Debatt

Gjør barnebarna dine stolte, Jonas!

Skulestreikarane er sendt heim frå Eidsvolls plass, men krava frå unge er viktigare enn nokon gong.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Klimasteikarane som fylde Noregs gater er plassert på heimeskule for å minske smitten, samtidig eskalerer global oppvarming. Etter to år med inngripande tiltak er folk framleis villige til å møte klimakrisa med same alvor som koronapandemien, men politikarane manglar vilje til å gjere nødvendige grep.

Dette er eit svik mot alle som har marsjert gjennom gatene for klima.

Tillit er ein av dei viktigaste ingrediensane i velferdsmodellen. Tilliten mellom folk, institusjonar og politikarar blir peika på som avgjerande for at koronahandteringa i Noreg har fungert så godt. Vi har hatt tillit til at politikarane har tatt all tilgjengeleg kunnskap på alvor og satt ut i livet rammer som sikrar liv og helse. Trass to år med pandemi har tilliten gitt oss tru på at vi systematisk gjennomfører ein felles dugnad.

Det same kan vi ikkje seie om klimainnsatsen.

I ei undersøking gjort i august i fjor svarer hele 47 % av befolkninga at vi er villige til å akseptere like kraftfulle tiltak for å handtere klimakrisa, som det vi har oppleve i møte med koronakrisa. Dette svarer vi fordi 75 % av den norske befolkninga ser klimakrisa som minst like alvorleg som koronakrisen.

Forskjellen er at vi ikkje trenger nedstenging av sosial kontakt og heimeskule for å møte denne krisa. Likevel har ein ikkje politikken på plass for å minke på fossil energi, minske matsvinn eller hjelpe fleire å reparere i staden for å kjøpe nytt. Politikarar må ta vitskapen på alvor og vise politisk vilje for å løyse klimakrisa.

Veljarane gjorde klima til ei av dei viktigaste sakene før valet og gav slik klar beskjed om at vi ønsker kraftfulle klimatiltak. Dei folkevalde på Stortinget og i regjering har fått tillit til å gå i gang med arbeidet. Men, etter litt over 100 dagar ved roret har dei gjort det klart at det framleis er fortidas fossile ressursar regjeringa skal investere i.

Måndag førre veke slo klima- og miljøminister Espen Barth Eide fast at Noreg ikkje har gjort nok for å unngå global oppvarming. Han seier at 1,5-gradersmålet blir vanskeleg å nå. Dette var allereie gløymt tysdag då olje- og energiminister Marte Mjøs Persen delte ut 53 nye oljelisensar.

Sjølvsagt blir 1,5-gradersmålet ikkje berre vanskeleg, men umogleg å nå, dersom regjeringa skal halde fram med same gamle unnskyldningar. 2022 er ikkje ei tid for å sakte fase inn fokus på klima og miljø. Dette må skje raskt. Jordas bereevne er grunnlaget for våre liv, og må derfor vere ramma for all vår politikk.

Skulestreikarane er sendt heim frå Eidsvolls plass for å løyse koronakrisa, men krava frå unge er viktigare enn nokon gong: Vi har ikkje råd til fleire oljelisensar. Etter tre år er også IEA og Antonio Guterres einig med dei streikande unge, no må også regjeringa lytte.

Uroa mange unge kjenner for framtida er rasjonell og bygd på verdas leiande forsking.

Politikarane gjer ikkje nok for å stoppe klimakrisa, eller sagt med Barth Eides egne ord: «Vi har gjort en altfor dårleg jobb alle saman i alle år. Vi har visst om klimakrisa lenge, men vi har gjort for lite». Og den forrige klima- og miljøministeren er helt einig. Det norske folk etterspør inngripande tiltak, på linje med dei vi har sett under koronakrisen. Heldigvis kan enkeltindividets innsats i møte med klimakrisa vere betydeleg mindre innskrenkande enn dagens koronarestriksjonar.

Vi ber ikkje om forbod, lockdown og at samfunnet skal stoppe opp, men trenger hjelp til å starte en langsiktig omstilling der det er enklare å velgje ei berekraftig framtid, enn å la vere. Unge strekker seg langt i å handle brukt, reparere tinga sine, velje tog og buss framfor fly og ete vegetabilsk, på tross av at det er dyrare enn å forureine.

Når regjeringa i tillegg opnar for nye oljelisensar og står i bresjen for gårsdagens klimapolitikk, er det liten grunn til å ha tillit til at barnebarna til Gahr Støre får oppfylt løftet han gav på valnatta – at han vil gjere alt i sin makt for å bekjempe klimakrisa.

Vi krev at ord blir til handling, for vi har berre nokre få år på å få jobben gjort.

Sjølv om delar av nærlingslivet tek initiativ til meir sirkulærøkonomi og omstillingsprosjekt, trenger vi betre rammer og insentivordningar som bidreg til å gjere den naudsynte omstillinga mogeleg. Slik det har vært heilt naudsynt å ta koronakrisa på alvor, må vi gjere det same med klimakrisa.

Vi treng at regelmessige pressekonferansar framover oppdaterer om framdrift på innføring av ein matkastelov, momskutt på reparasjonar, billigare kollektivtrafikk og nedtrapping av oljelisensar. Det er ingen grunn til å vente, men ein million grunnar til å handle. Berre slik kan vi ta vår felles framtid på alvor.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt