Nyheter

Ropstad går ikkje av – avviser at bråket skuggar for partiet KrF

Kjell Ingolf Ropstad legg seg flat etter avsløringa om skatteplanlegging. Han nektar likevel for at det øydelegg for bygginga av KrF – og svarer ikkje på omdømme-skade.

På ein hasteinnkalla pressekonferanse fredag, orsaka KrF-leiaren at han har drive aktiv planlegging for å unngå skatt på fordel ved statsrådsbustad. Han er derimot tydeleg på at han held fram som både KrF-leiar og statsråd, som Vårt Land melde tidlegare fredag.

Det var Aftenposten som avslørte at Ropstad har unngått å betale 175.000 kroner i skatt. Statsråden innrapporterte leigeutgifter for rom heime på Moisund i Agder, utan at han faktisk betalte foreldra.

Under pressekonferansen orsaka Ropstad og var lei seg. Men i intervju med Vårt Land i etterkant, vil ikkje KrF-leiaren vere med på at den nye skattesaka og bustadbråket for kort tid sidan, skuggar for det politiske arbeidet.

– Men det er min jobb no å bygge opp tillit, seier Ropstad.

Statsminister Erna Solberg (H) seier at det er uheldig at Ropstad ikkje retta opplysningane i eiga skattemelding.

– Eg opplever at han er oppriktig lei seg for det som har skjedd og at det gjekk i gløymeboka då han trudde det ikkje betydde noko. Vi må vere forsiktige med slike ting, sa Erna Solberg fredag, og svarte ja på spørsmål om ho har tillit til Ropstad.

Statsminister Erna Solberg måtte svare på spørsmål om Ropstads boligsak etter møtet i Høyres sentralstyre fredag. Foto: Heiko Junge / NTB

Person, parti og djupt orsaking

På eit podium omkransa av pressefolk, svarer Ropstad i tur og orden på spørsmål som skaper heilt andre krevjande overskrifter om KrF enn valkollapsen for få dagar sidan.

KrF-leiaren svarer ikkje direkte på kvifor han har gjort skattegrepa.

– At du sjølv har drive aktiv skatteplanlegging: Kva slags skuggar kastar dette over kampen til KrF for dei som slit med kvardagsøkonomien?

– Eg forstår at det er mange som er skuffa over det eg har gjort. Derfor er eg veldig tydeleg på at eg no orsakar dette.

–Men korleis skuggar den saka for dette?

– Saka handlar om meg som person – ikkje partiet. Eg er veldig lei meg for det som er gjort.

Les også: «Leit for partiet», sier KrF-nestleder. «Heksejakt på Ropstad», mener fylkesleder

Rapporterte ulikt i 2019 og 2020

Tidlegare i september, rundt éi veke før stortingsvalet, kom det fram at Ropstad hadde vore registrert på guterommet i Agder. Det gjorde at han fekk gratis pendlarbustad i Oslo mellom 2010 og 2019.

Den nye avsløringa til Aftenposten fredag, handla om bustaden Ropstad fekk då han blei statsråd i 2019. Då måtte han for første gong rapportere kor vidt han hadde utgifter knytt til bustaden på heimstaden.

Først opplyste Ropstad til Statsministerens kontor (SMK) at han ikkje hadde utgifter på heimstaden, noko som gjorde at Ropstad fekk ein skattesmell på 140.000 kroner. Året etter, i 2020, opplyste han til SMK at han hadde utgifter knytt til huset til foreldra. Det gjorde at han unngjekk å betale 175.000 kroner i skatt. KrF-leiaren innrømmer å ha tatt aktive skattegrep.

– Burde ikkje du i ei rolle som partileiar heller vore meir opptatt av å ikkje utnytte fordelar i eit system?

– Eg har sjølv eit stort personleg ansvar i denne saka. Samstundes har eg vore open overfor Stortinget og Statsministerens kontor (SMK). Når tolkinga av regelverket var som den var, vurderte eg det som betre å betale desse utgiftene til mine foreldre. Og det burde eg ikkje gjort, svarer KrF-leiaren.

Ønskte å nyansere

Problemet var at Ropstad aldri betalte utgifter for det famøse guterommet i Agder. Under pressekonferansen ønskte KrF-leiaren å komme med eigne vurderingar kring skatteplanleggingssaka. Han fortalde at han var usikker på regelverket då han fekk statsrådsbustad, og gjekk i dialog med SMK og Skatteetaten.

– Gjennom året tok SMK kontakt med meg igjen og sa at etter dialogen med Skatteetaten, så hadde dei endra oppfatning om kor vidt bustaden var skattepliktig eller ikkje. Då blei eg fortalt at det ikkje var skattepliktig, uavhengig av utgifter knytt til folkeregistrert adresse eller ikkje, sa Ropstad.

KrF-leiaren avtalte då med foreldra at han likevel ikkje skulle betale faste utgifter. Det blei ikkje meldt inn til SMK.

– Eg ser at eg skulle meldt ifrå i dette skjemaet, om at eg likevel ikkje betalte utgiftene, sa Ropstad, og slo fast at han skal betale tilbake alt han skuldar.

Skatteekspert etter Ropstad-avsløring: – Nå er det for mye. Praksisen på Stortinget skader tilliten til vår høyeste institusjon

– Eg er vald for fire år

I forkant av Ropstad sitt møte med pressa, låg KrF-toppane lågt: Få ville kommentere det nye smellet om partileiaren – og økonomiske fordelar.

Ropstad sjølv er klar for å halde fram som partileiar – og stå i statsrådsjobben dei siste vekene før ny regjering kjem.

– Men dersom det no dukkar opp spørsmål internt i KrF om du er den rette til å leie partiet i fire år framover. Kva seier du til det?

– Tillit er ikkje noko eg kan krevje, verken av partiet eller veljarane. Det må eg berre gjere meg fortent til. Og eg skjønar at eg har skuffa mange. Og så er eg veldig motivert for oppgåva, svarer Ropstad og poengterer:

– Eg har stor tru på partiet, ikkje minst fordi vi har ei krevjande og veldig viktig oppgåve i det nye Stortinget. Den rolla kjem eg til å fylle, uansett.

– Men kan du i Stortinget faktisk fylle den rolla? Når det no hefta så mykje med motivasjonen for å gjere desse skattedisposisjonane?

– Eg er vald til Stortinget for dei neste fire åra. Og eg kjem til å kjempe for politikken til KrF der, uansett.

Ønskjer ikkje svare på omdømme-skade

Først bustadsaka, så denne om statsrådsbustad: Har du ikkje skadd omdømmet til partiet KrF?

– Eg skjønar at mange er skuffa over desse sakene. Så er det min jobb å bygge opp tillit, erkjenner han.

– Eit viktig spørsmål for mange er: Kvifor dreiv du med disse disposisjonane?

– Fordi at eg då vurderte det som betre å betale utgiftene, som foreldra mine i utgangspunktet ikkje ønskte at eg skulle betale, og derfor har eg ikkje betalt, er det svaret Ropstad gir Vårt Land.

– Men kvifor dreiv du med å tilpasse slik du har gjort?

– Når det gjeld pendlarbustaden var eg open overfor Stortinget. Og er takknemleg for at eg fekk tildelt den. Men i 2020 skulle eg ikkje gjort den vurderinga, der eg heller ville betale utgiftene, enn at pendlarbustaden blei skattepliktig, svarer han.

Solberg ønskjer ikkje å spekulere

Statsminister Erna Solberg (H) seier det er uheldig at Ropstad ikkje retta opplysningane i eiga skattemelding. På ein eigen pressekonferanse sa ho at det første og viktigaste er å rydde opp, at Skatteetaten får vurdert saka, og at Ropstad må betale eventuell skatt tilbake.

Solberg blei konfrontert med utsegner frå Ropstad, om at han har sagt at han hadde til føremål å unngå å betale skatt, ved å ha utgifter heime. Spørsmålet var: Er det i samsvar med å vere i statsråd i Solberg-regjeringa?

– Eg meiner vi må passe på at vi følgjer intensjonen i reglane.

– Men han har valt med overlegg å rapportere om utgifter heime for å unngå skatt?

– Ja, men du må ha reelle utgifter og så må Skatteetaten vurdere denne skattesaka hans, svarte Ropstad på spørsmål frå Aftenposten.

– Kva signaleffekt har det at ein statsråd prøver å utnytte regelverket til eigen fordel? Dette handlar om statsråden som har ansvar for barnefattigdom, spurte Vårt Land.

– Eg meiner det er viktig at vi er innanfor regelverket på ein god måte som politikar. Eg har ikkje tenkt å svare på alle slike spørsmål om kva det kan bety for ulike ting, svarte Solberg.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen








Mer fra Dagsavisen