Kommentar

Rentekrigen

Har Norges Bank forlest seg på utdaterte økonomiske læresetningar?

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Mor mi tok av og til opp kva billånet til ho og pappa kosta på slutten av åttitalet. Renta på bilen var heile 22 prosent, medan lånet på leiligheiten der eg og søstra mi levde våre første år kosta 15 prosent årleg. Riktig nok kunne ein trekke all rente frå skattbar inntekt, men det var like fullt hårda bud for ferske bornefamiliar.

Eg har derimot levd med historisk låge renter i heile mitt vaksne liv. No skal det plutseleg svi på pengepungen. Og renta skal vidare opp, opp, opp.

Etter finanskrisa i 2008 måtte land over heile verda gjennomføre ekstraordinære tiltak for å få gong på økonomien og forbruket. Noreg klarte seg dugeleg gjennom krisa ved å sprøyte inn oljepengar. Samstundes fulgte vår sentralbank amerikanarane og EU i å gjere svært låge renter til ein ny standard.

Vestlege økonomiar brukte fleire år på å få opp dampen. Då dei omsider gjorde det haldt storstilt import av rimelege kinesiske varer likevel prisane i sjakk. Om lag 10 år etter finanskrisa tok eg opp mitt første bustadslån for å kjøpe leiligheit, stadig med låge renter. Styringsrenta nådde golvet under covid då ho bokstavleg tatt vert satt til null. Plutseleg kunne eg betale ekstra på lånet kvar bidige månad, og jamvel bruke pengar på å krydre pandemilivet (det vart ein flunkande ny gaming-PC).

Det tradisjonelle våpenet som økonomar bruker for å hamle opp med inflasjon er å setje opp renta. Ein føresetnad for heile denne utviklinga har derfor vore at inflasjonen var under kontroll. No er ho ikkje det lenger. Eit internasjonalt prissjokk på energi har smitta over og gjort at den allmenne prisauka er spunnet ut av kontroll.

Norges Bank har signalisert at renta innan i sommar skal opp til 3,5 prosent. Endeleg får eg ein smakebit av foreldra mine sitt billån. I økonomifaget ser ein gjerne føre seg at det eksisterer ein slags byttehandel mellom arbeidslause og prisauke. Di høgare arbeidsløyse, di lågare inflasjon, og vica versa. Dette forestilte stabile forholdet mellom arbeidsløyse og inflasjon går gjerne under namnet Philips-kurva etter økonomen William Philips. Det har vore eit fasttømra prinsipp for nasjonal økonomistyring i mange tiår.

Norges Bank følgjer denne analysa ved å grunngi sine rentehevingar med ein «stram» arbeidsmarknad. Det tyder at mange allereie er i jobb, få søker etter arbeid, og at ein difor kan få press på både løn og prisar. At fleire arbeider kan i denne forteljinga skape prisvekst.

Men norsk lønsdanning har vesentlege særtrekk. Lønsutviklinga vert forhandla fram av partane i arbeidslivet, med næringslivsorganisasjonane på ei side av bordet og fagrørsla på den andre. Den norske frontfagsmodellen legg også opp til at at lønsveksta i eksportindustriane skal funke som ei norm for resten av arbeidslivet.

Det meiner LO at gjer styring av den norske økonomien unik. Sjeføkonom Roger Bjørnstad har argumentert for at frontfagsmodellen og trepartssamarbeidet er skreddarsydd for å styre prisutvikling. Når dei viktigste organisasjonane saman bestemmer lønnsnivå gjennom forhandlingar, kan dei ta høgde for overordna utviklingar i heile økonomien som nettopp inflasjon.

Frontfagsmodellen kan ifølgje denne logikken temme løpsk prisvekst. Kritikken frå arbeidarrørsla impliserer altså at Noregs Bank tvinger fleire enn naudsynt til å stå utan arbeid.

Kritikken kjem ikkje berre frå fagforeiningane, men også frå to av kantane i norsk økonomisk politikk sitt tradisjonelle jarntriangel: Statistisk Sentralbyrå og Økonomisk institutt på Blindern. I elfenbeinstårnet strides dei lærde. Professor frå UiO Marcus Hagedorn skuldar økonomar som oppmodar til rentehopp for å fare med «skremmebilder fra 70-tallet».

Kollega Martin Holm meiner at meir eller mindre arbeidsløyse gir svært lite utslag på prisar. SSB sin Erling Holmøy skildra i podcasten Noen har snakket sammen norsk økonomi som ein kork på eit opent hav. Med det meiner han at Noreg er ein liten og open økonomi som ikkje kan bestemme prisar på kraft eller andre varar på verdsmarknaden. Renta er derfor eit sløvt sverd i tvekamp mot importert inflasjon.

Det er ikkje nytt at økonomar vert skulda for å ta for lite omsyn til forskjellar i den verkelege verda. Økonomifaget er inspirert av fysikken. Økonomar har derfor ein hang til å undersøke det abstrakte og generelle, snarare enn det spesielle og stadsbundne. Den norske modellen er stappfull av særtrekk.

Mange økonomistudentar bruker i lærebøker som ikkje formidlar verkelegheita i Noreg, men i større monn reflekterer amerikanske forståingar. Forfattarane kan ofte ikkje eit kvekk om norske modellar for løn og arbeid. Vi burde forvente meir av Norges Bank.

I moderne politikk haldast sentralbanken to armlengder unna partipolitikken. Men rentestyringa har mykje å seie for livsvilkåra til dei fleste nordmenn. Uansett kva veg renta går, er det difor eit godt teikn at det faglege ordskiftet om ho er ramsalt og rikt.