Politikk

Bønn frå Sp-ordførar: – Nekt oss å kutta i sosialhjelpa

Siri Blichfeldt Dyrland er ordførar i ein av dei 238 kommunane som kuttar i sosialhjelpa til barnefamiliar. Ho ber eige parti og regjeringa innføra eit forbod mot praksisen.

To av tre norske kommunar kuttar i sosialhjelpa til familiar som får barnetrygd. Dette trygdegrepet er omstridd, men vil kosta rundt ein halv milliard kroner å få ein slutt på.

Sp-ordførar Siri Blichfeldt Dyrland i Midt-Telemark vil at hennar eiga parti skal forby praksisen.

Midt-Telemark er blant kommunane som kuttar i sosialhjelpa til barnefamiliar.

– Den nye regjeringa med Ap og Sp vil redusera dei sosiale forskjellane. Då håper eg at dei vil vurdera eit nasjonalt forbod. Eg vil bruka mine kontaktar i Sp på Stortinget for å få dette inn i budsjettarbeidet, seier Siri Blichfeldt Dyrland.

Ho viser til at Senterpartiet har programfesta at barnetrygd skal haldast utanfor ved utrekning av sosialhjelp.

Fattig kommune tek frå dei fattige

Siri Blichfeldt Dyrland håpar eit nasjonalt forbod blir følgt opp med kompensasjon til kommunane.

– Når to av tre kommunar kuttar slik i sosialhjelpa, tyder det på at kommunane har dårleg økonomi. Eg håper den nye regjeringa vil gje støtte til kommunar som sluttar med praksisen, eller at den styrkjer kommuneøkonomien på generelt grunnlag.

Sp og SV i Midt-Telemark har fleire gonger prøvd å få ein slutt på praksisen. Forsøka strandar på prislappen: Minst tre millionar kroner i året.

– Me er i ein tøff økonomisk situasjon, og står i fare for å hamna på Robek-lista, fortel Sp-ordførar Dyrland.

Robek-lista er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse.

I tillegg møter kommunen ei utfordring i at den har felles Nav-kontor med Nome kommune. Nome kuttar i sosialhjelpa på same måte som Midt-Telemark.

Siri Blichfeldt Dyrland ber eige parti jobbe for eit nasjonalt forbod. Her er ho saman med Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Over 65.000 barn i sosialhjelp-familiar

Over 65.000 barn veks opp i familiar som tek imot sosialhjelp, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Mange av dei lever i familiar som får mindre sosialhjelp på grunn av at foreldra får barnetrygd. Mellom dei er rundt 50 familiar i Midt-Telemark.

– Eg synest det er veldig feil. At dei som har lite, skal få veldig lite. Det er veldig sårt at me ikkje får til å slutta med dette, seier Siri Blichfeldt Dyrland.

Ei utrekning E24 har gjort, viser at delen fattige barn er høgare i dei 238 kommunane som kuttar i sosialhjelpa, enn dei som ikkje gjer det.

---

Barnetrygd

Universell barnetrygd vart innført i Noreg i 1946.

Barnetrygda er ei overføring til alle familiar frå barnet er 0 til 18 år. Pengane skal vera ein kompensasjon for ekstra utgifter ved å ha barn.

Norske kommunar kan rekna barnetrygd som ein del av inntekta til folk som får sosialhjelp. Det fører til eit kutt i sosialhjelpa.

Sosialhjelp blir utbetalt av kommunane og skal dekka heilt grunnleggjande behov.

---

Barnetrygd splittar den nye regjeringa

I Hurdalsplattforma kjem det fram at den nye regjeringa vil jamna ut skilnadar i levekår, sikra sosial mobilitet og førebyggje barnefattigdom. I erklæringa blir ikkje barnetrygd nemnt.

Barnetrygd splittar dei to partia i regjering. Sp vil i partiprogrammet auka barnetrygda og sikra at denne skal haldast utanfor ved utrekning av sosialhjelp. Ap vil halda den på dagens nivå.

Den nye Ap/Sp-regjeringa har peika på SV som føretrukken budsjettkamerat.

SV har programfesta at dei vil halda barnetrygd utanfor i utrekninga av sosialhjelp.

– Det er veldig trist at kommunar held fram med denne praksisen. Barnetrygda skal vera der for dei som treng det mest, seier nyvald SV-representant på Stortinget, Kathy Lie.

SV har programfesta at dei vil halda barnetrygd utanfor i utrekninga av sosialhjelp. Kathy Lie (ståande, til venstre) kan ikkje garantera at SV vil sette hardt mot hardt i akkurat denne saka.

SV: Håper å snu regjeringa, men gjev ingen garantiar

Kathy Lie kan ikkje garantera at SV vil sette hardt mot hardt i akkurat denne saka.

– Me jobbar med vårt alternative budsjett, som blir vårt forhandlingsdokument opp mot regjeringa. Det blir klart i starten av november. Eg kan ikkje seia noko om kor me landar. Det blir ein diskusjon om kva me skal prioritera. Eg håper me skal få det til, i alle fall på sikt.

Ho fortel at alle fraksjonane i SV speler inn sine viktigaste saker til det alternative budsjettet. Ho seier at stans i avkorting av sosialhjelp mot barnetrygd blir hennar viktigaste felt, som representant i familie- og kulturkomiteen.

– Denne politikken går ut over dei aller fattigaste. Det kostar ikkje så innmari mykje å få ein slutt på det heller.

Vil kosta kommunane rundt ein halv milliard

I ein ny rapport frå Redd Barna kjem det fram at mange kommunar fortel at svak økonomi er ein viktig grunn til at dei kuttar i sosialhjelpa til barnefamiliar.

Redd Barna vil ha eit nasjonalt forbod mot å rekna barnetrygd som del av inntekt til foreldre som får sosialhjelp.

Debatten om dette trygdegrepet går føre seg rundt om i kommunestyre over heile landet.

I oktober 2018 rekna Arbeids- og sosialdepartementet på kostnaden ved å forby dette. Dei fann ein meirkostnad for kommunane på 430 millionar kroner.

For staten sin del vil det kosta 360 millionar kroner å kompensera kommunane for bortfallet av inntekter.

Anslaga er usikre. Departementet peikar på at ein del kommunar vil kutta i stønad til barns livsopphald om dei sluttar å ha med barnetrygd i utrekninga av inntekt. Då blir dei faktiske meirutgiftene til kommunane, lågare.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra Dagsavisen