Debatt

2021 – eit uår for verdsfreden

Etter ein fallande trend for antall drepne i væpna konflikter sidan 2014, døydde om lag 84.000 i fjor.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Etter 2014 ser vi ein trend med færre drepne i væpna konfliktar globalt, men i 2021 vart denne trenden kraftig reversert. Nye tal frå Konfliktdataprosjektet ved Uppsala universitet (UCDP), publisert i Journal of Peace Research denne veka, syner at om lag 84.000 menneske døydde i konfliktar i 2021. Trenden frå dei føregåande åra var broten allereie før Russland invaderte Ukraina i 2022.

Færre, men blodigare konfliktar

Det første tiåret på 2000-tallet var den mest fredelege perioden i historia, trass invasjonane i Afghanistan og Irak. Det neste tiåret vart prega av fleire store konfliktar, til dømes i Syria. Nedgangen frå 2014 gav von om ein viss optimisme, som diverre viste seg grunnlaus.

I konfliktforskinga deler vi konfliktar i tre typar: Statlege og ikkje-statlege konfliktar, og vald mot sivile. Talet drepne auka i alle tre kategoriane i 2021 og skriv seg i stor grad frå eskalerande vald i Afghanistan, Etiopia og Jemen, som til saman femna om 80 prosent av alle offer for krig og konflikt dette året. I Somalia og Nigeria var det òg konfliktar med meir enn 1.000 falne, som er eit vanleg skilje mellom krigar og mindre konfliktar.

Tala på både krigar og væpna konfliktar gjekk ned frå 2020. Aserbajdsjan vann krigen om Nagorno-Karabakh, medan begge krigane i Syria fall under grensa for 1.000 drepne.

Mindre i Midtausten

Etter den arabiske våren dominerte Midtausten konfliktbiletet i eit tiår. Framveksten av IS og internasjonal innblanding bidrog sterkt til det. Framleis er krigen i Jemen ein av dei mest alvorlege, men andre delar av Asia og Afrika er no meir i fokus.

PRIO-forskere

Asia var den hardast ramma regionen i 2021, mykje på grunn av den eskalerande valden i Afghanistan. Etter at USA trekte seg ut av Afghanistan, starta Taliban ein storoffensiv for å ta over makta i landet. Det førte til dramatisk fleire drepne. Etter at Taliban tok kontroll over landet, har dødstala kome ned på eit lågare nivå.

Afrika har langt dei fleste konfliktane med nær halvparten av alle. Krigane i Nigeria, Etiopia og Somalia gir størst grunn til otte, og fleire konfliktar har potensial til å nå same nivå. Burkina Faso, Den sentralafrikanske republikk, Tsjad, Kamerun, Mali og Den demokratiske republikken Kongo har konfliktar som kan eksplodere. Somme av desse konfliktane skriv seg heilt attende til 1960-talet, men har framleis urovekkjande sprengkraft.

Nye mønster?

Sidan 2006 har politisk islam vore i søkjelyset. Det er framleis mange konfliktar der radikal islamistisk ideologi er med i biletet, inkludert fire av dei fem krigane som var aktive i fjor. IS er også aktiv i 15 land, frå Mali til Filippinene.

Men konfliktmønsteret blir stadig meir variert. Fleire konfliktar er drivne av nasjonalisme i ulike former, og vi kan skimte etterdønningar av gamle imperium. Konfliktane i Ukraina og Kaukasus, og mellom Kirgisistan og Tadsjikistan er historisk knytte til både det russiske imperiet og Sovjetunionen. Lenge etter Indonesia fekk sjølvstende, har landet hatt konfliktar med område som vart verande europeiske koloniar, som til dømes den aktive konflikten i Vest-Papua.

Ambazonia-regionen i Kamerun var ein britisk koloni, men vart slått saman med Fransk Kamerun i 1961. Det førte til ein krig med 60.000–70.000 drepne. Den same konflikten har no vore aktiv sidan 2016. Ulike kurdiske opprørsorganisasjonar har slåst for eit eige land lenge, men i nyare tid er samanbrotet av Det ottomanske imperiet eit vendepunkt. Tre konfliktar, i Syria, Tyrkia og Iran, var aktive i 2021 og den varsla tyrkiske offensiven i Syria gjev grunn til uro.

Ein av dei mest alvorlege krigane etter Den kalde krigen var mellom Eritrea og Etiopia rundt tusenårsskiftet. Denne krigen er igjen aktiv, kombinert med ein borgarkrig i Etiopia. Historisk er Etiopia eitt av dei mest konfliktramma landa i verda, og oppblomstringa her gjev grunn til otte.

Ikkje-statlege konfliktar

Ikkje alle konfliktar involverer statar. I 2021 fann UCDP 76 ulike konfliktar mellom ikkje-statlege organisasjonar, med til saman 25.000 falne. Det var ein oppgang frå 2020. 16 av desse var i Mexico, og nettopp her finn vi over 80 prosent av alle falne i ikkje-statlege konfliktar.

Også talet på ikkje-statlege konfliktar har auka globalt, men det gjekk ned i Midtausten og Afrika. IS var lenge dominerande, men har sidan vorte svekka. I 2021 var knapt tre prosent av falne ved ikkje-statlege konfliktar knytte til hendingar der IS deltok.

Vald mot sivile

Også for kategorien vald mot sivile var det i 2021 færre hendingar, men fleire drepne totalt. Til liks med året før dominerer Afrika biletet med 82 prosent av dei drepne. Både opprørsgrupper og statlege aktørar kan stå bak vald mot sivile, men statlege aktørar var ansvarlege for brorparten av slik vald i 2021.

Nær 40 prosent av valden mot sivile i 2021 var i Etiopia. Alle partar utførte brot på menneskerettar, og det var vidstrakt bruk av seksuell vald.

2022: Ukraina og vegen vidare

Konfliktbiletet i 2022 vil truleg vere dominert av Ukraina, men det er ikkje visst at den globale stoda i 2022 kjem til å vere like ille som 2021. Afghanistan er no mindre valdeleg enn for eit år sidan, i Jemen er det inngått våpenkvile som vi førebels ikkje kan vurdere effekten av, og vi ser teikn til at krigane på Afrikas Horn ikkje er like intense som dei var.

Samstundes har krig og konflikt eit mykje høgare nivå no enn for 15 år sidan. Ei hovudårsak er at Tryggingsrådet i FN ikkje lenger fungerer som ein fredsskapande kraft, og det er neppe grunn til å tru at det kjem til å betre seg med det fyrste.

Noreg kan bidra med støtte til eksisterande og nye fredsoperasjonar, og oppretthalde merksemda på å finne politiske løysingar gjennom forhandling. Fleire gamle konfliktar blussar opp – også der det tidlegare har vore semje om fredsavtalar.

Likevel meiner vi at fredsarbeid nyttar – men det krevst tolmod og internasjonalt nærvær.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt