Debatt

Med rett til å ytre seg

DEBATT: Det er nesten komisk når Frp-arar prøver å framstille seg sjølve som riddarar i skinande rustningar i tapper og utrøytteleg kamp for ytringsfridomen, skriv Jarl Wåge.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Jarl Wåge, skribent

«Vi er ikkje einige med SIAN, men,» har blitt det nye «Eg er ikkje rasist, men». I det siste er det fyrst og framst Frp-arar som har teke i bruk denne omskrivinga i samband med at koranbrennarane blir møtt av enkelte valdelege element når dei gjennomfører spytte-på-og-brenne-Koranen-seansane sine på gater og torg rundt om i norske byar.

Siv Jensen er ei av dei som i alle kanalar har uttalt at ho ikkje er einig i alt SIAN står for, men ytringsfridom, ytringsfridom, ytringsfridom (Det som kunne vere interessant å få innsikt i, er kva ho er einig med SIAN i). Sjølvsagt har ho heilt rett i at ytringsfridomen er heilag. Dessutan gjev valdsutøverane koranbrennarane akkurat det dei higar etter; merksemd, fyrstesider og innslag i tv-nyheitene.

Sylvi Listhaug har sjølvsagt òg stilt seg skulder ved skulder med høgreekstremistane og forsvarer retten deira til å spytte på Koranen. Det merkelegaste av det merkelege er at ho ikkje har funne det på sin plass å komme med kritikk av SIAN og muslimhatet dei spreier land og strand rundt.

Det same gjeld for Null-Moria-barn-innover-våre-grenser-Jon Helgheim og andre framtredande partifellar. Dei er ikkje einige med SIAN, men ytringsfridom.

Delar av Frp har i årevis lefla med høgreekstremistar her til lands. Det har blitt avslørt at ei rekkje tillitsvalde i partiet har vore aktive i SIAN. Leiaren for koranbrennarane skreiv nyleg på Twitter: «Hadde Siv Jensen visst hvor mange FrP-ere som er SIAN medlemmer, ville hun ha skjønt at hennes dager som leder er talte». Om han snakkar sant eller ei, er hennar dilemma om ho skal tillate at partiet tar steg mot ekstremhøgre eller om ho skal rydde skikkeleg opp i rekkjene.

Det er nesten komisk når Frp-arar prøver å framstille seg sjølve som riddarar i skinande rustningar i tapper og utrøytteleg kamp for ytringsfridomen. Det er så ein kan lure på om dei ikkje har fått høyrsleskader heile gjengen av dunderet frå glas som bli knust når dei inntar barrikadane for retten til å spreie muslimhat. Faktum er at ikkje noko parti har vore i nærleiken av å gå til åtak på ytringsfridomen som FrP.

Null-Moria-barn-Helgheim har i lengre tid på trumpsk vis skulda TV2-profilen Fredrik Græsvik for «fake news», og han har oppfordra tv-kanalen til å sparke han. Sa nokon ytringsfridom?

To av dei mange eksjustisministrane til Frp, Anders Anundsen og Per-Willy Amundsen, var lenge i konflikt med sine lokalaviser fordi dei ikkje likte det dei skreiv. Amundsen la til og med ut bilde på Facebook der han brende sine siste utgåver av Tønsberg blad. Amundsen boikotta iTRromsø i fleire månader. Ingen nemnde ytringsfridom den gongen.

Det gjorde heller ikkje Frp då dei ville ta frå Antirasistisk Senter statleg stønad fordi dei hevda at Anders Lange hadde mottatt valkamp-midlar frå apartheidregimet i Sør-Afrika.

Dei som aldri kjem til å miste stønad så lenge Frp har ein finger med i maktspelet, er sambuarparet Hege Storhaug og Rita Karlsen som driv HRS, Human Rights Service (namnet er ikkje ironisk meint). Kvart år har Frp sikra dei ei «kunstnarløn» på bortimot to millionar kroner for at dei skal kunne fortelje det norske folk kor farleg det er å ha muslimar her i landet.

SIAN har mektige støttespelarar i Frp. Eller ytringsfridomsforkjemparar som dei helst vil framstå som. Fleire gongar har eg påpeikt at koranbrennarane har som mål å deportere alle muslimar frå Noreg. Og då meiner eg absolutt ALLE. Dette har dei sjølve sagt høgt og tydeleg på Twitter. Spørsmålet melder seg: Er dette det Frp òg vil?

For nokre dagar sidan stilte SIAN meg følgjande spørsmål på Twitter: «Dersom 300 000 uintegrerbare (muslimar) ønsker å ødelegge Norge, voldta mitt barnebarn og kaste deg fra hustaket (truleg fordi eg er homo), er det da feil å ville deportere dem?» Her snakkar vi om ein gjeng som skjuler seg bak etiketten islamkritikarar. Faktum er at dei ser på kvar einaste muslim i landet vårt, ikkje som menneskje, men barnelemlestarar og homodødarar.

Det oppsiktsvekkjande er at Frp-arar som har kritisert, og det med rette, valdelege motdemonstrantar, ikkje finn det opportunt å gå i rette med haldningar som dehumaniserer ein stor minoritet her i landet fordi dei trur på feil Gud. Fattar dei ikkje at om koranbrennarane skulle få gjennomslag for sitt hat og si menneskjeforakt, så vil Noreg slik vi kjenner det, kaste over bord både ytrings- og trusfridomen vi skattar så høgt? Fattar dei ikkje at å sparke på dør hundretusenvis av menneskje som ikkje er slik enkelte meiner dei skal vere, er det same som å seie adjø demokrati og velkomen diktatur? Fattar dei ikkje at provokasjonane deira på gater og torg kan bidra til å rekruttere ungdommar både til ekstreme islamistiske og høgreekstreme miljø?

«… men ytringsfridom,» seier Siv Jensen og hennar kumpanar med patos. Og eg trur slett ikkje på dei. Eg skal tru at det er ytringsfridom dei kjempar for den dagen dei går ut og kritiserer valdselementa som går til åtak på SIAN og så føyer til med like stor styrke: «og vi vil kjempe med nebb og klør mot hatefulle haldningar og trugsmål frå koranbrennarar om å deportere hundretusenvis av menneskje frå

Mer fra: Debatt