betalt ein pris for motet. Det siste året har det vore sterkt søkelys på trakassering av personar, spesielt unge kvinner, som markerer seg i den offentlege debatten. Ottar har heilt frå starten vore utsett for ein hets som går langt utover den motstand ein må venta seg når ein tar tydelege standpunkt. Kvinnene i gruppa har stått oppreist i dei mange stormane. Dermed er dei også blitt eit forbilde for andre.

Mer fra Dagsavisen