Debatt

Råka midt i tunglærtheita

DEBATT: Frp prøver å kapre tittelen ytringsfridomspartiet.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Jarl Wåge, skribent

Hadde Siv Jensen vore like klar og tydeleg i si fordømming av SIAN som ho er av meg, hadde det ikkje herska det minste tvil om korleis ho og Frp stiller seg til koranbrennarane.

No skal eg gjere noko eg ikkje bruker å gjere; komme med tilsvar til eit tilsvar. Siv Jensen har nemleg brukt energi på å svare på ein tekst, «Med rett til å ytre seg», som eg hadde i denne avisa på mandag. Denne gongen gjev eg altså tilsvar. Fordi ho fortener det. Dessutan er ho partileiar, og dei skal vi ta på alvor.

Det fyrste som slo meg då eg leste teksten, var at Siv Jensen hadde bestemt seg for å ta mannen og ikkje ballen. Ho serverer reine smørbrødlista over kva slags usselt menneskje eg er. For det fyrste er eg tunglært. Vi lærarar er kanskje det? Dessutan forstår eg ikkje, eller vil ikkje forstå. Tunglært og tungnem, altså. Vidare har eg visst gjort det til ein del av mi misjonærstilling å tolke og vri utsagn frå Frp-politikarar for å tilpasse dei mi forteljing om kor kjipt partiet er.

I tillegg, alt dette i fylgje Siv Jensen, har eg ein «i overkant lemfeldig omgang med fakta og kjem stadig med ufine karakteristikkar av Frp-politikarar. Både løgnar og mobbar, må vite. Så set ho inn sjølve nådestøtet: Eg er «nokså lik president Trump hva gjelder kommunikasjonsstil og det å tillegge meningsmotstandere kallenavn.» Eg må vedgå at Siv Jensen for fyrste gong  i historien fekk meg til å le høgt og lenge då eg kom til denne delikatessen. Ho er nok sjeleglad for at ho aldri vil synke så lavt som å komme med negativ omtale av sine meiningsmotstandarar.

LES WÅGE SITT TIDLIGERE DEBATTINNLEGG: Med rett til å ytre seg

LES SIV JENSEN SITT SVAR: Det er ikke lett å være tunglært, Wåge

Kallenamnet ho siktar til er truleg dette: «Null-Moria-barn-innover-våre-grenser Jon Helgheim.» Her er eg einig med Jensen og tar sjølvkritikk. Det er både unødvendig, dumt og uprofesjonelt å bruke kallenamn på andre menneskje. Eg skulle sjølvsagt ha skrive: «Jon Helgheim, han som ikkje vil ha eit einaste Moria-barn innover våre grenser.»

Rett skal vere rett. I tilsvaret til meg tar Siv Jensen avstand frå SIAN. «Jeg tar avstand fra SIAN, deres holdninger og deres uttalelser om deportasjon og internering av muslimer.» Flott. Og så føyer ho til: «Sånn. Da er det ryddet av veien.» Eg kan tenke meg at dei «blei skræmt no» Frp-arane som pleier kontakt med koranbrennarane slik at dei sporenstreks kuttar alle band med gruppa. Sånn. Då er det rydda av vegen.

Etter at ho har tatt avstand, føyer ho så til; ytringsfridom, ytringsfridom, ytringsfridom. Frp prøver å kapre tittelen ytringsfridompartiet, noko som er vanskeleg all den tid framtredande politikarar i partiet har prøvd å innskrenke ytringsfridomen når det har blitt ytra ting dei ikkje liker. Dessutan er eg sikker på at kvar einaste politikar i Noreg er like opptatt av å verne om ytringsfridomen som Frp-leiaren er.

Då eg hadde lest gjennom alle Jensen sine fargerike karakteristikkar av meg, tenkte eg at no, endeleg, skal ho argumentere mot påstandane i min fyrste tekst, vise kva som er løgn av det eg skreiv og kva som er ein del av min misjon for å framstille Frp som så kjipt som muleg. Men nei. Det kom ikkje meir, gitt. Ikkje eitt ord til. Det slutta der.

Så her sit eg og lurer på om ho ikkje er i stand til å imøtegå det eg skreiv. Kanskje ho ikkje klarer å påvise feil i teksten min? Kanskje eg ikkje lyg og manipulerer likevel? Kanskje ho rett og slett meiner at eg bare fortente litt kjeft?

Men det får eg vel aldri vite. I alle fall ikkje om ho ikkje skriv eit tilsvar til mitt tilsvar til hennar tilsvar til den opprinnelege teksten min.

Mer fra: Debatt