Debatt

Krokodilletårebonanza

Homofobien og transfobien breier stadig om seg og blir tydelegare, djervare og skarpare i kantane for kvar Pride som blir arrangert.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Så er vi midt oppe i det igjen. Pride. Månaden då det blir feira mangfald og vifta med regnbogeflagg i by og bygd. Men også månaden då trans- og homofobi på nytt poppar opp frå gøymene sine og viser fram sitt stygge ansikt.

Pride, denne styggedomen der homoar spring nakne rundt i gatene, der pedofile har funne seg ein arena, og der transpersonar fritt kan vandre inn og ut av garderobar og valdta over ein lav, eventuelt høg, sko.

Det er barna dei er så rørande opptekne av i år. For ikkje å snakke om seksualisering av barn. Seksualisering av barn er sjølve mantraet. Homofobar, transfobar, fundamentalistiske kristne og alle til høgre for sunn fornuft gret sine modige krokodilletårer for desse barna som blir øydelagde av Pride. På Twitter spør eg alltid folk som snakkar om denne seksualiseringa, kvar og korleis den foregår. Då får eg aldri svar. Som ein skreiv: «Eg gidd ikkje foklare det for deg, for du lyttar heilt sikkert ikkje.» Men seksualisering like forbanna. På Facebook skreiv ein annan til meg at eg ikkje fylgjer med i verda om eg ikkje ser seksualiseringa av barn og pedofili i regi(!) av Pride.

Så rørande opptekne av og bekymra for barn er enkelte av dei at dei truar med vald mot regnbogefestivalar for barn. Det skjedde i Bergen. Denne festivalen var i regi av Redd Barna. Ikkje visste eg at Redd Barna legg til rette stripping, pedofili og seksualisering av barn. Men sånn har det visst blitt no.

«Det er nok Pride no,» er ein annan gjengangar. Det dei eigentleg meiner, er at det er så altfor mykje av styggedomen. Hadde dei fått bestemme, hadde det ikkje vore eit regnbogeflagg å sjå så langt auget rekk. Då hadde det heller ikkje vore paradar. For det veit alle som aldri har sett ein parade; det er porno og naka hud over alt. Ja, og for ikkje å forgløyme; seksualisering av barn.

Nyleg deltok eg i BygdePride Ørsta-Volda. Der deltok ca to tusen i paraden. Eg såg ikkje meir naka hud der enn på Kiwi-butikken på ein laurdags ettermiddag. Det nektar enkelte å tru.

«Eg er ikkje rasist, men,» høyrer vi stadig. Det nye no er: «Eg er ikkje homofob, men». «Eg er ikkje transfob, men», er også gangbar vare. Å, nei, da. Dei har ingen ting imot homofile, for dei respekterer alle slags menneskje. Men må desse soparane vere så jækleg synlege? «Kan de ikkje bare være homofile heime på same måte som heteroar er heterofile heime og ikkje i full offentlegheit?» var det ein som spurde meg på Facebook. «Må de være så nakne og pornografiske?» er eit anna spørsmål. Og ikkje minst: «Må de vere så inn i hampen pedofile?» Ei fortalde meg at ho ikkje er imot homofile. Det er organisajonane som støttar desse menneska, det er noko gale med.

Dei har slettes ikkje imot transpersonar heller, må vite. Dei må bare slutte å insistere på at ein mann kan bli kvinne, og så må dei halde opp med å tvinge seg inn i damegarderobar overalt og valdta kvinner.

Dette er arven frå MAGA-Amerika. Der har homo- og transfobien verkeleg fått blomstre i høgreradikale, republikanske miljø. Der er dei så redde for seksualisering av barn at dei på fascistisk vis tømer skulebiblioteka for «usømmeleg» litteratur. I Florida har Guvernør og republikansk presidentkandidat Ron DeSantis innført det som blir omtalt som «Don`t say gay» i skular i delstaten. Det same skjer i andre republikanske delstatar. Ein høgreradikal talar på eit CPAC-arrangement tok, for ei tid tilbake, til orde for at transgenderisme må fjernast frå jordas overflate, og ein pastor hevda nyleg at skeive fortener å dø.

Sjølvsagt kan vi bare le av slik idioti og feie det under teppet som galimatias. «Det blir aldri amerikanske tilstandar her,» blir det hevda. Eg nektar å vere med på det. Homofobien og transfobien breier stadig om seg og blir tydelegare, djervare og skarpare i kantane for kvar Pride som blir arrangert.

I fjor skjedde det utenkelege. Under Pride skaut ein islamistisk terrorist mot skeive utanfor London Pub i Oslo. Målet var sjølvsagt å ta livet av flest muleg. Eit terroråtak som skapte redsle, sinne og fortviling. Eit terroråtak som viste at Pride er viktigare enn nokon gong. Så får -fobane bare halde på med sitt prat om seksualisering av barn. Dei galnaste av dei har til og med forsvart ugandiske tilstandar. Der har dei innført dødsstraff for homoseksuelle.

Det er nesten så eg får lyst å ta ein Navarsete og utbryte: «De har ikkje peiling på kva de snakkar om.» Dei kunnskapslause og historielause får bare sitte og gråte krokodilletårer over tastatura sine og skrive tullete kommentarar. Vi andre skal ut og vifte med regnbogeflagg, rope hurra for det store mangfaldet og sjå fobiane i kvitauget.

Mer fra: Debatt