Styrk strandsoneforsvaret!

Det er på høg tid å rope eit rungande ja til styrking av det norske strandsoneforsvaret.

Den samla andelen «potensielt tilgjengelig strandsoneareal» i Noreg er, ifølgje fersk statistikk frå Statistisk sentralbyrå, 68,5 prosent, noko som innebér ein nedgang på 1,4 prosent sidan 2005. Dette ser ved første augekast ikkje så hakkande gale ut. 68,5 prosent er trass alt eit nokså høgt tal, medan 1,4 prosent er eit relativt lågt tal. Med ein fortsatt utbyggingsgrad på 1 promille i året vil ikkje strandsonen vere ferdig utbygd før i det det Herrens år 2704, og innan den tid vil jo menneskeslekta – viss vi held fram som vi no stevnar – uansett ha utsletta seg sjølv for lengst, så why worry?

Fordi vi trass alt lever her og no, og fordi det i tillegg til desse tala finst andre tal. For eksempel 20. Dét, skreiv Klassekampen måndag, er den prosentvise auken i talet på bygningar i strandsonen sidan 2000, og viss du heller ikkje synst at dette framstår som eit særskilt høgt tal, kan det seiast på ein annan måte: 87.560. Åttisjutusenfemhundreogseksti nye bygningar i ein sone kor det i utgongspunktet ikkje er lov å bygge i det heile tatt. Her må det vere lov å spørje: Korleis kan dette ha seg?

Noreg har hatt lovgjeving som regulerer bygging i strandsonen sidan 1954. Det er fleire grunnar til dette, men den viktigaste – i tillegg til miljøomsynet – er prinsippet om at folk skal ha høve til å utøve friluftsliv. Det er fri ferdselsrett for ålmenta i strandsonen, så lenge området er definert som utmark, og einkvar har rett til å bade frå strand i utmarka så lenge det skjer «uten utilbørlig fortrengsel eller ulempe for andre». Dette er i samsvar med tankar som er djupt nedfelt i det vi utan å overdrive må kunne kalle den norske folkesjela. Nordmannen er glad i å ta naturen i bruk, og bør ha høve til det i så stor grad som praktisk mogleg.

I hundremetersbeltet langs kysten er det difor ikkje lov å bygge eller anlegge verken hus, hytte, garasje, bod, gjerde, støttemur, levegg eller basseng, for å nemne noko. Men det er lov å søke om dispensasjon, og den som søker om dispensasjon, får svært ofte det. Ifølgje Klassekampen var det berre i Sør-Noreg opp mot 400 søknader om dispensasjon frå gjeldande lover og reglar i 2018, og nær ni av ti vart innvilga. I ljos av at kravet for å gje dispensasjon er at «fordelene for de allmenne interesser (må) være klart større enn ulempene», framstår dette som absurd. Det er klart ein kan tenke seg situasjonar kor dette kravet er oppfylt – for eksempel viss nokon vil anlegge ein koseleg, liten café langs ein populær tursti – men i praksis handlar dei aller fleste tilfelle av bygging i strandsonen om privatisering og utilgjengeleggjering av friluftsareal for folk flest.

Privatiseringspresset mot strandsonen er følgjeleg størst der det bur flest folk. I kommunane kring Oslofjorden er berre om lag 40 prosent av strandsonen tilgjengeleg for ålmenn ferdsel og opphald. I Oslo kommune er talet nede i 30 prosent. Kva kan så dette skuldast? Fagsjef Siri Meland i paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv uttalte tidlegare i år til NRK at det føregår «slepphendt praksis i kommunane», og meinte at det i ein del kommunar finst «relativt svak kunnskap om natur og ivaretaking av naturmangfald». Ekspedisjonssjef Therese Johnsen i Riksrevisjonen ville ikkje «konkludere med at reglane for dispensasjon ikkje blir fylgd i dag», men sa samstundes òg at det «generelt er uheldig at Stortingets lovar og vedtak blir forvalta på ein så svak måte».

Samstundes verkar det urimeleg å leggje heile ansvaret for miséren på akslene til sakeslause sakshandsamarar kringom i kommune-Noreg. Det er trass alt ikkje så enkelt å vere prinsippfast når din lokale riking kjem og krevjer løyve til noko du veit hen aldri burde få løyve til. Norsk Friluftslivs generalsekretær, Lasse Heimdal, seier til Klassekampen at «i kommuner hvor alle kjenner alle blir strandsonesaker, med mye pengesterke folk og mye engasjement, veldig vanskelige. Det er ikke moro å være den drittsekken som har avslått en viktig byggesak for en du møter på butikken eller i idrettslaget.» Sjølv i landets største by kan dette vere eit problem. «Det er krevende for Oslo kommune å stå imot pengesterke utbyggere», seier Lena Amdal, spesialrådgjevar i Plan- og bygningsetaten.

I tillegg til alle tilfella kor dispensasjon vert innvilga, er det òg eit betydeleg problem at mange bygg utan løyve. Oslo kommune har for tida åtti pågåande saker om ulovleg bygging i strandsonen, og måtte i fjor mellom anna fjerne ulovleg oppførte gjerde på eigedomane til investor Christian Ringnes, snowboardkongen Terje Håkonsen og alpinlegenden Kjetil André Aamodt. Særleg sistnemnte tilfelle gjev ein bitter ettersmak. Det finst trass alt ikkje noko meir erkenorsk enn ein olympisk meister på ski – at ein folkehelt som Aamodt freistar å avgrense vanlege folk sin lovfesta rett til å utfalde seg fysisk i naturen framstår som ei nasjonal sjølvmotseiing.

Det er i det heile noko djupt problematisk, for ikkje å seie ekkelt, kvalmande og vulgært, ved den private annekteringa av strandsonen. Det absurde ved ei lov som som hovudregel ikkje vert følgt, er innlysande for alle. Endå meir alvorleg er det dog at heile sakskomplekset framstår som eit brót med ein nasjonal kjerneverdi. Det er difor på høg tid å rope eit rungande ja til styrking av det norske strandsoneforsvaret.