Debatt

Rigga for omstilling?

Store samfunnsutfordringar føreset omstilling – av politikk, økonomi og kunnskapsutvikling.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Fenomenet Greta Thunberg slutter ikkje å fascinere, og heller ikkje etter den siste dokumentarfilmen. Som ein moderne Don Quijote starta ho med skulestreik i einsemd og knallharde krisemeldingar til overmakta.

På oppsiktsvekkande vis har ho mana til innsats mot klimautfordringa.

I Europa har Thunberg sitt engasjement skapt ringar i vatnet, medverka til ei politisk bølgje, og ein ambisjon om å bli det første klimanøytrale kontinentet i verda. Med sin nye European Green Deal har etablert mål om nullutslepp innan 2050, ei frikopling mellom økonomisk vekst og ressursbruk, og ein føresetnad om at ingen personar eller stadar skal kjenne seg etterlatne.

Klimautfordringa føreset ei fundamental omstilling, av tankesett, åtferd og politikk, også for Noreg. Men her heime er ikkje iveren heilt den same som i EU. Forklaringa er truleg ikkje så komplisert. Folk flest er kanskje ikkje klimafornektarar, men dei er heller ikkje vegetarianarar, dei likar feriar i utlandet og dei gremmer seg over bompengar.

Dermed får ein politikarar som tenker i same banar.

Med klimautfordringa tydar mykje på at Noreg si særstilling vil kome under press. For utvinning av olje og gass er uviss, og i alle fall ikkje like lys og løfterik som før. Næringa som no passerer middagshøgda har samstundes gitt opphav til stor rikdom. Dette dempar entusiasmen for utfasing og omstilling.

Olje- og gassnæringa er omgitt av sterke interesser. Det gjeld næringslivets organisasjonar, det gjeld fagrørsla – og det gjeld politikarar som knivar om veljarane i sentrum. Berre dei aller færraste vågar å stille seg i vegen for det som lenge har vore den mest vekstkraftige og innbringande næringa i landet.

Narrativet i næringa er at oljeselskap og leverandørar skal legge til rette for grøn omstilling, og at dårlege kår for olje- og offshoreverksemda vil gje tregare tilpassing til klimautfordringa. Denne fortellinga har sterkt medhald, politisk og finansielt. Men frå forskarar og miljøvernorganisasjonar har framstillinga hausta markant motbør.

Omstilling av norsk økonomi må bety vidareutvikling og vekst for næringar som kan bidra til reduserte CO2-utslepp. Tilsvarande er det vanskeleg å kome unna ein stagnasjon og tilbakegang for aktivitetar som fører med seg utvinning eller storforbruk av fossile brensel.

Spora etter slike resonnement i norsk politikk er ikkje tydelege.

Alt er likevel ikkje håplaust. Noreg er velsigna med ei rekke ressursar og eigenskapar som gjer oss sterke i møtet med omstillingsutfordringa. Me har eit velutvikla moderne demokrati, med tillit og tryggleik, lovar og reglar, robuste institusjonar, politisk velvilje, lågt konfliktnivå, fred og fridom.

I økonomisk forstand er me rike på meir handfast kapital. Me har pengar i overflod, sjølv om det så langt ikkje er omstilling som har stått i sentrum for staten sine investeringar. Me har humankapital, eller arbeidskraft, som er kjenneteikna av kompetanse, produktivitet og fleksibilitet.

Alt dette kan kome godt med i møtet med omstillingsutfordringa. Like fullt er det forhold ved norsk økonomi og samfunn som og kan virke hemmande på viljen og evna til endring, og dermed på tempoet i omstillinga.

På samfunnsnivå er dei politiske prosessane treige, ein finn motvilje mot omstilling og vegring mot reformar.

Den sterke oppslutninga om den norske olje- og gassnæringa kan i tillegg mistenkast å ha ein konserverande verknad på omstillingspolitikken og ein sementerande verknad på næringsstrukturen.

Rett nok er norsk økonomi kjent for rikdom og store ressursar, men baksida av medaljen er prega av høge løner og kostnadar. Dette er i utgangspunktet ikkje eit konkurransefortrinn. Utan ei superlønsam oljenæring å støtte seg til, må lønsnivået stå i stil med produktiviteten, som igjen er knytt til forsking og utdanning. Difor er det eit tankekors at Noreg i dag har eit lønsnivå som er mykje høgare enn gjennomsnittet for Europa, medan utdanningsnivået er meir middelmådig.

Det me treng er noko anna enn det me har hatt.

Eit anna tankesett, på individuelt nivå og på samfunnsnivå. Ein anna mønster for åtferd, i det daglege og i politikken. Eit anna sett av rammevilkår og politiske verkemiddel, i smått og stort. Sist men ikkje minst treng me forsking og høgare utdanning som forsyner samfunnet med kunnskap av høg kvalitet, som kan bidra til å møte utfordringane og omstillingsbehovet me no står overfor.

Universiteta forsyner samfunnet med ny kunnskap som skal drive utviklinga av arbeidskraft, næringsliv og tenesteforsyning i mange tiår framover. Innrettinga av denne kunnskapsproduksjonen er vårt aller viktigaste bidrag både til klimautfordringa og til omstillinga. Viktigare enn korleis me løyser oppgåvene våre er kva me faktisk gjer.

Difor bør ein sjå til at universiteta blir engasjert i alle samanhengar der ein diskuterer omstilling.

På dette viset vil universiteta og andre kunnskapsinstitusjonar ruste norsk økonomi og samfunn for best muleg respons på dei store samfunnsutfordringane i vår tid, og samstundes legge til rette for den omstillinga me treng.

Mer fra: Debatt