Kommentar

Diktaturets dødskramper(?)

Kva i all verda er det eigentleg som skjer i Kviterussland?

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Førstkomande måndag er det nøyaktig eit år sidan det var val i Kviterussland. Eller, rettare sagt: Det er nøyaktig eit år sidan det var «val» i Kviterussland. Som tilfellet er i dei fleste autoritære statar gjennomfører òg Lukasjenko-regimet regelmessig slike skinnøvingar i «demokrati», kor føremålet sjølvsagt ikkje er at nokon andre skal få høve til å utfordre presidenten sin posisjon, men tvert imot å stadfeste og styrke den kvasireligiøse allmakta hans.

Kvar gong det hardt prøva kviterussiske folket skal gå til valurnene, innskrenkar Lukasjenko dei allereie i utgongspunktet sterkt innskrenka rettane til sine meiningsmotstandarar, kvar gong rapporterer internasjonale observatørar at valet verken var fritt eller rettferdig, og kvar gong ender det heile med at presidenten vert sitjande.

Det kan verke som om den bartepryda einevaldsherskaren rett og slett nyt å håne dei arme undersåttane sine gjennom desse patetiske og perverse parodiane på folkestyre.

Før valet (eller «valet») ifjor var det likevel ein del av oss som tillot oss å håpe at denne gongen skulle det gå annleis. Presidenten hadde, som autoritære herskarar flest, handtert koronapandemien katastrofalt dårleg: på eit tidspunkt uttalte han at «vodka, sauna og hardt arbeid» var dei mest effektive og strengt tatt einaste nødvendige tiltaka mot viruset, og forsikra at ingen ville døy av korona i Kviterussland.

Han tok feil. Den arrogante ansvarsløysa vekte sterk harme i folket, og titusenvis av menneske tok til gatene i både hovudstaden Minsk og andre kviterussiske byar for å demonstrere mot regimet.

Samstundes hadde opposisjonen i landet for ein sjeldan gongs skuld funne fram til ein samlande kandidat, den 37 år unge, tidlegare engelsklæraren Svetlana Tikhanovskaja. Hennar fremste valkampløfte var ganske enkelt å halde eit nytt, reelt demokratisk val, noko som gjorde det mogleg for andre kviterussiske opposisjonelle å fylke seg bak hennar fane.

Stemninga var spent, men det fanst eit håp, ein ørliten gneist av optimisme, hjå kviterussiske demokratiforkjemparar i byrjinga av august i fjor.

Men akk! Håp skulle snart vendast til desperasjon. Det herskar ingen tvil om at Tikhanovskaja hadde betydeleg støtte, men «valet» vart som vanleg ein farse, statsfjernsynet og andre Lukasjenko-lojale media erklærte presidenten som «vinnar», protestane mot maktmisbruket vart skånsellaust slått ned.

Regimekritikarar i hopetal vart pågripne, utsette for nedverdigande og umenneskeleg behandling, haldne i arrest på ubestemt tid, utan konkrete klagemål eller juridisk gjeldande dom. Tusenvis av kviterussarar har sidan forlate landet.

Tikhanovskaja sjølv har måtta gå i eksil i nabolandet Litauen. Men ho har ikkje late seg stilne. Utan kvile har ho og mange andre halde fram kampen for fridom og demokrati. Det er liten tvil om at presidenten kjenner presset.

Norske styresmakter må uttrykke vår vilkårslause støtte til eit fritt og demokratisk Kviterussland.

Viss du vil vere ein effektiv diktator er tommelfingerregel nummer éin å gjennomføre maktovergrepa dine mest mogleg i det stille. Det har Lukasjenko lukkast godt med i mange år. Men no kan det verke som om han er i ferd med å miste grepet. Den siste tida har det kviterussiske regimet gjennomført fleire groteske og bisarre aksjonar som ikkje har kunna unngå å tiltrekkje seg internasjonal merksemd.

Det byrja i mai, då eit Ryanair-fly som passerte over kviterussisk territorium på veg frå Aten til Vilnius vart tvinga til å lande på flyplassen i Minsk. Ein av passasjerane om bord i flyet, journalisten og anti-Lukasjenko-aktivisten Raman Pratasievitsj, vart arrestert umiddelbart etter landing i lag med kjærasten sin. Styresmaktene hevda at dei mistenkte at det var ei bombe om bord i flyet, noko som openbert var bløff og eit reint påskot for å få has på ein brysam regimekritikar.

Regelrette flykapringar i statleg regi er under alle omstende heilt ekstraordinært og oppsiktsvekkande, og episoden vart då òg fordømt frå alle baugar og kantar, inkludert NATO-generalsekretær Jens Stoltenberg og den norske utanriksministeren Ine Marie Eriksen Søreide.

Under det pågåande OL i Tokyo forsøkte Kviterussland å kidnappe ein av sine eigne utøvarar, sprintaren Krystsina Tsimanouskaja, fordi ho hadde ytra seg kritisk om disposisjonane til den kviterussiske olympiske komitéen, som Lukasjenko sin eldste son Viktor er leiar for. Tsimanouskaja vart eskortert til flyplassen mot sin vilje, men klarte å kontakte japansk politi, fortalde at ho «frykta for livet sitt» og unngjekk såleis å verte sett på flyet til Minsk. Ho har sidan fått innvilga politisk asyl i Polen.

Den aller mest makabre episoden fann stad i Kiev tidlegare denne veka, kor eksilaktivisten Vitalij Sjisjov vart funnen hengt i ein park. Sjisjov leia Det kviterussiske hus i Ukraina, ein organisasjon som bistår kviterussarar som har flykta frå forfølgjing i heimlandet. Ukrainsk politi har starta drapsetterforsking. Mykje tyder på at Sjisjov rett og slett er likvidert.

«Hviterussiske myndigheter har stått bak flere drap fingert som selvmord», uttalte Berit Lindeman, fagsjef i Den norske Helsingforskomité, til Dagsavisen tysdag. Styresmakter har dei siste vekene raida kontora til fleire menneskerettsorganisasjonar i landet og arrestert talrike kritikarar. Lindemann, som har jobba med Kviterussland i 25 år, seier at situasjonen i landet no er «helt på bristepunktet».

Lukasjenko har overlevd mange kriser i løpet av dei 27 åra han har styrt, men framstår som tiltakande desperat. Samstundes er opposisjonsleiar Svetlana Tikhanovskaja på offensiven. Dei siste vekene har ho hatt samtaler med både USAs president Joe Biden og Storbritannias statsminister Boris Johnson. At dører vert opna for henne i Washington og London er kanskje eit teikn på at det internasjonale samfunnet omsider er klare til å ta det kviterussiske folket si naud på alvor.

12. august kjem Tikhanovskaja til Oslo for å møte utanriksminister Eriksen Søreide. Noreg har følgt opp dei sanksjonane mellom anna EU har pålagt Lukasjenko-regimet. Det er bra. No må styresmaktene nytte høvet til å uttrykke vår vilkårslause støtte til eit fritt og demokratisk Kviterussland.