Verden

Par krev surrogatmor ut frå krigsherja Ukraina

Russlands invasjon rystar surrogati-industrien. Gravide gøymer seg, byrå lukkar og rømer, par blir foreldre medan bombene fell. Andre vil hente ut surrogatmor for å sikre barnet.

Sarit og Alex Haiman sit på kjøkkenet heime i den israelske byen Hadera og snakkar med Olga Voytenko via pc-en. Ho bur sør i Ukraina, i den nettopp bomba atomkraftverkbyen Zaporizhzhia.

Olga Voytenko er gravid. Med barnet til Haimans.

Difor er paret svært urolege, og villige til å gjere kva som helst for å verne henne mot krigen som rasar aust i Europa.

Sarit og Alex Haiman har bede Israels utanriksminister om å hjelpe dei med å få evakuert Olga Voytenko og dei to barna hennar til eit av Ukrainas naboland, skriv Reuters.

– Dersom ho kunne komme seg over grensa, og vere trygg, ville det vere heilt fantastisk. Men ho kan ikkje gå ut, ho kan ikkje reise åleine, og ikkje med bil, noko som er svært problematisk, seier ekteparet.

Hjelpe dei gravide

Olga Voytenko, som er seks månader på veg, vegrar seg for å reise. Ho har to eigne barn, og er redd for kva som kan skje, fortel ho til Reuters.

Ole Frithjof Norheim er professor i medisinsk etikk og leiar av Bioteknologirådet. Han ser med uro på tilhøva for Ukrainas mange surrogatimødrer:

– Ei sak er klar, det er behova til dei gravide som no må komme først. Behova til dei kommande foreldra må komme i andre rekkje, seier han til Vårt Land.

Då Bioteknologirådet reviderte bioteknologiloven, sa rådet nei til kommersiell surrogati i Norge. Nordmenn kan lovleg kjøpe surrogati i utlandet.

Ingen norske par

Ukraina er mellom verdas fremste tilbydarar av surrogatmødrer, berre USA tilbyr fleire. Då Nepal, Thailand og India stengde grensene for utanlandske par som ønskjer hjelp til å bli foreldre i 2015, opna Ukraina opp.

I Norge formidlar eit byrå, Nordic Surrogacy, surrogatimødrer i Ukraina til norske par. Byrået opererer også i Sverige, Danmark og Finland.

– Me har ingen norske par i Ukraina, opplyser dagleg leiar Eduardo Afonso når Vårt Land spør kor mange norske par som i dag har surrogatiavtalar med ukrainske kvinner.

BOMBEROM: Tilsette i surrogatibyrået Bio TexCom viser fram bomberommet dei opererer i Kyiv. Her kan nyfødde opphalde seg til foreldra kjem og hentar dei.

Stiller tre krav

Årleg blir det fødd kring 2.500 surrogatibabyar i landet. Selskapet Bio TexCom, som er størst på surrogati i Ukraina, opplyser at i mars, april og mai vil det blitt fødd om lag 200 surrogatibabyar.

Ukrainas liberale bioteknologilovverk har tre krav til par som vil inngå kontrakt med ukrainske kvinner om å bere fram eit barn til dei:

Dei må vere heterofile, gifte og det må vere ei medisinsk forklaring til mangelen på eigne barn.

Landet har eit lokkemiddel til: Pris.

Medan det kan koste vel 100.000 dollar å få eit barn med ei surrogatmor i USA, er prisen nesten det halve i Ukraina.

Det er behova til dei gravide som no må komme først. Behova til dei kommande foreldra må komme i andre rekkje

—  Ole Frithjof Norheim, leiar av Bioteknologirådet

Får ikkje henta barn

Russlands invasjon av Ukraina skakar surrogati-industrien, fortel medierapportar:

  • Gravide kuttar kontakten med surrogatibyrå, dei gøymer seg for å vere trygge.
  • Surrogatibyrå stengjer ned, tilbake står gravide kvinner som ikkje får kontakt med para som skal bli foreldre.
  • Par som har komme til landet for å vente på at deira barn skal bli fødde, kjem seg ikkje ut av landet med barnet.
  • Par som skal hente, kjem seg ikkje inn i Ukraina, byrå må ta hand om barna inntil vidare.
  • Surrogatimødrer vil ikkje flytte til trygge bustadar vest i landet, langt frå familie og nettverk.
  • Gravide bur seg på å fø i bomberom, ikkje på klinikkar.

Hardt press på byrå

Susan Kersch-Kibler, dagleg leiar i byrået Delivering Dreams, har 14 gravide surrogatimødrer i Ukraina i dag. Ho fortel Kristeligt Dagblad at presset mot henne, frå para som skal bli foreldre, er knallhardt. For alle vil ha dei gravide ut av Ukraina, slik at dei kan føde i eit trygt land:

– Fort det første er det fysisk utfordrande å flytte ei gravid kvinne over lange avstandar, og så la henne vente i ein kø ved grensa. Tenk om fødselen starta midt ute i ingenmannsland. Og for det andre; så vil dei ikkje reise.

Kersch-Kibler fortel også om gravide som ikkje kjem i kontakt med byrået dei er hyra inn av, og som har kontakten med dei utanlandske para som skal bli foreldre:

– Det er surrogatimødrer som ikkje finn foreldre og omvendt.

Kom for seint

Paret frå Australia kom for seint. Russland hadde byrja å bombe Ukraina då deira nyfødde son skulle hentast i Kyiv. Paret måtte ta seg inn i Ukraina og møte byrået som kom med sonen.

– Alt skjedde så raskt. Byrået vårt gav oss papira og forklarte alt saman medan me køyrde mot grensa. Me hadde ikkje tid til å reflektere over den store hendinga.

På ein parkeringsplass vest i Ukraina blei dei foreldre, fortel Sydney Morning Herald, som har møtt paret som må vere anonyme fordi det er ulovleg i tre delstatar i Australia å kjøpe kommersielle surrogatitenester utanlands.

No oppheld paret seg i Polen og prøver å få eit pass til sonen, slik at dei kan reise heim.

Ber om statleg hjelp

14 irske par skal få barn i Ukraina frå mars til mai, melder Independent. Para som ikkje evnar å hente ut barnet fordi det er krig, må betale kring 900 kroner dagen i pleiepengar fram til dei kan komme til Ukraina og bli foreldre.

Ukrainsk lov seier at begge må komme, ikkje berre ein forelder.

Heime i Irland ber ein rikspolitikar om at den irske staten hjelper foreldra med kostnadane fram det blir mogleg å hente ut barna.

PANDEMI: Våren 2020 skapte koronapandmien strenge reiserestriksjonar. Fordi ingen par kunne få hente barn i Ukraina, måtte byrået Bio TexCom stelle kring 50 barn i lengre tid

Høveleg betalt

Å vere surrogatmor er lukrativt for mange ukrainske kvinner. I Ukraina ligg snittløna på vel 8.000 kroner i månaden.

Bio TexCom opplyser på eiga heimeside at prisen på surrogatiprogramma deira spenner frå vel 300.000 til 700.000 kroner. Albert Tochilovsky, som eig og driv Bio TexCom omtalar verksemda som «medisinsk turisme».

Kvinnene som vel å bere fram andres barn, får ein eingongssum på 15.000 dollar - eller nesten 150.000 kroner - når barnet er fødd. Under graviditeten får dei rundt 3-4.000 kroner per månad.

Denne artikkelen ble først publisert av Vårt Land.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen






Mer fra Dagsavisen