Debatt

Høgrevridd humor

Det vekte mildt sagt oppsikt då medlem i Kringkastingsrådet for nokre år sidan etterlyste meir høgrevridd humor i NRK.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Det var for mykje radikal humor i statskanalen for enkelte. Eller «venstre­radikal sosialisthumor» som Sylvi Listhaug truleg ville ha kalla det. Om dei såg føre seg å hyre inn høgrepopulistiske tekstforfattarar for å vri humoren mot høgre, er noko uklart.

Enkelte prøver seg. Det skal dei ha. Helene Sørbu, til dømes. Frp-politikar; tidlegare ordførarkandidat i Nordre Land Kommune. Aktuell som initiativtakar til Facebook-gruppa «Oljebrølet» som har vakse seg gigantisk på nokre få dagar. Ei gruppe som fekk ein følgjar på Twitter til å sukke: «Tok en tur innom FB-gruppa Oljebrølet. Nå må jeg finne ut hvor pokker jeg la kjøkken-saksa, og så må jeg lobotomere meg selv.»

Tilbake til Helene Sørbu-humoren. For nokre år sidan kommenterte ho, i følgje fleire aviser, eit bilde av fem kvite jenter som i eit basseng sit på skuldrene til svarte menn. Bildet har påskrifta «Velkommen til Tyskland». «Det er nesten som man savner nazistene når man ser dette,» var Sørbu sin etter kvart sagnomsuste kommentar.

Ho hadde nok ikkje sett føre seg at dette skulle bli henta fram i lyset att. Då det likevel skjedde, har ho unnskyldt seg med at dette var noko ho kom på då ho dreiv og sysla med tanken på å bli stå-opp-komikar og at ho i ettertid ser at det var ei «gedigen blemme». Eg tenkjer at om det var dette ho klarte å komme opp med då ho dreiv med idémyldring til stå-opp-komikk, så er det velsigna greit at ho ikkje la ut på den karrierevegen.

Om følgjande sitat frå stå-opp-oljebrølaren er enda eit utslag av humor­idemyldringa hennar, veit eg ikkje, men utsagnet lever også sitt eige liv på SoMe: «Hva er forskjellen på rasist og rasebevisst? Har alltid sett på meg sjøl som det siste.» Vi får håpe at ho i alle fall har klart å finne ut av om ho er det eine eller det andre.

No er det ikkje slik at Sørbu er den einaste som har prøvd seg med høgrevridd humor. Sjå om ikkje sjølvaste Frp-sjefen har kasta seg på høgrehumorbølgja. Som då ho med, etter sigande, «glimt i auget» bad klimaaktivistar i gruppa Extinction Rebellion klippe håret og skaffe seg ein jobb. Ein høyrde vel ikkje akkurat latteren runge i dei gamle fjell i syningom, men ho skal ha for forsøket.

Personleg lo eg meir av han som «fotosjoppa» ei Tante Sofie-streng Sylvi Listhaug inn i eit måleri ved sida av ein langhåra Jesus. I ei snakkeboble seier ho til han: «Klipp deg og kom deg i arbeid».

Det stoppar ikkje der. Frp har moroklumpen Per-Willy Amundsen i sin midte. Ja, han ja; tidlegare justisminister i Solberg-regjeringa. Under overskrifta «Forstå kristendommen og historien» gav han oss for ikkje lenge sidan ei historieforelesing om den vestlege sivilisasjonen si overlegne særstilling i verda som det lukta svidd av.

Det at vår sivilisasjon, ifylgje Amundsen, er så suverent overlegen alt anna, takkar han kristendomen for. «Les din historie,» formanar han oss uopplyste. «Forstå hvor­­dan Vesten gjennom kristendommen skapte begreper som menneskeverd og menneskerettigheter.» Dette er ikkje haha-morosamt. Det er ikkje latter som får eventuelle tårer til å trille her. Per-Willy Amundsen er rett og slett ufriviljug komisk når han viser oss for eit latterleg kort historisk perspektiv han opererer med når det gjeld sivilisasjon. Ufriviljug komisk, for ikkje å snakke om tragikomisk, er han òg, når han utan blygsel hentar fram att vi-er-herrefolket-tenkinga frå ei ikkje altfor fjern fortid.

Men latter-fast-i-halsen-forsøk på komikk stoppar ikkje der. Stadig er ein eller annan framståande Frp-ar ute med forslag som i det minste genererer himling med auga. Som når dei skal få slutt på dei kriminelle svensketilstandane i snikislamiserte no-go-innvandrarbydelar i hovudstaden. Løysinga deira er enkel om ikkje genial; dobbel straff!

Innvandringspolitisk talsperson Jon Helgheim, og fleire med han, tar til orde for dobbel strafferamme for lovbrot utførde i Groruddalen. Dette grensar faktisk til det komiske i all sin ulogikk. Om eg skulle finne på å rane ei Frogner-frue, måtte gud forby, meiner Helgheim altså at eg fortener halvparten så streng straff som om eg ranar ei dame på Kalbakken!

Stikk eg nokon med kniv i Asker, skal eg sleppe billegare unna enn om eg gjer det same på Veitvet. Eg har faktisk lagt godviljen til for å prøve å forstå dette og også tenkt at det faktisk kan fungere som høgrevridd humor. Det er bare det at det er sagt i fullt alvor.

Ein «runner up» når det gjeld komikk av det etterlyste slaget, er Frp-politikar Maurith Fagerland i Arendal. Ho påstår at barn og unge ikkje har ei godt nok utvikla hjerne til å ta inn all informasjon i klimadebatten! Kanskje Fagerland meiner at slike alvorlege spørsmål skal overlatast til Frp?

For alt eg veit driv NRK og utviklar eit høgrevridd humorprosjekt. I så fall reknar eg med at nemnte Frp-politikarar ikkje er hanka inn som sparringpartnarar.

Det er ikkje dermed sagt at dei ikkje har humoristisk sans. Dei ler seg sikkert skakke av klimaforskarar (og barn og unge) som hevdar at nokre av klimaendringane vi opplever i dag, er menneskeskapte. Det gjer dei ganske sikker også av, i deira auge, naive politikarar som prøver å bremse opp og snu den negative klimatrenden kloden er inne i.

Mer fra: Debatt