Nye takter

Jazz i fri flyt

Med seg i bandet hadde han Maria Joao den portugisiske kruttønna av ein songfugl som krydra musikken med alt frå musestemme til song av verkeleg full hals med eller utan tekst. Ved sida stod trompetist Mathias Eick ein av konsertens store solistar i eit todelt verk som var denne festivalens store konsertoppleving så langt. Joao har vitja Norge mange gonger først med den koreanske pianisten Aki Takase seinare med landsmann Mano Laginha som fast tonefølgje mellom anna med Stavanger Symfoniorkester.

– Eg bestemte meg tidleg for at eg ville ha henne med og det har vore ei utfordring både for henne og oss andre ettersom ho ikkje les notar. Men når ho første lærer ein song legg ho sjela i han som ingen annan og eg skreiv også musikk til tekstar ho syng på portugisisk og xangana som stammar frå Mosambik seier Hoff. Pianisten frå Bodø har vore profesjonell musikar i 25 år har fire jazzplater på baken med ein kvartett han starta på nittitalet og med utdanning i både klassisk musikk og jazz bak seg har han tidlegare skrive verk for festivalar med innslag av både kor orkester og jazzband ikkje minst til dei nordnorske festspela i Harstad. Det første utanlandske idolet han spela med var Chick Corea og konserten med Pat Metheny i Molde var eit av høgdepunkta i konsertrekkja til den residerande festivalartisten i 2002 med musikk frå repertoaret til Pat Metheny Group.

Sterkt format

– Det var ekstra sterkt å oppleve korleis trommeslagaren på den konserten Audun Kleive fekk Metheny til å ta heilt av seier Hoff. Kleive har vore med i kvartetten som gav ut den første plata i 1992 saman med bassist Bjørn Kjellemyr og saksofonist Knut Riisnæs som halvvegs vart avløyst av Tore Brunborg.

– Dei er musikarar av verdsklasse alle saman seier Hoff som på Voss fekk trommefølgje av Helge Norbakken som på kort varsel tok over for Finn Sletten. Til gjengjeld har Norbakken vore den faste trommeslagaren til Maria Joao i ti år. Dei andre musikarane i går var Ståle Storløkken Eivind Aarset Bjørn Kjellemyr Rune Arnesen Bergmund Skaslien (bratsj) og Ivar Kolve (vibrafon).

– Verket er ein kommentar til den globale situasjonen. Tsunamien kom midt i skrivinga og har uvegerleg sett sitt preg på verket. Eg kan ikkje skrive musikk som ikkje råkar meg personleg og målet må vere å bli betre for kvar gong. Dette det beste eg har laga så langt seier Hoff som hadde sin første konsert på Voss i 1995.

Sterke stemmer

Den 32. Vossa Jazz-festivalen opna fredag med Zap Mama der Marie Daulne meir og meir er primadonna i eit supersonisk band som ein gong starta med fire jenter med europeisk-afrikansk bakgrunn som song a cappella. Men opningsdagens største vokale og musikalske oppleving var med kvinnene bak namnet «Stemmenes Skygge». Kirsten Bråten Berg Lena Willemark og perkusjonist Marilyn Mazur gjekk på scena med fersk plate i bagasjen og krona kvelden med berre halvparten av dei 35 versa i kvadet om Valivan. Det ein songduo som også trakterer munnharpe og fele som vekslar mellom nordiske dialektar i eit sterkt tonespråk med Marilyn som unik stemningsskapar.

I går opna Erlend Skomsvoll dagen knallsterkt med solokonsert for piano spade støvsugar m.m. og lyddesign av David Solheim med Jakob Sandes dikt «Likfunn» med tonefølgje som ekstranummer. Det har vore fem plateslepp på denne festivalen. Ein av plateutgjevarane er Berit Opheim som går fekk Vossa Jazz-prisen for 2005. Den 32. jazzfestivalen på Voss blir avslutta i dag.

Mer fra Dagsavisen