Debatt

Jordvern er viktigare enn nokon gong

For å redusere omdisponeringa av dyrka jord er vi avhengige av kommunane.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Mange stader i Noreg er no utsatt for flaum og jordskred. Tidlegare i sommar var tørke eit problem i delar av landet. Krigen i Ukraina rammar matforsyninga i heile verda. Strengt tatt har vi derfor ikkje råd til å mista noko matjord i det heile. Eg håpar at vi med felles innsats kan nå måla i jordvernsstrategien så raskt som mogleg. Jordvern er livsviktig!

Sps finanspolitiske talsperson Geir Pollestad .

For å redusere omdisponeringa av dyrka jord er vi avhengige av kommunane, som styrer arealpolitikken lokalt. Omdisponeringa har heldigvis gått ned dei siste åra. Eg vil takke alle dei kommunane som har bidrege til dette, og samstundes utfordre dei andre til gjere det dei kan for å ta vare på så mykje av matjorda som mogeleg!

Mange kommunar har sett av område i kommuneplanane til byggjeformål, men dei er ennå ikkje tatt i bruk til dette. Vi er avhengige av at mange kommunar tilbakefører slike område til jordbruksareal. Regjeringa oppmodar om dette i dei nye nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging, som vart vedtekne 20. juni i år.

Også i den nye nasjonale jordvernsstrategien blir det understreka at kommunane er særleg viktige aktørar i jordvernarbeidet. Det er derfor avgjerande at jordvern blir vektlagt i lokal arealpolitikk.

Jordvernsstrategien inneheld ei rekkje nye tiltak, i tillegg vidarefører vi tiltak frå tidlegare strategiar. Dei viktigaste nye tiltaka er:

  • Greie ut ein heimel i jordlova for vern av viktige jordbruksareal
  • Utvikle eit sentralt register for viktige jordbruksareal av nasjonal interesse
  • Utvikle eit jordbruksarealrekneskap, som kan bli ein del av nasjonal arealrekneskap
  • Etablere ein systematisk registrering av faktisk nedbygging av jordbruksareal
  • Etablere eit nytt kartgrunnlag for dyrkbar jord
  • Fleire tiltak med sikte på å redusere landbruket sin eigen nedbygging

Skal vi nå jordvernmålet, krev det innsats i fleire sektorar. Jordvernet skal derfor styrkjast i Nasjonal Transportplan og i nasjonale føringar for planlegging etter plan- og bygningslova. I dei nye nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging er jordvernet styrkt. Det står mellom anna at utbyggingsbehovet må balanserast betre mot det langsiktige omsynet til innanlands matproduksjon, og at det særleg i pressområde er viktig å praktisere eit strengt jordvern. Det står òg at dei beste jordbruksareala ofte ligg der utbyggingspresset er størst, samstundes som tettstadsnære jordbruksareal er viktige for beredskapen.

Det er viktig at også landbruket sjølv gjer ein innsats.

Når kommunane arbeider med sine planar og prioriteringar, er det viktig med eit godt kunnskapsgrunnlag. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) skal bidra til å utvikle eit jordbruksarealrekneskap, som kan gå inn i den nasjonale arealrekneskapen som er under utvikling i regi av SSB. I tillegg vil regjeringa at NIBIO skal bidra til å etablere eit nytt kartgrunnlag for dyrkbar jord, slik at vi får betre oversikt over dei faktiske arealreservane som eventuelt kan brukast for å erstatte nedbygginga av dyrka jord.

Det er viktig at også landbruket sjølv gjer ein innsats. Strategien inneheld derfor fleire tiltak retta mot å redusere landbruket sin eigen nedbygging av dyrka mark. Landbruks- og matdepartementet har alt etablert eit samarbeid med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag for å auke merksemda på dette. Eg legg opp til å vidareføre eit godt samarbeid med landbruket.

I Hurdalsplattforma heiter det at mindre matjord må byggjast ned, og at jordvern må vere eit overordna omsyn i arealforvaltninga. Eg er glad for at vi har fått ein ny jordvernsstrategi som bidreg til dette. Det er viktigare enn nokon gong å laga ein politikk som aukar matberedskapen. Heldigvis ser vi ei større forståing i samfunnet for å styrkje jordvernet, auke matsikkerheita og den norske sjølvforsyninga. Eg ser fram til eit samarbeid med kommunane, landbruket og andre gode krefter for å sikre matjorda for matproduksjonen.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt