Nye takter

Rekord-festivalen

Kongsberg Jazzfestival held stadig stillinga som den største jazzfestivalen i Norge. Gjeld det også musikalsk?

Kongsberg (Dagsavisen): Når det gjeld storleiken, passerte årets billettsal fjorårets før festivalstart. Konsertane har kome tett som hagl i byen som no og då også fekk ein regnskvett. Når det gjeld profilen, tek eg meg som garva deltakar ikkje nær av Kygo-syndromet, som ikkje uventa dukka opp i media. Den 52. jazzfestivalen i byen starta med Pat Metheny, som eg første gong intervjua då han var ung leiar for elektriske Pat Metheny Group. Verdas kanskje mest-turnerande musikar fylte Kongsbergs nye storstove til randa med ein sikker vinnarkvartett, med Anthony Sanchez på trommer, Linda Oh på bass og Gwalym Simcock på piano. Men for meg kom vinnaren rett etterpå, med saksofonist Hanna Paulsberg og bandet hennar med den beste konserten sin nokosinne.

I festivalens intime kjellarklubb overgjekk ho og bandet seg sjølv framfor eit fjetra publikum, med ein saksofonist eg har samanlikna med Sonny Rollins, og som fekk kvartetten til glitre med Oscar Grünberg piano, Hans Hulbækmo trommer og Trygve Fiske på bass.

Herfrå blir det glimt frå første halvdel frå ein festival struttande av arrangement for store og små, med scena Jazzboksen midt i sentrum open for nye musikantar. Eg kan bevitne at det unge bandet Skadedyr fekk Smeltehytta til å smelte, at bassist Arild Andersen og storbandet Denada gav oss ei stor oppleving, før Bugge Wesseltoft med sitt kvinnesterke ensemble i New Conception of Jazz, tok kvelden ut med dundrande suksess. Den medvitne satsinga på eit kunstnarisk tredelt repertoar, men på like høgt nivå, er ein tydeleg suksess.

Legg til at festivalen er invadert av eksotiske gatekjøken frå den eine sida av Lågen til den andre. At prosjektet Bebop & Business skal syte for at samverknaden mellom butikk og musikk fungerer. Når du les dette er siste dag like breiddfull av stor jazz. Med kveldens siste velsigning frå Sun Ra Arkestra: «Space Is The Place».

Mer fra Dagsavisen