Kultur
Kipling om ulike kulturer
I diktet The Stranger tar Rudyard Kipling opp kløften mellom to kulturer. Det er aktuell lesnad i den norske innvandringsdebatten. Her på nynorsk.
Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
Den framande
Av Rudyard Kipling
Den framande innafor mi grind
Kan vere grei og sann.
Men han snakkar ikkje mitt mål -
Og sinnelaget eg ikkje kjenne kan.
Eg ser ansiktet og augo og munnen,
men ikkje sjela som styrer klo og tann.
Folk av min eigen stamme,
kan ha både vrang og god vilje.
Men dei er det slik eg er van med,
dei fortel dei løgnene eg kan fortelje.
Og vi treng ikkje omsetjar
når vi skal kjøpe eller selje.
Den framande innafor mi grind
kan vere ein vond eller god mann.
Men eg kjenner ikkje kreftene bak
og logikken som styrer sinnet i han
eller når gudane i hans fjerne heimland
vil gripe fatt i tankane hans.
Folket av min eigen stamme,
som kan vere drittsekker digre,
men dei høyrer i det minste det eg høyrer
og ser dei bilete eg ser
Og same kva eg tenkjer om dei
Så tenkjer dei likeeins om meg.
Dette meinte far min, bonden,
dette meinar også eg:
Lat byggåkeren vere rein
og druene av ein sort,
så borna våre ikkje vert plaga
av bittert brød og beisk vin.