Debatt

Kor kjem du eigentleg frå?

Korfor treng ein å nemne at kollegaen din snakkar eit anna språk og begynne å etterlikne det?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Då eg var born lærte eg at i USA var det farleg å gripe inn viss ein person blei «angrepet» på gata. Og det blei lagt til: «slik er det sjølvsagt ikkje i Noreg. I Noreg hjelp vi kvarandre».

Etter kvart som eg blei eldre forstod eg at denne framstillinga ikkje heilt stemte.

For eg høyrte om personar som opplevde rasisme på trikken, i butikkar, på skulen og på jobb – utan at nokon sto opp og sa i frå.

Du er heilt sikkert eit godt menneske. Det er ikkje sakens kjerne

Eg trur ikkje at den manglande innblandinga nødvendigvis handlar om at folk ikkje bryr seg.

Sjølvsagt finns det personar som syns det er heilt greit å uttrykke hat og fordommar, og til og med forsvarar valdelege handlingar. Men dette er ikkje majoriteten av oss.

Det er ulike grunnar til at folk flest ikkje grip inn når nokon blir utsett for rasisme. Ei av dei er kva erfaringar ein tar med seg inn i situasjonen.

Folk flest ser ikkje på seg sjølv som rasistar eller forsvarar rasistisk motiverte handlingar eller hatefulle ytringar. Så passiviteten kan ikkje sporast til at ein støttar det som blir sagt eller gjort. Veldig ofte trur eg det er fordi ein rett og slett ikkje får med seg kva som skjer, eller forstår at det kan opplevast som rasisme.

Grunnane til det kan sjølvsagt vere både musikk på øyret eller at ein er opptatt med sine eigne samtaler. Men det kan òg vere fordi ein ikkje gjenkjenner rasisme. Nokon utsegn er utvetydige slik som «Dra tilbake dit du kjem frå».

Rasisme kan òg ta mindre synleg form som når nokon spør «Kor kjem du EIGENTLEG frå?»

For kva er galt med det? Er det ikkje inkluderande å vise interesse for andre?

Jo visst er det fint å gje andre merksam. Men av og til er merksam det siste ein ønsker, iallfall når ein alltid er den personen som merkar seg ut ved å ha ein anna hudfarge, ein anna religion, er skeiv, eller har eit anna morsmål.

Særleg når ein føler seg norsk og som alle andre i rommet.

For å gripe inn når nokon andre blir utsett for rasisme krev det at ein sjølv ser at rasisme finn stad

Og det handlar ikkje om å unndra seg eit openbart faktum. For å legge merke til det som skil seg ut, er menneskeleg. Men korfor må ein kommentere det? Er det relevant i akkurat den situasjonen? Korfor treng ein å nemne at kollegaen din snakkar eit anna språk og begynne å etterlikne det?

Det kan vere vanskeleg, og for mange nesten umogleg å forstå korfor det er eit problem.

«Det er jo berre å tulle, ta ein spøk». Ja, kanskje du hadde gode intensjonar, og du er heilt sikkert eit godt menneske. Det er ikkje sakens kjerne.

Spørsmålet er heller korleis vi taklar å høyre at våre ord og handlingar, som berre var meint i beste meining, blei oppfatta som sårande og rasistisk.

Kva gjer vi med ubehaget denne beskjeden gir oss?

Går vi i forsvarsposisjon? Blir vi usaklege? Endrar vi tema? Eller prøver vi å lytte til kva den andre har å sei, og er positivt innstilt til å velgje andre omgrep og stille andre spørsmål for å bli kjent med nye personar?

Ja, då er det stor sjanse for at du gjennom erfaringsutveksling og aktiv lytting får eit større bilde av kor stor makt ord har, både i positiv og negativ forstand.

For å gripe inn når nokon andre blir utsett for rasisme krev det at ein sjølv ser at rasisme finn stad. Neste steg vil vere å gjer passiv støtte om til aktiv handling.

Den nemnte kollegaen kan vere udugeleg i jobben sin, men det har neppe noko med hudfarge å gjere

Framfor å le med når din kollegaen kallar ein anna kollega for «sursøt kinasaus», så kan du foreslå at vedkommande kan nytte namnet på felles kollega.

Eller når du høyrer medpassasjerar omtale bussjåføren som «Al-Qaida» eller personen i køa blir kalla for «konebanker» – sei ifrå at dette ikkje er greit. Og, om naboen din eller venninna di seier at vedkommande ikkje vil jobbe med «ho utlendingen fordi ho er svart», still spørsmålsteikn med argumentasjonen.

Den nemnte kollegaen kan vere udugeleg i jobben sin, men det har neppe noko med hudfarge å gjere.

Stå opp mot rasisme når du ser og høyrer det. Og ikkje mist motet, for ingen blir verdsmeister utan mengdetrening. Faktisk er det særs få som blir best i verden. Men det handlar ikkje alltid om å vere best, men om å prøve og gjere sitt beste.

Det er tross alt typisk norsk å vere god.

Mer fra: Debatt