Nyheter

Ny biskop: – Vil vere modig

Då Kari Mangrud Alvsvåg fekk tilbodet om biskopjobben i Borg torsdag kveld, braut ho ut i dans til 80-talspop. – Eg svever høgt enno, fortel ho.

– Har du sove i natt?

– Litt. Men eg var ganske høg på adrenalin då eg la meg. Det var mykje glede, og mange tankar.

Det er berre 13 timar sidan Kari Mangrud Alvsvåg har fått vite at ho er Borg bispedømmes nye biskop då Vårt Land møter henne i Fredrikstad domkirke fredag, idet det skarpe morgonlyset trenger inn.

I løpet av timane sidan jobbtilbodet kom, har det strøymt på med blomar, sjokolade, bobler og gode ord. Alvsvågs mot-kandidatar, Harald Hegstad og Kåre Rune Hauge, var blant dei første til å ringe og gratulere.

– Vi har hatt eit godt fellesskap i å støtte kvarandre gjennom dette. Det kjennest veldig godt at det ikkje har vore eit «race». Det er nokon andre som bestemmer, så har vi kunna vere der for kvarandre, seier den kommande biskopen.

Kari Mangrud Alvsvåg presenteres som ny biskop i Borg. Fredrikstad domkirke.

Har tre kjerneverdiar

– Du sa du hadde mange tankar då du la deg i går. Kva var tenkte du på?

– Først og fremst kor takksam eg var. Mange menneske har vore med meg, og støtta meg, i dette her. Familien har heile tida sagt at «dette må du gjere, mamma». Det at det no blei slik, og å kjenne at eg har blitt bore av både dei og venninner og søsken, det er ei verkeleg god glede.

– Dei har vore med på å få meg til å våge å bli med i ein slik prosess.

– Du seier våge. Kva slags mot kravde det?

– Eg ser på dette som ei stor oppgåve, fordi eg meiner folkekyrkja har ei viktig rolle å spele i samfunnet vårt framleis. Då må ein som leiar vere modig. Viss kyrkja skal vere både varm og open, og ei stemme som peikar på urettferd, så trengst det eit mot for å gjere det.

– Og eg ønsker å vere modig. Det er ein av kjerneverdiane mine.

– Kva er kjerneverdiane dine?

– Open, ærleg og modig har eg som verdiar i livet mitt. Det er det eg ønsker å vere. Og ein er jo biskop i lag med andre. Ikkje åleine, heldigvis.

Kari Mangrud Alvsvåg

Sveitta og skalv

– Korleis har du hatt det i denne prosessen?

– Det har vore både fint og vanskeleg.

– Fint på den måten at eg har blitt sett og anerkjent som ein å rekne med. For meg var avstemmingane i sokneråda ei god stadfesting på vegen.

– Så har det vore vanskeleg innimellom. Ein er jo oppe til vurdering. Og så er det lett å bli litt sjølvopptatt i ein slik prosess, ikkje sant. Ein brukar jo mykje tankekapasitet og krefter på det her.

Midt i alt har livet gitt Alvsvåg takksame distraksjonar. I september blei ho bestemor, fortel ho, og lyser opp.

– Så det har vore fint for å flytte blikket og tenke at «dette er berre éin del av livet».

– Har du undervegs hatt ei kjensle av kva utfallet ville bli?

– Nei, det har eg ikkje.

– Så i går då Kyrkjerådet gjekk inn for å avgi sine stemmer, var det heilt opent for deg?

– Ja, det var det, verkeleg. Eg sveitta mykje i hendene i går, og var ganske skjelven utover ettermiddagen.

Fra Vårt Land: Elise Kruse: «Første steg i retning av en ny generasjon biskoper»

– Blei høg musikk

Alvsvåg visste at dersom det blei ho, så ville kyrkjerådsleiaren ringe. Så kom telefonen.

– Så kjem sportsjournalistspørsmålet: Kva følte du då?

– Skikkeleg glede. Då var det eit stort smil. Og då dansa eg. Det blei ein del høg musikk.

– Kva slags musikk høyrer du på då?

– Eg er veldig glad i musikk, og mykje forskjellig – men akkurat når det skal dansast ut ei stor glede, så er popmusikken god å ty til. Og eg er jo ungdom frå 80-talet, så då dukkar det opp nokre gode gamle schlägarar.

Fra Vårt Land: Fulle av lovord om den nye Borg-biskopen: – Utadvendt og dynamisk

Vil finne kyrkjas nye uttrykksformer

– Kva var det vanskelegaste spørsmålet du fekk på jobbintervjuet?

– Det er jo eit viktig og vanskeleg spørsmål: Kva skal kyrkja drive med framover? Eg er veldig opptatt av at kyrkja skal vere der for folk. Livet er jo ikkje alltid lett. Då skal kyrkja vere der for deg, og komme til deg.

– Og livet er av og til veldig fint. Då skal det kunne gå an å komme til kyrkja og feire. Vi skal vere der for menneske, slik menneskelivet er.

Kari Mangrud Alvsvåg presenteres som ny biskop i Borg. Fredrikstad domkirke.

Alvsvåg vil vere ein biskop som tar utgangspunkt i at «alle skal med». Ho engasjerer seg for naturen og miljøet, og trur kyrkja kan fungere som ei trøyst og god kraft i ei krevjande utvikling.

– Kyrkja skal formidle Guds kjærleik. Det kan komme til uttrykk på mange måtar. Det er viktig å forstå den tida vi er kyrkje i, og no finne uttrykksformene for det, seier Alvsvåg.

Førebudd på vind og blest

Snart skal ho møte bispekollegiet for første gong, og er spent på både det og oppgåvene som ventar ho i rolla.

– Eg gler meg kanskje aller mest til visitas – det å få høyre kva menneske og lokalsamfunn har på hjartet, svarar ho på spørsmålet om å velje éin ting ho ser fram til.

– Det handlar om korleis kyrkja kan vere med på å skape gode samfunn i lag med resten av aktørane. Eg ønsker å sjå til Jesus, og korleis han var i lag med folk, og vil spør: Kva vil du eg skal gjere for deg?

– Kva trur du blir mest utfordrande?

– Det vil kunne komme situasjonar med usemje, og då må ein biskop handtere ulike syn. Vi skal verne om kyrkjas eining og lære, og klart; der kan det komme utfordrande situasjonar.

– Og i det at kyrkja skal vere ei røyst i samfunnet, veit vi at kyrkja fort kan bli klaga for å vere politisk. Det å stå å vind og blest krev jo litt. Men det er jo biskopens kall, og det høyrer jo innunder det å vere ærleg og modig.

Fra Vårt Land: Kirkelige ansatte savner samtaler om tro: – Kirken blir ofte et arbeidsfellesskap

Elskar Borg

– Kva synest du om folket og kulturen og området du skal vere biskop i?

– Såå fint, seier Alvsvåg og smiler.

Kari Mangrud Alvsvåg presenteres som ny biskop i Borg. Fredrikstad domkirke.

– Det er du programforplikta til å svare …

– Nei då, det er eg ikkje, og eg tenker oppriktig at dett området har så mykje bra å by på – ei mangfaldig befolkning og fantastisk naturområde, seier biskopen og fortel at ho er eit båtmenneske.

– Kva er det beste Borg bispedømme har å by på?

– Kyrkjene, seier ho og ler.

– Bør Viken løysast opp?

– Hahaha. Det har eg inga meining om. Det er sant.

Vårt Land




Mer fra Dagsavisen