Debatt

Bygg eit varmare lag rundt læraren

Det viktigaste ein lærar kan gje elevane sine er røter og vengjer. Men klarar læraren dette aleine i 2023?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

For fjerde år på rad held nedgangen i søkjartala til lærarutdanningane fram, og me har i løpet av dei seinare år sett ein tendens til ei nådelaus forvitring av statusen til læraryrket.

Ein kan nesten dagleg høyra rop om varsku knytt til stadig fleire skulevegrarar, ei auke av elevar som nyttar vald mot andre og lærarar som kjenner seg makteslause i møte med eit lovverk (§9a) som gjer lærarar redde for å vera tydeleg nok på grensesetting.

Robert Mjelde Flatås er førstelektor i pedagogikk ved avdeling for lærerutdanning og pedagogikk på NLA Høgskolen.

Å stå som lærar i slike situasjonar over tid, kan lett føra til stressrelaterte plagar og i verste fall sjukmelding.

Sjølv om fleire undersøkingar viser at mange lærarar trivst godt i jobben sin, så betyr ikkje det at læraren ikkje opplever utfordringar på ei rekkje område. Ei sentral oppgåve for læraren i våre dagar er å skapa ein skule som klarar å ivareta alle elevar, der inkludering vert sett på som ein viktig føresetnad for at barn og unge kan trivast, utviklar seg og oppleva samhøyring med andre.

Frå styresmaktene vert det vist til verdien av å skapa gode profesjonsfaglege fellesskap, og det vert ofte peika på at det å lukkast med inkludering kan handla om korleis læraren tenkjer og snakkar om og med elevane.

Alt dette er viktig poeng, ofte godt forankra i forsking, men kan det og tenkjast at laget rundt læraren ikkje er sterkt nok rusta i dag til å kunna gje ei forsvarleg nok opplæring til det mangfaldet av elevar som læraren møter i dag.

Å byggja eit varmare kompetanselag rundt læraren, betyr å gje læraren meir tid til å vera ein god og varm lærar.

Det er ikkje mogleg å vera profesjonell aleine (Hargreaves, 2014). Å byggja eit godt lag, inneber ein god plan for korleis ein som lag skal møta ulike utfordringar saman. Lagspelarar har ofte ulik kompetanse som fordrar at ein må samarbeida for å kunne oppnå best mogleg resultat.

I skulesamanheng blir eit slikt lag for tynt viss det kun skal bestå av lærarar. Me må som samfunn framover våga å tenkja nytt om laget rundt læraren for slik å kunna gjera læraryrket trygt og attraktivt att, noko som sjølvsagt også vil koma elevane til gode.

Ei varmare lag rundt læraren kan til dømes byggjast på følgjande måte:

  1. Fleire miljøterapeutar, barnevernspedagogar, vernepleiarar og helsesjukepleiarar må tilsetjast på skulane, for slik å kunna bli ein del av laget til læraren. Ein miljøterapeut blir til dømes ei viktig brikke på å følgja opp psykososiale utfordringar.
  2. Flytt delar av kontortida til PPT-tilsette og psykologar ut på skulane. La desse hjelpeinstansane bli lettare tilgjengelege for læraren.
  3. Gje fagarbeidarar og andre tilsette meir planleggings- og samtaletid saman med læraren, for slik å kunna gjera det lettare for denne faggruppa å bidra med eigen kompetanse inn i laget.
  4. Foreldresamarbeid må styrkast på ein slik måte at føresette forstår og kjenner sine rettar men også i større grad sine plikter. Ei slik forventning kan ein starta med ved å få på plass eit tydeleg rundskriv frå styresmaktene. Å spela på lag inneber at ein har klare forventningar til kvarandre.
  5. Lova §9A må endrast i ny komande opplæringslov frå hausten 24 for slik å sikra at den ivaretek også rettssikkerheita til læraren.

Å byggja eit varmare kompetanselag rundt læraren, betyr å gje læraren meir tid til å vera ein god og varm lærar. Å gje læraren tryggare og betre arbeidsforhold, vil ikkje berre vera med på å gje læraryrket eit statusløft, men også sørgje for at endå fleire elevar blir sett og får den opplæringa og støtta dei har krav på.

Læraren vil på denne måten truleg kunna føla seg meir verdsett i ein arbeidskvardag der ein opplever at samfunnet bryr seg om ein og den livsviktige jobben ein er sett til å gjera.

Mer fra: Debatt