Kultur

Med Sly & Robbie i kompet

MOLDE (Dagsavisen): I kveld spelar han med verdas mest kjende «komp», frå Jamaica. Sly Dunbar spelar bass og Robbie Shakespeare gitar, og sidan syttitalet reknar ein med at dei to har spelt på eller vore produsentar for 200.000 plateinnspeingar kloden rundt. Med i turné-bandet er også Molværs mangeårige medspelar Eivind Aarset og finske Vladislav Delay på live sampling og keyboards.

– Mindre jålete folk skal du leite lenger, seier Molvær på telefon frå Wien, då bandet er på europaturné med destinasjon Istanbul neste. I kveld spelar dei i Molde.

Følg oss på Twitter og Facebook!

Hjarteslag

– Eg var inviterte til Indonesia og møtte ein som arbeidde for Sly & Robbie. Dei spelte med Black Uhuru. Sjølv høyrde eg dei første gongen på Sardine's i Oslo og har vore stor fan sidan. Med folk som Grace Jones, Joe Cocker og tallause andre på merittlista er Sly & Robbie på ein måte hjarteslaga i musikken, og dei bur framleis på Jamaica. Vi øvde i fem dagar med det nye bandet før vi drog på turné.

– I landskapet mellom Beatles og Stones, kvar er du?

– Ingen stader for eg likar alt mogleg når det gjeld musikk. Berre når det gjeld Barcelona og Real Madrid i fotball er eg kategorisk for Barca.

Samarbeidet

– Korleis oppstår musikk mellom dykk i bandet?

– Av seg sjølv på ein måte, som når Robbie byrjar å syngje eit tema frå Pink Floyd, og vi er i gang. Nokre av låtane kan vere mine, som «Solid Ether», eg og Eivin gjer duo-ting saman. Det blir ein miks der stadig nye låtar dukkar opp, og Ladislav Delay samplar og sender attende.

– Publikum likar det dei høyrer?

– Det verkar som dei er veldig lukkelege.

LES OGSÅ: Til Molde med Northug-hyllest

Molvær no

I 2011 gav han ut albumet «Baboon Moon», i fjor kom «Switch» med Geir Sundstøl, Erland Dahlen og Morten Qvenild, eit album der mykje av det han har gjort før i denne medarbeidarens auge gjekk oppi ein høgare einskap.

– Kvar er du no?

– Der eg har vore heile tida. Då dette tilbodet kom var det berre å setje i gang, og neste år skal vi turnere i Asia. Sly & Robbie får med kva musikarar det skal vere, og for meg personleg er dette utruleg sterkt å vere med på. Etter det siste soloalbumet har eg mellom skrive ballettmusikk, til ei Ibsen-førestilling, til ein installasjon vist på ein Schumann-festival i Brussel som skal framførast Ekeberg-skogen under Ultima-festivalen, musikk til nasjonalballetten, ei danseførestelling i Nord-Trøndelag, filmusikk til Unni Straume med meir.

– Skal du gje ut ny plate snart?

– Eg skal gje ut ei plate med ballettmusikk, det blir ny plate med «Switch»-kvartetten, dessutan ny plate med Moritz von Oswald, tysk synth-musikar som eg gav ut plate med i fjor. Og eg vonar sjølvsagt at samarbeidet med Sly & Robbie fører til plate, sa Nils Petter Molvær då flyet til Istanbul stod klart, og bandet via Warszawa og Montreux kom til Molde.

Mer fra Dagsavisen