Nye takter

Orkesteret der alt er lov

Erik Nylander er grossist i trommejobbar. I kveld debuterer han med sitt eige orkester, og tittelen seier at alt er lov.

«A festa vale tudo» er portugisisk for «Festen der alt er lov». Den svenskfødde trommeslagaren Erik Nylander (28) som poserer på eit bilete frå Brasil, har etter jazzstudiane i Trondheim gjort nordmann av seg, og leverer eit debutalbum som smakar fugl. Den næraste musikalske slektskapen blant alle dei andre banda han spelar i, er i trio med organist og synth-traktar Steinar Nickelsen på albumet «Corrupted Mirror». Men Erik Nylanders Orkester er ein sekstett, og det blir det andre bollar av på eit album med den unge vokalisten Hanna Gjermundrød på opningssporet, i eit vakkert, lyst musikalsk landskap. Ho skal komme til å markere seg sterkt gjennom heile plata. Tittelsporet etterpå er med tunge trommer og basslyd i botnen. Dei andre som er med i bandet er Ole Morten Vågan på elbass, Espen Reinertsen saksofon, Eivind Lønning trompet og Petter Vågan på lap steel og gitar. Det er eit band frå øvste hylle av unge musikarar som dei siste åra har markert seg sterkt i fleire samanhengar, med Vågan nærmast for veteran å rekne. Eit tredje spor har eit blåsartema som intro, med Gjermundrød aktiv i å lage sitt eige musikk- og lydspråk, til låten «Drum, as in a cylinder spinning». Den frie bruken av stemme og strupe har Sidsel Endresen bana veg for, men Gjermundrøds sterke uttrykk er så absolutt hennar eige, som i den vakre «Svan Song». Alt saman på eit album som boltrar seg vidare i alle slags musikk- og lydeksessar. Det meste av låtane er signert Nylander, andre har levert sitt, referansane til Sigur Rós og Jim Black forstår andre seg på betre enn meg, men her er tolv spor å gle seg til. Det er færre enn talet på band Nylander spelar i, band som Bjørn Alterhaug Quintet, Kirsti Huke kvartett, Kobert, Ola Kvernberg Trio, Nickelsen/Nylander/Strømme, Peloton, Magic Pocket, Tore Brunborg Trio. Med «Salvador» tonar det ut, etter ein by i Brasil, på eit album av verkeleg format.

Erik Nylanders Orkester har konsert på Nasjonal Jazzscene i Oslo i kveld.

Sonisk samling

Eivind Aarset & The Sonic Codex Orchestra er det fulle bandnamnet til gitaristen som med albumet «Live Extracts» har samla nokre av sine beste liveopptak frå europeiske festivalar. Mange kjenner Aarset som mangeårig medarbeidar i bandet til Nils Petter Molvær, men han har eit stort namn i Europa etter mange konsertar med sitt eige orkester. Han skriv sjølv at han elskar å spele live, for det er då han spelar best. Etter fire album i eige namn var tida mogen for eit heilt live. I dagens soniske orkester spelar Aarset, Gunnar Halle (trompet), Bjørn Charles Dreyer (gitar), Audun Erlien (bass), Wetle Holte (trommer) og Erland Dahlen, og opptaka er frå jazzfestivalar i Moers, Dortmund, Leipzig og Roma, pluss eit liveopptak frå bassist Erliens eige studio. Det er mektig musikk som krev stort volum, så det er berre å opne gluggane for ein livekonsert der du er. Syt for nabovarsel, så kjem det fleire.

Engel med støy

Om du lyttar til musikken til det dansk/norske bandet Angel, blir du møtt med utfordringa å definere musikken innan dei eksisterande stilartar, står det i introduksjonen til bandet der Håkon Berre er den norske trommeslagaren, Stephan Sieben og Adam Pultz Melbye er gitarist og bassist frå Danmark. Personleg tykkjer eg valet er lett, om vi kallar støy ein stilart. Like fullt insisterer utgjevaren på at gjennom den kompromisslause tilnærminga av fri improvisasjon med energien og det fysiske, og med rein og skjær «loudness» i ein akustisk kontekst, avdekkjer Angel nytt land innan improvisert musikk. Slik står det, men etter å ha høyrt fleire støyband må eg gje uttrykk for skepsis til påstanden om kor mykje nytt land som blir brote med denne platedebuten. Grunnarbeidet tek tid, men med tid og stunder blir det meir opning i landskapet, og eg vil ønskje debutantane lukke til i sitt vidare strev.

Erik Nylanders Orkester
«A Festa Vale Tudo»
Parallell (Musikklosen)

Eivind Aarset & The Sonic Codex Orchestra
«Live Extracts»
Jazzland (Universal)

Angel
«Angel»
Ilk Music (VME)

Mer fra Dagsavisen