Det nærmar seg desember. Heime har vi gjøymt årets julekalendrar øvst i skapet, og vi snakkar mykje om korleis vi gler oss til ein bit sveitsisk fjellsjokolade til frukosten i 24 dagar på rad. Førjulstid er forventninganes tid, og sånn skal det vere. Det er likevel verdt å tenkje på at dette for mange blir ei tøffare jul enn på lenge.
Dyrtida har ikkje slept taket og talet på barn i fattige familiar er fortsatt høgt, sjølv om det har gått noko ned som følgje av auka barnetrygd. Prisane i butikkane er langt over det dei var for nokon få år sidan, ein vekst på 33 prosent på tre år, i følgje SIFO. Eg skvett stadig av det. Her om dagen tok eg med ein boks cashewnøtter i kassa på impuls. Prisen? 90 kroner! Og på TV ser vi reklame for ein liten boks med blåber til 60 kroner stykket. Det er heilt vilt! Sjølv om det ser ut til å bli reallønnsvekst i år, er det lenge til lønna tar igjen den prisstigninga vi har sett dei siste åra.
Det gir skam å ikkje kunne vere som alle andre
Dette rammar sjølvsagt hardast dei som har dei lågaste inntektene. For dei kan desember bli som eit maraton i å klare å henge med i svingane på alt som skjer, utan å kjenne på utanforskap.
Som mor til barn i barneskulealder, merkar eg alle dei små og store utgiftene som kjem litt uventa. Det er køyring til kampar og turneringar gjennom bomringar, det er sosiale samlingar som kostar pengar og det er kakebaking.
På ein del område har samfunnet kome langt for å ta ned kostnadene og inkludere fleire. På stadig fleire skular og barnehagar er det vanleg å ikkje måtte kjøpe gåve når ein skal i klassebursdag. Det er kjempebra. Men ting kan også bli betre.
Gerhardsen hadde støttet Stoltenberg, skriver Lars West Johnsen.
I haust har det mest slåande for min del vore kor mange initiativ det er til at barna skal ha på seg like kler i ein eller annan samanheng. Det har ikkje berre vore vintersko, vinterjakke, regntøy, cherrox, støvler, innesko i gymmen og badetøy som har stått på hugselista i dei siste månadane. Det har vore forventningar om penkler som kan likne ein engelsk skuleuniform i English week på skulen, pysjamas til pysjdag på AKS, skumle kler til Halloween og svarte kler til korpskonsert. Snart er det fort vekk kvite kler på Santa Lucia og julenisselue til juleavslutning. Eg veit ikkje om vi skal ha ein julegenserdag, men eg hadde ikkje blitt veldig overraska om det kom ei sånn melding også.
Mange av desse forventningane kan møtast med kler som allereie finst i skapet. Om ein er heldig. Men det er ein jo ikkje alltid. Ein dag stod eg med hjartet i halsen på nærsenteret for å rekke å få tak i ein pysj som ikkje var for liten eller med hol i seg til dagen etter, sånn at vi kunne vere klare til pysjdag. Ho som jobba i klesbutikken fortalte at det hadde vore fleire foreldre ute i same ærend same dag, så no måtte dei fylle opp hyllene.
Et elegant politisk håndverk. Karakter seks til Nordtun, skriver Kjell Werner.
Eg trur på ingen måte vårt nærmiljø er verre enn andre. Dette er nok ganske vanleg over heile landet. Og igjen, intensjonane bak er gode. Mange vil at barna skal ha fine opplevingar. Men for stadig fleire kan desse forventingane om å kle seg på eit eller anna artig, koordinert vis nok ein gong bli tua som kan velte eit lass. Og klarer ein ikkje å henge med på forventningskøyret, tar det ikkje lang tid før det går ut over barna. Det har ein pris å vere barnet som gong på gong ikkje har det utstyret det var meininga at ein skulle ha med, og det har ein pris å skilje seg ut frå flokken.
Ghulam Abbas, som hamna i B-gjengen etter ein tøff oppvekst i ein familie med lite pengar på Furuset i Oslo, fortel i boka Gudfaren, som han har skrive med Kjetil Stensvik Østli, om då mor hans hadde kjøpt det ho trudde var fine barnebukser, med Ninja Turtles-mønster på, på tilbod til alle dei seks sonane i familien. Då dei kom på skulen, viste det seg at det ikkje var bukser ho hadde kjøpt. Det var pysj. «Så fort jeg ble stor nok, shoppet jeg klær selv, for å ha kontroll», fortel han i boka. Det gir skam å ikkje kunne vere som alle andre.
Laksehysteri, skriver Dagsavisen på lederplass.
Forsking på barn som veks opp i fattige familiar viser at dette har konsekvensar for deltaking i fritidsaktivitetar, skuleresultat, fysisk helse, psykisk helse, skamkjensle og framtidsutsikter. Dette er ekstra sårbare år.
Og dette er ei sårbar tid. Akkurat no har talet på nordmenn som ikkje hadde klart ei uføresett rekning på 20.000 kroner utan å ta opp lån eller selje ein gjenstand gått opp til ein femtedel av den vaksne befolkninga. Blant einslege forsørgarar er det over 40 prosent som ikkje har råd til minst eit materielt gode som tannlege eller bil. Deler vi talet på barn i fattige familiar på alle klassar i landet, veit vi at det finst fleire av dei i kvar einaste klasse. Det er i den konteksten jula skjer. Då kan jula bli veldig tøff.
Difor har alle – lærarar, AKS-tilsette, trenarar, instruktørar og foreldre – eit felles ansvar for å ikkje bidra til at dette økonomiske presset blir enno større. Mi oppfordring til alle som vil gjere noko hyggeleg for klassen eller barnehagen eller idrettslaget før jul er å spørje seg sjølv: er det ein fare for at dette kostar pengar? I såfall: dropp det!
Erna har fortsatt skylda, skriver Kjell Werner.