Kommentar

Å skjøna seg på Jon Fosse

Det skjer ikkje så mykje i Strandebarm. Heller ikkje i Hardanger. Eller på Vestlandet. Den tagale vestlendingen er som skapt for verdslitteratur.

Eg vedgår at eg hoppa i kontorstolen då Jon Fosse fekk Nobels litteraturpris. Som hjå nesten alle andre vestlendingar freista eg å finna fram til mine Jon Fosse-augneblink utan å ty til Wikipedia. Til alt hell las eg meg nyleg gjennom over 1000 sider i «Septologien», slik at eg med ei viss kraft kan skriva at «jau, den repeterande stilen til Fosse heng sjølvsagt saman med xxxyyyzzz» (og her kan me setja inn eit høveleg litteraturvitskapleg omgrep). Eg har til og med vore på eit par teateroppsetjingar som Fosse har skrive.

Frå no og fram til utdelinga av prisen 10. desember kan det vel ikkje vera noko pinlegare enn ikkje å ha ei Fosse-oppleving å bresa seg med? Kven fekk vel ikkje med seg utandørsoppsetjinga «Desse auga» då Stavanger var europeisk kulturhovedstad i 2008 og alle me tilskodarar hadde kvite klede på oss? Me fraus oss gjennom sumarkvelden og lo litt på heimvegen av dei patosfylte skodespelarane som på Nationaltheater-vis kom med Fosse-replikkar som: «Eg er her. Alltid er eg her. Og eg har alltid vore her, men likevel, eg må jo eingong, ha kome hit, eg kom hit, og så var eg her. Og så er eg her.» Dei siste tiåra har det knapt vore mogleg å gå forbi eit teater i Noreg, USA, England eller kvar som helst utan å ramla innom eit Fosse-stykke.

Attende til kontorstolen som eg arva etter Jon Fosse i Gula Tidend. Eg trur i det minste stolen hadde vore hans. Eg må òg vedgå at den personlege Fosse-kjennskapen min er skral, men litt kan eg flotta meg med. Me har gått på ein annan nokre gonger i bladstova til den no avlidne nynorskavisa Gula Tidend i Sverres gate i Bergen. Truleg har me òg båe vorte sjikanert av gamleredaktør Per Håland. Fosse arbeidde i Gula fram til 1983, nokre års tid før mi tid. Eg, ein bygut utan glorien av å vera bygdekul mine nynorske jamnaldringar i Bergen hadde på denne tida. Eg var berre frå bokmåls- og oljebyen Stavanger, me hadde rett nok Stavangerensemblet, men dei kule hardingane (særleg dei frå Odda) og ikkje minst sogningane hadde eit kulturelt overherredøme i Bergen på 80-talet. Dei kunne invitera inn til Storofsen-fest (markering av flaumen som øydela delar av det indre Austlandet i 1789) og drakk øl med Ragnar Hovland som om det var det mest kvardagslege i verda. Dei med ambisjonar om å skriva djupare kom seg til og med inn på Skrivekunstakademiet, der Jon Fosse underviste.

Vestlendingen har to sider; den tagale Jon Fosse- og Olav H. Hauge-typen og dei sjikanerande som nemnde Per Håland og Einar Førde. Gula-Per fekk sitt gjennombrot med VG-kommentaren «Kvifor er Oslo-folk så dumme?» alt i 1949, medan Førde – han òg frå Høyanger – var så stor i kjeften at han ikkje hadde vore mogleg i dag. «Du veit eg kjem frå den delen av landet kor det ikkje er noko som heiter høvisk tale. Det dreiar seg om grader av sjikane,» er eit dekkjande Førde-sitat. Det er i dette spennet mellom det tviegga og underdrivne ein finn Fosse. Nett som ein ser for seg gartneren Olav H. Hauge mellom trea i Ulvik, kan ein sjå ein ung, langhåra Jon Fosse gå med gitarkofferten i handa langs vegen i Strandebarm, ti mil ute i fjorden. Å skjera til epletrea eller å gå langs vegen kan gje rom for å tenkja ut av Hardanger. Å skjera til epletrea eller å gå langs vegen kan òg opna for å skjera til orda i haiku-form eller å repetera så mange gonger slik at lesaren ser at det heile tida kjem fram nye historier.

Kva er det som gjer Jon Fosse så stor at han heng der oppe med Günter Grass, Knut Hamsun og Ernest Hemingway? Berre for å slå fast det dei fleste andre alt har skrive: Dei ser det store i det litle. Det er ikkje verre. Hemingway vann Nobels litteraturpris etter å ha skrive om ein mislukka fisketur, Fosse etter å ha skrive «Septologien» om Asle som køyrer fram og attende mellom Bjørgvin og heimen sin og innimellom les Gula Tidend – og ikkje Bjørgvin Tidende – medan han sel unna måleria sine. Ut frå små hendingar skriv store forfattarar om det universelle, det menneskelege anten ein bur på Cuba eller i Noreg. Sjå gjerne innom «Min Kamp» av Karl Ove Knausgård, ein annan som gjer kunst av det kvardagslege (her må eg putta inn at arendalitten Knausgård er vestlending, han òg sidan «Sørlandet» er eit nymotens påfunn. Vestlandske Tidende kom ut i Arendal frå 1832, Sørlandsbanen skulle eigentleg heite Vestlandsbanen og vegen frå Stathelle i Telemark til Stavanger vart kalla Vestlandske Hovedvei).

Nobelprisen er ikkje minst ein finger opp i andletet til kulturbyråkratar og dei som held att på løyvingar fordi «prosjektet er for lokalt», slik nokre filmskaparar vert møtt med. Hemingway er lokalkultur frå Havanna, Fosse lokalkultur frå Strandebarm og Vestlandet. Slikt vert det verdskultur av.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra Dagsavisen