Kommentar

Ei mer tilspissa verd

Globalt blir 2020-talet tøffare enn vi trudde.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Ein generasjon med framgang er broten, no aukar fattigdom og klimaendringar. Bistand blir viktigare, og god politikk blir viktigare. Ei verd som krev meir av oss ventar vinnarane av valet på måndagen.

Det er ganske brått å vakne opp etter eit val. Taparane har tapt, det er berre vondt. Vinnarane har vunne makta, men har også tapt den luksusen det er å vere i opposisjon. No ventar år med problem. Norske problem, men ikkje minst: verdas problem. Eg kjenner godt den paradoksale fridomen som ligg i å ha eitt superviktig mål rett framføre seg. Alt anna må vente. No ventar det ikkje lenger, no står dei som skal styre framføre ei krevjande og vanskeleg verd som møter dei kvar dag.

Kva verd ventar dei som no skal ta over regjeringskontora? Ei verd prega av at fattigdomen aukar i utviklingsland, og at klimaendringane kjem tettare på.

Det har lenge vore klårt at berekraftsmål nr. 10 om å redusere ulikskapen i verda, er eit av dei som det blir vanskelegast å nå. Det er fleire år sidan den franske økonomen Thomas Piketty skreiv om korleis dei rikaste blir rikare og akkumulerer stadig større del av ressursane i verda. Analysen hans er hovudsakleg basert på at avkastinga på kapital har vore større enn avkastinga på arbeid over tid og at dette har gagna dei rike.

Dette har ikkje endra seg under pandemien. Einar Lie skreiv om nettopp dette i Aftenposten tidlegare i sommar. Krigar, kriser og epidemiar har hatt ein tendens til å verke utjamnande. Men koronakrisa ser ut til å ha hatt motsett effekt, med ein kraftig vekst i formuane til verdas superrike. Det har vore færre konkursar enn vanleg. Låge renter og statsstøtte har også her i landet hindra økonomisk krise.

I fattige land derimot, er det blitt fleire fattige. Verdsbanken reknar med at talet har auka med 100-150 millionar menneske etter pandemien. Utanlandske investeringar frå OECD-land, ei viktig kjelde til vekst og jobbskaping, gjekk ned med 42 prosent i 2020, ifølgje UNCTAD. Den auka fattigdomen er ikkje ein hump i vegen: Dei fleste fattige land står utan økonomiske musklar, velferdsstat og oljefond. Vi står overfor eit gjenstridig økonomisk tilbakeslag i den fattige verda.

Denne ulikskapen kan forsterkast av ein stor ulikskap i vaksinering mot covid-19. Medan den rike delen av verda beveger seg over i diskusjon om dose tre og fire, er det berre omtrent tre prosent av befolkninga i Afrika som er fullvaksinerte. Hovudproblemet er mangel på vaksinar. Ifølgje Verdas helseorganisasjon er det behov for 729 millionar fleire dosar for å få vaksinert 30 prosent av den afrikanske befolkninga før utgangen av dette året. Mangel på helsepersonell og infrastruktur for å få sett vaksinar, er eit anna problem.

Nye regjeringar har alltid fått nye kriser. Hendingar ein ikkje var førebudde på, ligg i sjølve naturen til krisa. Men ein type krise vi veit kjem, er klimarelaterte katastrofar. Vi har sett det i sommar, flaumvatn knuser tyske landsbyar, skyhøge temperaturar får vestkysten av Canada til å knele, det er brannar i California, Hellas, Tyrkia og Italia.

— Vi ante ikkje at på ein time i går ville himmelen bokstaveleg talt opne seg og dumpe Niagara Falls-mengder med vatn over gatene i New York, sa guvernøren i New York, Kathy Hochul, då byen vart teken av styrtregn tidlegare denne månaden. 89 millimeter regn vart målt i Central Park i løpet av éin time den kvelden, ein ny rekord.

Sidan 2014 har det blitt 60 millionar fleire menneske som svelt

Denne typen klimarelaterte katastrofar kan få endå større konsekvensar i fattige land.

Madagaskar er eit av landa som råkast av svolt, og som knytast direkte til endringar i klimaet. Pandemien og den verste tørken på 30 år har ført til ein katastrofal situasjon. Ein talsmann for Legar utan grenser samanfattar situasjonen slik: — Alt som er igjen er uvisse og den konstante frykta for at gjengar skal stele alt dei kjem over. La den tanken gå inn; ikkje mat, ikkje håp, berre angst for brutale gjengar.

Svolt er diverre ikkje eit utdatert ord, og mattryggleik er ikkje eit moderne omgrep utan innhald. Å utrydje svolt er mål nr. 2 på verdas arbeidsliste fram til 2030, berekraftsmåla. Målet er ikkje innan rekkjevidde, det går feil veg. Sidan 2014 har det blitt 60 millionar fleire menneske som svelt. Ifølgje FN-sambandet er det ca. 690 millionar menneske som svelt i verda. Om vi utvidar perspektivet til mattryggleik, altså tilgang til sikker, næringsrik eller nok mat, er talet rundt to milliardar. Klimaendringane vil råke global matproduksjon og gjere situasjonen verre.

Det er lenge sidan den optimistiske tida rundt og etter tusenårsskiftet. Då hadde verda ein framgang som aldri før. No — hausten 2021 — etter valet, står vi overfor ei hardare, farlegare og meir tilspissa verd. Og som både covid-19 og klimaendringar har lært oss — ei verd vi er tett integrerte i. I møte med det blir politikk viktigare, og bistand viktigare. Nye statsrådar, og alle vi andre, vil få nok å henge fingrane i.