Debatt

Overgrep mot pelsdyrbønder

Handsaminga av lovforbodet mot hald av pelsdyr i Stortinget er ikkje verdig vårt demokrati.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Lovforbod mot hald av pelsdyr, med kompensasjon til bønder, var oppe til handsaming i Stortinget den 13. juni. Vi var over 50 pelsdyrbønder som fulgte dette frå galleriet. Det var ein uverkeleg og trist oppleving å vera tilstades og høyre på debatten om avviklinga av vår eigen arbeidsplass og livsverk. Sjølv om me var førebudde på kva som kunne skje.

Næringsforbodet var altså fremja av regjeringa, der 3 av 4 partier eigentleg var imot forbodet, der ein hestehandel i lukka rom på Jeløya i januar 2018 var bakgrunnen, stikk i strid med ein mangeårig demokratisk prosess som konkluderte med berekraftig utvikling berre eit år tidlegare.

Dette næringsforbodet kjem altså på grunnlag av eit ufint maktspel, der pelsdyrbønder risikerar å måtte betale livet ut, for at Venstre skulle koma i regjering, og for at Erna kunne halde fram som statsminister. I Stortinget vart hestehandelen betegna av fleire som «Ernas morgengave til Trine». Kva slags demokrati er dette?

Debatten i salen under denne uverkelege handsaminga bar tydeleg preg av at her var partipiskane brukt heftig, og det vart ein underleg seanse då representantar frå H, Frp og KrF, i tur og orden beklaga seg for at dei måtte stemme for noko som dei eigentleg var imot.

Alt dette er døme på ein skremande og urovekkjande utvikling i vårt demokrati. Høgre si talskvinne i næringskomiteen Margunn Ebbesen stilte mot slutten av den over fem timer lange debatten, følgjande opne spørsmål frå talarstolen. «Jeg lurer virkelig på hva pelsdyrbøndene som har fulgt debatten her i dag, hva dem sitter igjen med av et inntrykk av debatten her i salen.»

Vi kan nok trygt si at alle oss som fulgte denne debatten frå galleriet, følte sterkt at denne debatten var både opprørande og uverdig, til å vera i vår nasjonalforsamling, med våre øverste folkevalde kvinner og menn. Samtidig er det forunderleg at eit slikt spørsmål kom frå Ebbesen. Ho som saman med fleirtalspartia hadde lagt fram eit framlegg til kompensasjon, som i realiteten vil kunne frårøve millionverdiar frå mange bønder, pga. at grunnlaget for kompensasjonen er av bokførte verdiar.

Det lause framlegget om å hensynta urimelege utslag i kompensasjonen, skapte berre meir uro, også fordi både regjeringspartia og statsråden hadde ingen forklaring på kva dette innebar.

Ein av dei yngste i stortingsgruppa til Høgre, Kristian Tonning Riise, framstod blant dei mest vaksne av alle, med at han så tydeleg kritiserte den uanstendige kompensasjonsordninga som fleirtalspartia hadde lagt fram. Dessverre valde heller ikkje han å stemme etter eiga overtyding.

Vi kan trygt stadfeste til Ebbesen, at kvar og ein av pelsdyrbøndene som fulgte med på denne debatten på torsdag, fyrst og fremst var opprørte over Høgre og fleirtalspartia, og den maktarroganse dei utviste. Det er dei som må ta hovudansvaret for den uverdige seansen som våre folkevalde gjennomførte med handsaminga av denne triste saka, i Stortingssalen den 13. juni.

Eit viktig moment som bekreftar dette er at både Sp og Ap stemte imot det endelege lovforbodet, på trass av at Ap har programvedtak om avvikling.

Den klare grunnen til at Ap samla stemte imot lovframlegget, var at det ikkje innebar ein lovheimla rett til erstatning. Tvert om så betydde regjeringspartia sitt lovframlegg at pelsdyrbønder ikkje skulle ha krav på full erstatning. Det uverdige spelet rundt dette, med pelsdyrbønder som offer, vart då også stadfesta med det absurde at regjeringspartia sine ansvarlege, skulda Sp og Ap for å skape uroen, når det utvilsamt var fleirtalspartia og regjeringa si dårlege utgreiing og framlegg som har skulda for dette. Dette er i realiteten eit ufint svik av regjeringspartia, og eit alvorleg og skremande teikn på folkevalde ombodsmenn som tenar staten meir enn folket. Det ovegrepet som fleirtalet i Stortinget her gjennomførte mot pelsdyrbønder og ei tradisjonsrik distriktsnæring innan landbruket, og den udemokratiske prosessen som ligg bak, er ikkje verdig vårt demokrati.

Mer fra: Debatt