Debatt

Klikk-åte for frustrerte foreldre

Det er spesielt ein ting som slår meg: Vi foreldre blir lokka til å klikke oss inn på saker som skal gi oss svaret med stor S – gjerne formulert som tre, fem eller berre eitt viktig råd.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

2. april publiserte Berlingske ein artikkel om antropologen Henrik Hvenegaard Mikkelsen som går til motmæle mot ei rekke aksepterte sanningar og mytar knytte til foreldreskap og oppvekst.

Mikkelsen peikar på ei samfunnsutvikling der vekta av ansvaret for borna si framtid ligg tungt på foreldra sine skuldrer.

Gunhild Regland Farstad, samfunnsviter og mor.

Når foreldra kjenner på det individuelle ansvaret for å finne den rette vegen i foreldreskapet, ser dei på sjølvhjelpsbøker som ei naturleg kjelde til støtte. Han har skrive ei bok om dette, og er spent på mottakinga.

Det kan eg godt forstå, for ekspertfokuset på barneoppseding og foreldreskap har vakse seg stort og mektig.

Men forfattarar av sjølvhjelpsbøker er ikkje dei einaste som veit å tene på foreldre si jakt på støtte og gode råd. Den siste tida har eg samla ei rekke skjermbilde av innlegg i nettaviser og nettsider som gir råd til foreldre om å oppdra barn. Det er spesielt ein ting som slår meg: Vi foreldre blir lokka til å klikke oss inn på saker som skal gi oss svaret med stor S, gjerne formulert som tre, fem eller berre eitt viktig råd som skal gjere foreldreskapsgjerninga veldig mykje betre.

Gjer du dette går det bra, eller i fleire høve; dette må du unngå, elles kan det gå riktig dårleg. Rådet kjem ofte med ein undertekst om at det byggjer på forsking.

Lat meg komme med nokre utvalde døme: «Forskerne er enige: det er én metode som er best for å endre barns adferd», «Dette er den beste aldersforskjellen mellom barna», «Dette skaper robuste barn». Her er bodskapen at det finst ei løysing. Gjer vi det som desse artiklane peikar på, så løyser det utfordringar vi har (eller kanskje kan komme til få ein dag).

Ein annan vanleg sjanger er «ikkje gjer dette»-sjangeren: «Hvis du gjør dette, ødelegger du babyens søvnmønster», «Syv klassiske feil i moderne barneoppdragelse- gir grunn til uro», «Ikke still disse spørsmålene til barna dine». Bodskapen er; klikk her, så får du vite kva dette eine er som er så farleg. Her er det ein, eller kanskje så mykje som sju, feil eg gjer som eg må slutte med.

Eg fann òg ein kategori artiklar som peikar på alt som er feil med dagens foreldre og barneoppseding. Desse vert ofte knytte til institusjonar som skule og barnehage. Overskriftene kan til dels vere harde: «Disse foreldrene gjør seg selv en bjørnetjeneste», «Lektoren slår alarm om egoistiske og uoppdragne elever», «Ekspert om dagens barneoppdragelse: det er helt krise».

Bodskapen retta mot foreldra kan lesast som at kva enn det er vi driv med så er det feil, og vi må forstå at oppsedinga av ungane våre er fullt og heilt vårt eige ansvar.

Etter ti år som mor tør eg våge påstanden om at slike svar ikkje finst i ein nettartikkel.

Eg fann nokre få motstemmer mot slike peikefingrar og raske løysingar. Eit døme er denne overskrifta: «Det vanskeligste med å oppdra barn er ikke lenger ungene, men reglene for hva som er riktig». Dette var ikkje eit sitat frå ein fagperson, men eit hjartesukk frå ei mor.

Tydelegvis er det dette Mikkelsen òg har sett når han seier til Berlingske at det å leve opp til høge krav om å engasjere seg i alle aspekt av barns liv og utvikling kan få negative konsekvensar for foreldra sin trivsel.

Det er ikkje noko gale i at flinke fagfolk formidlar kunnskapen sin i media. Talet på artiklar, podkastar og bøker om barneoppseding er stort og det kjem stadig nye tilskot. Ein del av det eg har rukke å lese eller høyre synest eg er nyttig og interessant. Noko kan ein vere kritisk til, og noko kan ein vere rivnande ueinig i.

Til tider er det vel mykje barneoppseding i monitor, og her kjem mitt ankepunkt. Dette temaet er tydelegvis godt stoff for dei som vil at vi skal klikke og lese; altså godt gammaldags klikk-åte. Gjennom overskrifter som lovar svar på utfordringar, eller som påfører oss kjensla av at det er noko vi gjer alvorleg gale, får dei oss på kroken.

Kjensla eg sit med etter å ha lest overskriftene og sett vinklinga i artiklane, er at innhaldet i svært liten grad viser at born, familiar og ikkje minst foreldre er ulike. Vi har ulike føresetnader for å klare foreldrerolla, og kanskje er det greitt at vi fikser henne på litt ulike måtar. Kanskje er det heilt ulike ting som skal til for at vi kan få det betre.

Overskriftene sender eit bodskap om at vi heile tida må forbetre oss, og at rolla vi har som foreldre er så altoverskyggande viktig for ungane våre at det å sette råda inn i ein kontekst er overflødig. Kanskje er det å seie at ungen din er «flink» (som ein jo ikkje skal gjere, det veit vel alle), eller å stille det spørsmålet du ikkje skal stille, veldig mykje betre enn alternativet.

Konteksten blir også usynleg i rådet om å vere så mykje saman med barnet som mogleg; «kvantitet er viktigast». Eit slikt råd slår ulikt ned i ein familie der foreldra har fleksible jobbar og kan hente tidleg i barnehagen av og til, enn det gjer i ein familie der ei einsleg mor jobbar lange skift for å halde familien økonomisk flytande. Då kan det hende at kvalitetstid faktisk er ei god målsetting, når ein har fått mat på bordet og straum i panelomnen.

At råda er velmeinte tvilar eg ikkje på, men dei har ei slagside som handlar om at foreldre blir usikre på eigne vurderingar. Det individuelle ansvaret blir for stort, og prega av eit fokus på «rett» og «feil». Variasjonsbreidde og ulike moglegheitsrom får vanlegvis ikkje plass i desse oppslaga.

Mange av råda er i tillegg totalt motstridande, og kan skape enno større forvirring enn det foreldra opplevde i utgangspunktet; slik som når «korleis lære å si nei» kjem i konflikt med «slik unngår du å si nei».

Oppslaga eg har tatt skjermdump av den siste tida byr foreldre ei forteljing om at det finst eitt svar, ei løysing, og x antal feil ein for all del må unngå. Etter ti år som mor tør eg våge påstanden om at slike svar ikkje finst i ein nettartikkel.

Søk gjerne råd, men bit ikkje på åtet som prøver å få deg til å tru at dersom du berre følgjer dette velmeinte rådet blir alt bra. Sjølv skal eg nok lese boka til Mikkelsen og håpe ho gjer meg litt klokare på livet som forelder.

Mer fra: Debatt