Bøker

Bokmelding Jon Fosse «Eit nytt namn»: Sterk avslutning på storverket

Jon Fosse er ein svak teolog, men ein sterk kunstnar. «Septologien» er fullenda. Verket er godt.

Roman

Jon Fosse

«Eit nytt namn: Septologien VI-VII»

Samlaget

Eit nytt namn: Septologien VI-VII

Ingen les Jon Fosse sine bøker for handlinga si skuld. Det seier til og med forfattaren sjølv, i fleire intervju. Men så er det no likevel slik, at etter å ha lese fem bøker i ein serie om dei same personane, så lurer ein jo litt på korleis det skal gå med dei, i del seks og sju.

Vil den aldrande kunstnaren, enkemannen og tørrlagde alkoholikaren Asle frå Dylgja få kome seg på sjukehuset i Bjørgvin, slik at han får prata med namnebroren Asle? Asle i Bjørgvin er også er kunstnar, men sterkt alkoholisert, og den edru Asle fann han nær døddrukken i ei snøfonn.

Vert det noko av den julaftan-feiringa Asle på Dylgja takka ja hos nabo Åsleik si syster, Guro, sjølv om han ikkje har lyst? Og det biletet han nemner i innleiinga til alle dei sju delane, det med andreaskrossen i midten – er det eigentleg ferdig, eller blir det det aldri?

Tredje bok i Samlagets fint formgjevne utgåve av «Septologien» kjem med svara. Siste sida av «Eit nytt namn: Septologien VI-VII» byr dessutan på ei avslutning som kanskje vil kjennast uventa for nokre, men som den einaste logiske svaret for andre.

Små og store hendingar i eit liv. Meir enn spanande nok til å driva lesaren framover, voggande og bølgjande gjennom Jon Fosse sin alltid like særmerkte prosa. Ingen punktum, berre komma, overgangane mellom då og no markerte med «… tenkjer eg, og eg tenkjer at…» Tankane flyt mellom det nære og kvardagslege som skjer her og no, og minna om det som har vore. Då og nå, på likt. Slik menneskesinnet fungerer.

«Det andre namnet» og «Eg er ein annan», altså band ein til fem i «Septologien», tok for seg barndom og tenår. I «Eit nytt namn», altså sjette og sjuande band, minnest Asle særs tida som kunststudent i Bjørgvin. Han er takksam for at han møtte Ales, den store kjærleiken i livet. Han tenker på hyblar han har budd i, husvertinner han har hatt, og huskar med glede korleis han kom til å stille ut i det prestisjetunge galleriet til Beyer, og korleis han blei katolikk. Reflekterer rundt alkohol og drikking. Det vart for mykje av det. Han måtte slutte. Også med røykinga, som han elska. Ales elska det ikkje.

Ulike hendingar i Asle i Bjørgvin sitt liv vert også skisserte opp. Kvinna han har barn med prøver å ta sitt eige liv. Dagen dei gifte seg var trist og tung. Den nye kvinna han er forelska i, vil han skal bryte med den første kvinna. Nokre bilete, glimt, særs skakande hendingar, borar seg inn i minnet. Kunstmålinga er eit forsøk på å måle dei vekk. Forsøka lukkast aldri heilt. Men minna bleiknar. Det er ei drivkraft.

Kvifor blir eit liv slik eller sånn

Asle og Asle speglar kvarandre. Dei er like. Og ulike. Kvifor blir eit liv slik eller sånn, utforskar Jon Fosse, gjennom heile «Septologien». Kva driv nokre mot kunst, mot religion, mot kjærleik. Kvifor lukkast nokre, andre ikkje? Er det tilfeldig, alt, eller del av ein større plan?

Han dreg opp trådar mellom menneska, minna, hendingane, utan å bry seg om strengt logiske reglar. Som eit dobbelt- eller trippeleksponert fotografi, lag på lag. Den eldre Asle, som også liknar ein heil del på «den verkelege» Fosse, kven no det er, dukkar opp i utkanten av forteljinga om Asle og Ales som unge. Dylgja-nabo Åsleik si syster, Guro, har også ei namnesyster i Bjørgvin, som ho også liknar på å sjå til. Ei mystisk blondine liknar Guro, men er det henne? Eller berre tilfeldig?

Her er parallellar, doblingar, spiralar og repetisjonar. Og rytme. Teksten pustar, i sin eigne, heilt unike Fosse-takt. «Septologien» tvingar pulsen ned, roa fram, konsentrasjonen på. Det er bøker å kvile i og med.

«Septologien kjem til å bli ståande som eit storverk innan norsk, nordisk, europeisk verdslitteratur» konkluderte eg då eg meldte andre band, «Eg er ein annan», som eg meinte løfta seg etter litt for mykje religiøs ruggel i «Det andre namnet». Det er ein konklusjon eg står ved. «Septologien» er eit verk som insisterer på noko anna, noko eige, som kunsten kan kalle fram. Samtidig som det demonstrerer kva dette andre kan vere.

Teksten pustar, i sin eigne, heilt unike Fosse-takt.

Dette andre, tenker Asle på Dylgja, er «korkje er materie eller sjel, det er begge delar samstundes og det samlar seg i det eg tenkjer på som ånd». Det som gjer god kunst god, vender han stadig tilbake til, er «ikkje materialet, materien, og det er ikkje innhaldet, ideen, tanken, nei det som gjer han god er nettopp sameininga av materie og form og sjel, som vert til ånd».

Det gode har altså noko med Gud å gjere, her som i resten av «Septologien». Noko med den heilage anden, med nåden, med magien som ligg i orda, formlane, i repetisjonane av faste bønene. Å måle bilete er som å be, tenker Asle på Dylgja. Det er ein lengt bort i måleria hans, samtidig som det bileta lengtar etter, er i dei.

Men Fosse bryt også Asle av, med eit «eg tenkjer at desse tankane er like lite til å verta klok av som alle andre tankar eg tenkjer». Store teologar er dei ikkje, verken Asle eller Jon Fosse. Konklusjonen er enkel: Det er godt å kvile i trua, sjølv om mykje er mystisk. Slik er det berre, for Asle. Sikker for Fosse også.

Asle på Dylgja har noko eige, om lag frå første målingsstrok. Noko som ikkje kan lærast. Ei gåve – mest sannsynleg frå Gud. Kritikarar oppfattar ikkje alltid denne genialiteten, men andre gjer det, blir Asle fleire gonger fortald som ung. Hardt arbeid må til, men det litle ekstra som skil ein Kunstnar frå ein god handverkar, er ikkje noko ein kan arbeide seg fram til. Med det avslører Jon Fosse sitt eige litteratur- og kunstsyn, si eiga tru på Kunstnaren som Geni.

«Septologien» er utan tvil eit rikt verk.

Geni eller ikkje. «Septologien» er utan tvil eit rikt verk. Det handlar om livet. Om kunsten. Kjærleiken. Nåden. Men også om motløysa. Definitivt om døden. Helst bør bøkene lesast sakte, ei etter ei, for så å ta fatt på første boka igjen etter den sjuande. Gjerne i mørketida – for her er lys oppi alt det mørke. Noko ekstra, som er like vanskeleg å fange i ord som Asle seier.

Det er fullenda. Og vi ser at det er godt.

Mer fra Dagsavisen