Debatt

Forsvarer du forfølgjing og overvaking, Hillestad?

Kommunistane var blant dei som ytte den største innsatsen i kampen mot nazismen, for eit fritt Norge. Dei fekk inga heider, men blei tvert om hengde ut som potensielle landsforrædarar.

Dei som blei ramma av antikommunismen, var ikkje skyld i korkje Gulag eller andre overgrep. At det blei gjort grove brotsverk i Stalin-Sovjet, er ei kjensgjering, men me kan aldri rettferdiggjera brotsverk (forfølgjinga i maccarthytida) med at andre (Stalin) har gjort andre brotsverk, skriv Leiv Olsen.
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Torgeir Hillestad reagerer kraftig på at eg advarte mot antikommunisme i lesarbrev i RA (mitt innlegg stod 3.9., Hillestads 8.9.). No er det eit faktum at folk dei fyrste åra etter krigen, særleg på 1940-50-talet, blei utsette for overgrep som omfattande ulovleg overvaking, svartelisting og anna forfølgjing. Denne forfølgjinga, òg kjend som maccarthyismen, førte til at mange menneske blei knekte psykisk. Kommunistane var blant dei som ytte den største innsatsen i kampen mot nazismen, for eit fritt Norge. Dei fekk inga heider, men blei tvert om hengde ut som potensielle landsforrædarar. Sjøfolka, som meir enn andre hadde sett livet på spel i kampen for eit fritt Norge, blei frårøva oppspart hyre, og dei blei sverta og baksnakka, mange av dei knekte for livet. Fyrst i dag, etter snart åtti år, skal dei få minnesmerket dei burde fått for lengst. Korfor fekk dei inga heider då krigen var slutt? Antikommunismen har mye av skylda. Hillestad kallar det eg skriv, for «sammensurium» og «kortslutningar». Han er for klok til å nekta for at det skjedde slik eg fortel.

Hilletad skriv at det heile bare var ein reaksjon på kommunismens trussel. Men dei som blei ramma av antikommunismen, var ikkje skyld i korkje Gulag eller andre overgrep. At det blei gjort grove brotsverk i Stalin-Sovjet, er ei kjensgjering, men me kan aldri rettferdiggjera brotsverk (forfølgjinga i maccarthytida) med at andre (Stalin) har gjort andre brotsverk. I innlegget mitt tok eg uttrykkeleg avstand frå Gulag og undertrykkinga i Sovjet. Likevel vil Hillestad framstilla det som at det er eit slikt samfunn eg vil ha. Det tjener deg ikkje til ære, Hillestad, at du bruker slike metodar.

Hillestad er einig i at grove overgrep og Gulag-leirar ikkje er noko som bare fanst i kommuniststyrte land. Han nemner Holocaust. Men vil du innrømma, Hillestad, at også lovpriste liberale demokrati har vore ansvarlege for liknande overgrep? T.d. fangeleirane i borgarkrigtidas USA, dei var nærast som dødsleirar å rekna, eller britanes framferd under Mau-Mau-opprøret i Kenya på 1950-talet, menneskejakta på australske aborigins, brotsverk begått av militærregime hjelpt til makta av USA i t.d. Chile, Argentina, Guatemala, Brasil, Indonesia, eller det som må kallast folkemord på indianarane i Amerika – for å nemna noko. Den skremmande erfaringa, som er blitt bekrefta av forsking i USA på 1960-talet, er at det knapt finst grenser for menneskeleg råskap dersom den blir retta mot folk me ikkje identifiserer oss med, folk me ikkje ser på som medmenneske. Grove overgrep, også tortur, massakrar, interneringsleirar, massemord, har – dessverre – skjedd til alle tider, i alle verdsdelar, av ulike folkeslag og i namnet til dei mest ulike religionar og ideologiar. Nektar du for det, Hillestad?

Når Hillestad vil klistra meg til Gulag, endå eg uttrykkeleg tar avstand frå slikt, må det vera fordi eg skriv at kommunismens visjon om eit samfunn der alle yt etter evne og får etter behov, må me aldri gi opp. Eg skriv at eit samfunn utan kapitalismens rovdrift er meir nødvendig i dag enn nokon gong. Er det slike ønske du vil kvela med innlegget ditt, Hillestad?