Debatt

Barnehagar i Stavanger er best i landet

KrF er opptatt av kvalitet i barnehagane, både kommunale, ideelle og private.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I februar kom den årlege foreldreundersøkinga som har kartlagd kor fornøgde foreldra er med barnehagane. Av barnehagane Stavanger kommune driv hadde Talgje og Bru gode resultat. Elles var det som alltid mange ideelle og private barnehagar høgt oppe på lista. KrF heier på mangfald og ser om det er noko å lære av dei med gode resultat i staden for å stramme inn og gjere det vanskelegare for dei å drive godt. Eit eksempel på dette er diskusjonen rundt tilskot og pensjon som har vore det siste året.

Opptak:

Dei fleste søkjer barnet inn og ynskjer plass når permisjonstida er over. For låge budsjett i kommunen kan gjere at ein ikkje får plass i tide eller må akseptere plass som ikkje er i samsvar med varig løysing. For å få til ei god og varig løysing må ein planlegge med noko overkapasitet. Målsetjinga framover må vere å møte familien sitt behov for plass fullt ut når barnet er eitt år. Då blir valet mellom kontantstøtte og barnehageplass eit reelt val.

Verdigrunnlag: Mange barn har store deler av sin kvardag i barnehage. Den må difor ha eit innhald som er på deira premissar. Barnehagen skal vere ein trygg og god stad for små barn, ein stad der barnet får utvikle seg gjennom lek, samspel og kreativ utfalding. Foreldre må kunne velje barnehage med eit verdigrunnlag som er i samsvar med eige livssyn utan at det skal koste meir eller ha lågare kvalitet enn offentlege alternativ.

Barnehage – heim:

Det mange er opptatt av når dei vel barnehage er å få til eit godt samarbeid mellom barnehage og heimen. For å få til dette må det vere plass nær heimen i eigen kommunedel. Foreldre på Talgje peiker på at det har vore høve til å bygge ein god relasjon over tid. Noko som øydelegg, og som er ei dårleg løysing for miljøet, er frakting av barn mellom lokalmiljø og på tvers av kommunedelar. Det har vore fleire eksempel på barn frå same familie som får plass i ulike barnehagar eller barn som må skifte barnehage etter ei stund.

Bygningar:

Dei færraste peiker på bygningane som det viktigaste når ein vel barnehage, eller skal seie noko om kva som gjer barnehagen til ein god stad å vere. Ein av dei eldste i Stavanger, Fredheim barnehage som Misjonssambandet driv, er av dei som har dei mest nøgde foreldra. Noko er likevel verd å merke seg; både Bru og Talgje kommunale barnehager har gymsal. Få med nokon private unntak som Espira Tastarustå og Egenes idrettsbarnehage vert planlagde med gymsal. Kvifor er det slik? Andre kvalitetar som vert peika på er høve til å søke ro i mindre grupper.

Naturbarnehage:

Bru barnehage har to båtar som i hovudsak Naturvettene bruker. Dei set garn, krabbe- og hummarteiner, fisker med harpe, og holmar i nærmiljøet vert utforska. Ein favorittstad er Lineholmane. Det er avtalar med grunneigarar i området og hjå den eine har dei fått setje opp lavvo som er i dagleg bruk. Barnehagesyklar vert brukt av alle avdelingane. Dei kan mellom anna sykle til Åmøy og Mosterøy. Stavanger har gjort vedtak om ein stor naturbarnehage ved Mosvatnet. Samtidig er ein av dei eldre naturbarnehagane på Roaldsøy lagt ned. I september 2021 vedtok eit einstemmig utval at kommunedirektøren skal sjå på høve til å etablere natur- og friluftsavdelingar og heile natur- og friluftsbarnehagar, der det er lokal vilje til å etablere dette. Dette arbeidet kan ikkje ha vore særleg prioritert når ein ser på resultata.

Kvalitet:

KrF er opptatt av kvalitet i barnehagane, både kommunale, ideelle og private. Undersøkinga viser at det finn ein i barnehagar med ulikt eigarskap, ulik størrelse og ulike måtar å drive på. Sjølv om nokon av barnehagane i Stavanger er best i landet, er det også eksempel på gammalt og utdatert utstyr, svak økonomi og utviklingsarbeid som går seint.

Mer fra: Debatt