Debatt

Kamp mot fattigdom

Fattigdom øydelegg tro og håp – og fratar folk fridom.

Det trengs meir ressursar til kampen mot fattigdom. Situasjonen krev det, skriv Are Tomasgard. Her et bilde fra Frelsesarmeens slumstasjon i fjor vinter.
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Dette skriv eg for eiga rekning, som medlem i Arbeiderpartiet!

Når ein opplev at framtida er håplaus.

Når ein ikkje lenger ser ei råd på rekningane og skulda som veks veke for veke.

Når ein ikkje veit si arme råd om korleis gi borna det dei treng. Ikkje sikkert alle måltid kommer på bordet ein gong.

Stigmatiseringa som følger med det å væra fattig i verdas rikaste land. Der andre debatterer bonusar og leiarløner som høyrer ei heilt anna verd til.

Kva fører fattigdom til? Vi veit det godt!

Are Tomasgard.

Uhelsa, kriminalitet, lågare produktivitet og uheldige langtidsvirkningar.

Det er likevel menneska og deira livskvalitet som er det viktige.

Fattigdom øydelegg tro og håp – og fratar folk fridom.

Regjeringa har lagt inn noko til kamp mot fattigdom, mykje meir enn vi hadde fått med eit høgrestyre. Høgre prioriterar alltid milliardærene, eller?

Det trengs meir ressursar til kampen mot fattigdom. Situasjonen krev det!

Eg vonar difor SV, AP og sP bruker all si kraft i budsjettforhandlingene på å styrka kampen mot den aukande fattigdomen dyrtida vi lev i avlar.

I eit land med 15 000 milliarder på bok og eit nasjonalbudsjett på 1 880 000 millioner kroner, er det korkje riktig eller fornuftig å ikkje bekjempa fattigdom meir grunnleggjande!

Berre det å auka bruken av handlingsrommet i handlingsregelen med 0,1 % ville fått stor virkning i kampen mot fattigdom. Sannsynleg ingen virkning på inflasjonen!

Langtidsvirkninga av auka fattigdom vil uansett koma til å kosta både samfunnet – og dei som står i ein fortvila situasjon, mykje meir!

Eit samfunn med stor fattigdom og auka skilnader, er og eit samfunn der tilliten forvitrer.

Da vi la fram Totalberedskapskommisjonen sin rapport i juni, peika vi på tillit mellom folk og myndigheter som ein grunnleggjande faktor for god beredskap!Eit samfunn der folk ikkje har framtidshåp, er eit samfunn som er meir sårbart for destabiliseringforsøk av ymse slag.

Eg trur ikkje vi er der at fattigdom utgjør ein sikkerhetstrussel i Noreg enno, men vi skal væra på vakt. Historia heilt tilbake til storminga av fengselet Bastillen – under den franske revolusjon på slutten av 1700-talet, er full av eksempel på den uro og krav om omveltningar fattigdom kombinert med urettvis fordeling kan føra med seg.

Det er ikkje mogleg å fanga alle kostnadane og risiko som følgjer auka fattigdom i dei økonomiske modellene. Difor må politikarane bruka både hovudet og hjarta!

Eg vonar dei raudgrøne partia prioriterer dei som har det aller vanskeligst når dei no skal einas om neste års nasjonalbudsjett. Det handlar om å ta vare på kvarandre.

Som Jon Fosse skriv om i diktet «Kvarandre»: Vi som tilhøyrer venstresida i politikken må gi og dei med minst grunn til å smila tilbake!

Innlegget ble først postet på Are Tomasgards Facebook-side, og gjengis med tillatelse. Tomasgard er LO-sekretær, men uttaler seg her som medlem av Arbeiderpartiet.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt