Kommentar

Mateffekten

Mat er ein sentral del av løysinga på viktige globale problem: svolt og fattigdom, klima- og naturøydeleggingar. Eg kallar det mateffekten.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Svolt er ikkje noko som var eingong. Svolt er dagens verkelege mareritt for millionar av menneske. Nå lever 811 millionar menneske i eit tilvære med svolt. Talet har auka med 18 prosent på eitt år. Eitt av fire menneske i verda opplever usikkerheit rundt mat. Dei veit ikkje om dei har mat på bordet i morgon.

Svolt er dagens verkelege mareritt for millionar av menneske.

Samtidig står matproduksjon og matavfall for ein tredjedel av totale klimagassutslepp. Produksjon av mat – og dyrefor – er den viktigaste årsaka til at ein million plante- og dyreartar er truga av utrydding, ifølgje FN sitt naturpanel. Maten vi et set enorme økologiske, økonomiske, helsemessige og klimatiske fotavtrykk.

Ein skulle tru at «mat på bordet» var ei enkel sak, noko vi har drive med i alle tider. Men mat og matsystem er ei kompleks sak. Ein miks av private og offentlege tiltak med drivarar i alle retningar. I nokre tilfelle til gode for forbrukarane, i andre tilfelle heilt motsett. Nokre verksemder har total makt over maten. Då kan ein ende opp med at dei som treng han, ikkje har råd. Dessverre gjeld det ofte sunn mat. Den usunne og billige, flyt friare. Nettopp dette gjer at fedme er eit aukande problem, også i den fattigaste delen av verda.

Denne kompleksiteten blir ofte kalla matsystem. Matsystem er eit uttrykk for maten sin veg frå jord til bord. Dei omfattar klima og miljø, menneske, infrastruktur, institusjonar, produksjon, distribusjon, marknadsføring og forbruk. For å sikre verdas aukande befolkning tilgang til nok, trygg og næringsrik mat, produsert på ein berekraftig måte, må vi endre matsystema lokalt og globalt.

Det skremmande er at det går feil veg. I mange år var svolt noko som blei redusert år for år. For ikkje så mange år sidan snudde situasjonen. Årsaka er ein giftig cocktail av krigar og konfliktar, klimaendringar og rovdrift på naturen. Så kom korona. Pandemien gav verda eit kraftig økonomisk tilbakeslag med store konsekvensar for mat og matforsyning.

Dette har blitt lagt merke til. I haust kalla FN for første gong til eit toppmøte som fullt og heilt var vigd til mat og matsystem. Mat kjem også til å bli eit sentralt tema på Klimatoppmøtet i Glasgow i november. Verdas matvareprogram åtvarar om at ein temperaturauke på to grader vil kunne føre enormt mange menneske ut i matusikkerheit. Det gjer det ikkje lettare at produksjon av mat er ein av miljøet sine verste fiendar. Matproduksjon slepper ut klimagassar – som forårsakar klimaendringar. Det betyr flaum, tørke og regn.

Dette er bakteppet for at vi i Norad investerer mykje i mat og landbruk. Småskala landbruk er den største yrkesgruppa i verda. Betre produktivitet i landbruket er difor avgjerande for utvikling og for å utrydde fattigdom i dei fleste utviklingsland. Det kan samstundes vere viktig for å avgrense avskoging, naturtap og klimagassutslepp. Vi kan skape ein mateffekt. Så kva gjer vi? Til dømes dette.

Eitt viktig tiltak er å redusere matsvinn, eit anna å bruke tapt mat – til å skaffe ny mat. Norad har nyleg inngått ein avtale om støtte til eit prosjekt i Ghana, Mali og Niger med mål om meir klimavennleg dyrefor. Prosjektet tar i bruk organisk avfall som elles hadde blitt kasta på opne fyllingar og forårsaka forureining og klimagassutslepp. Små soldatfluge-larvar livnærer seg på dette matavfallet, blir tørka og brukt til pellets i fiske- og kyllingfôr. Tradisjonelt har fôret bestått av villfisk-, soya- og maismjøl som legg beslag på store mengder protein som kunne vore mat for menneske.

Fluga kan ikkje gjere alt. Mat frå havet har eit stort potensial for å hindre svolt. Men fiske og havbruk treng ein betydeleg revisjon for å vere berekraftig og produktivt. Det er for eksempel slik at i utviklingsland når berre 1/3 av fisken fram til matbordet. Sterke økonomiske interesser i akvakultur er også ein barriere for berekraftig drift.

Når klimaet endrar seg, må jordbrukarar tilpasse seg ei ny verkelegheit. Ein viktig innsats for Norad er derfor klimasmart landbruk. Det kan bety sikker vêrvarsling eller nye dyrkingsmetodar. Eitt eksempel er ein metode der ein ikkje pløyer, men heller plantar rett i jorda for å binde næring og fukt. Nærmare 19.000 småbønder i Tanzania har fått auka lønnsemd som følge av klimasmart landbruk.

Tiltak vi ikkje utan vidare assosierer med mat, kan ha stor effekt. Likestilling er bra for god matforsyning. Kvinnelege småbrukarar produserer mykje meir mat dersom dei får tilgang til dei same innsatsvarene som menn, som såkorn, reiskap og utstyr. Å lære kvinner å lese og skrive, slik at dei blir sjølvstendige aktørar på marknaden, er og ein måte å møte behovet for meir mat på.

Det er viktig å vere realistisk i kampen mot svolt. Langsiktige strukturelle endringar må gå hand i hand med omgåande humanitær hjelp. Matproduksjonen må bli meir berekraftig. Vi må skape ein mateffekt. Samtidig må det mat på bordet. For folk et ikkje i det lange løp, dei et kvar dag.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen