Debatt

KrF Kvinner vil styrke førebygging av vald og overgrep mot eldre

Det kan være vanskeleg for dei eldre å melde. Dette gjelder også sjølv når dei er livredde for gjerningspersonen.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Vald mot eldre er eit stort problem i vårt samfunn i dag. Gjennom mange år som sosialarbeidar, spesielt innanfor rusfeltet, har eg mange gonger opplevd at dette er en reell problemstilling. Utsette eldre og deira pårørande har ofte vanskeleg for å nå fram til hjelpetilbodet. Difor er den nasjonale kontakttelefonen «Vern for eldre» oppretta. Kristeleg Folkepartis Kvinner ser det som viktig å systematisk styrke førebygging av vald og overgrep mot eldre både i heimane og på institusjon.

Kontakttelefonen «Vern for eldre» må gjerast godt kjend i heile samfunnet. Informasjon om denne telefontenesta finnes ved å søke: www.vernforeldre.no. Særleg viktig er det at eldre, pårørande og tilsette innan eldreomsorga er godt kjend med telefonen. Alle over 62 år kan ringe telefonen. Også pårørande og andre som har mistanke om overgrep mot eldre kan ringe kontakttelefonen.

Vald, overgrep og forsøming mot eldre er alvorlege folkehelse- og menneskerettsproblem. Ofte er det eit usynleg problem. Vald mot eldre er ikkje berre fysisk vald. Det er grunn til å tru at dei fleste tilfella dreier seg om truslar.

Det kan være vanskeleg for dei eldre å melde. Dette gjelder også sjølv når dei er livredde for gjerningspersonen.

Ein trygg alderdom er ein grunnleggande verdi i det norske samfunnet. For ingen skal halde ut naudsynt fysisk eller psykisk misbruk.

Tal frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress indikerer at mellom 56 500 og 76 000 heimebuande personar har vore utsett for vald eller overgrep etter at dei fylde 65 år. Vidare viser studien at det er klare samanhengar mellom valdsutsette, uhelse, fysisk og sosial fungering. Det kjem også frem av studien at valdsutsette eldre kontakte i liten grad tenesteapparatet for hjelp.

Åstaden er ofte offerets eigen heim. Overgriparen er som regel nokon som står offeret nær. Det gjer at den eldre føler seg svært utrygg. Den psykiske skaden kan i mange tilfelle være verre enn dei fysiske. Den kan vare i lang tid.

Men også eldre i institusjonar vert utsett for vald og overgrep. Bebuarar i sjukeheim er spesielt sårbare grunna fysisk og kognitiv svikt, avhengigheit av omsorgspersonar og delt buareal med personar med utfordrande åtferd. Studiar har vist at dette er eit oversett pasientsikkerheitsproblem. Leiinga må vere tydelege på korleis vald, overgrep og forsøming skal følges opp i institusjonen. Vi i KrF Kvinner ønsker å både førebygge og styrke arbeidet nettopp på dette feltet. Det er ei altfor usynleg problemstilling som vi ønsker å sette søkelys på.

Fakta:

  • Helsedirektoratet har fått i oppdrag å etablere ein landsdekkande kontakttelefon for eldre som er utsett for vald.
  • Formålet med kontakttelefonen er at den som ringer, skal få råd og rettleiing. Målgruppa er først og fremst eldre som er utsett for vald (fysisk, psykisk eller seksuelt).
  • Pårørande, naboar og andre som får kjennskap til slik vald, kan også ringe. Også tilsette i helse- og sosialtenesta, og i hjelpeapparatet elles, som får kjennskap til eller mistanke om vald kan ringe.
  • Kontakttelefonen er gratis for innringaren. Den er ope i vanleg kontortid måndag til fredag og blir svart av fagfolk som har erfaring med denne problematikken.
  • Kontakttelefonen sitt nummer er: 800 30 196
  • Nærare opplysningar finnes også på www.vernforeldre.no

Mer fra: Debatt