Nye takter
I Frisells rike
Bill Frisell (57) må vere ein av dei mest mangslungne musikarane som er fostra opp i den amerikanske jazzheimen. På dobbeltalbumet «History, Mystery» spring han ut i full blomst.
Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Omstenda dei to platene vart til under, er i seg sjølv døme på kva denne multikustnaren av ein gitarist steller med. Først er vi med han i musikk han skreiv til eit multimedieprosjekt biletkunstnaren Jim Woodring inviterte han med på, kalla «Mysterio Sympatico». Det andre er musikk skrive til radioprogrammet «Stories From The Heart Of The Land», sendt i 2007. Til å spele inn alt dette i studio eller live samla Bill Frisell ein oktett av sine beste medmusikantar, med ei typisk Frisell-besetning: Gitar (Frisell), kornett (Ron Miles), saksofon (Greg Tardy), fele (Jenny Scheinman), bratsj (Eyvind Kang), cello (Hank Roberts), bass (Tony Scherr) og trommer (Kenny Wollesen). Resultatet er ein frodig miks, elta saman av ein kunstnar som ein periode fekk ord på seg for å vere ein slags musikalsk heimstaddiktar, med country- og hillbilly-inspirerte utgjevingar som «This Land», «Nashville», «Good Dog Happy Man» titlar som mana fram bilete av prærien, livet og landskapet langs endelause highways.
Men heilt sidan mannen med den skreive gitartonen slo seg på jazzen gjennom ECM, der han tidleg samarbeida med både Arild Andersen og Jan Garbarek, har han manifestert seg ikkje berre gjennom plater frå dette tusenår med Elvin Jones, Dave Holland, Ron Carter og Paul Motian, men med tallause andre konstellasjonar, der han har alliert seg musikarar frå alle leirar. Alt dette og mykje meir speglar seg att på dette dobbeltalbumet, med trådar til alt frå frijazz via bebop til «klassisk», blues og country. «History, Mystery», det er det det er!
I tubaland
Sprek musikk framført på tungrodde horn fascinerer, og blant jazztubaistane rår ikkje brassbror Stein Erik Tafjord lenger grunnen. På «Fabatune» herskar Lars Andreas Haug på eit gnistrande album, saman med fagottist Embrik Snerte og trombonist Øyvind Brekke, alle like spreke, og med Mats Eilertsen på bass og Per Odvar Johansen på trommer. Det finst truleg flust av tubavitsar i musikkkrinsar, men kva bryr vel Haug og Co seg om det, der dei legg i veg på «Knut The Mechanic» for deretter å servere det eine arrangementet like elegant som det andre, både gjennom balladar, «klassiske» stykke og nokre musikalske fartsprøvar. Det er eit album til å skape stemning med i alle slags lag. Både strupestemma og tubatonen til Lars Andreas Haug fekk vi først kjennskap til gjennom samarbeidet med Live Maria Roggen i duoen bak «Tu'Ba» i 1998. Sidan har vi lært han betre å kjenne gjennom samarbeidet med Helge Lien og Torben Snekkestad i Tri O'Trang, som har fire album på samvitet, gjennom Akku Akku og andre konstellasjonar. I 2005 skreiv han sjølv musikken til «Vinterfjøs» med bassist Mats Eilertsen, Per Odvar Johansen og Trygve Seim, ein forløpar til «Fabatune», der fagotten verkeleg set ein ekstra spiss på det heile. Songtitlar som «Slanted slightly backwards with glass in hand» vitnar også om litterær oppfinnsemd, men det er musikken som tel. Også på tuba.
Blade runner
Når trommeslagar Brian Blade kjem med eige album spissar vi øyrene. «Season of Changes» er ein tittel han kunne gått inn i valkampen for Barack Obama med, med sjølvskriven musikk frå ein som frå før har gitt ut berre to album sjølv, men som var med på alle dei andre. I alle fall verka det slik når han stadig var å høyre med Brad Mehldau, Joshua Redman og andre, før han nådde toppen som medlem av det nye bandet til Wayne Shorter saman med Danilo Perez og John Patitucci, og dessutan kunne notere Norah Jones i avtaleboka. Brian Blade Fellowship gav ut sitt første album i 1998, «Perceptual» kom to år etter, saksofonistane Melvin Butler og Myron Walden har vore med sidan starten saman med pianist Jon Cowherd, mens gitarist Kurt Rosenwinkel er den viktigaste nyvinninga, når Blade framleis leverer varene med «Seasons of Change».
Bill Frisell
«History. Mystery»
Nonesuch (Warner)
Lars Andreas Haug
«Fabatune»
Curling Legs (Musikkoperatørene)
Brian Blade & The Fellowship
«Season of Change»
Verve (Universal)