Navn i nyhetene

Papir som våpen

– Indianarar sto ganske høgt i kurs i lia der eg vaks opp.

FOTO: TOR SIVERSTSTØL

Gry Molvær Hivju (45)

Filmskaper.

Dokumentarfilmen «Bit – Ballerina Bulldog», om papirkunstneren Karen Bit Vejle, vises på NRK1 i kveld.

Du har laget dokumentarfilmen «Bit – Ballerina Bulldog», om den internasjonalt anerkjente papirkunstneren Karen Bit Vejle. Hva er så facinerande med papir?

– Det er facinerande at eit så skjørt materiale kan har nyttast til å bere enorme bodskap. Tenk kva som har vore skrive og teikna på papir gjennom historia? Kinesarane, som vert rekna som oppfinnarane, prøvde lenge å halde kunsten å lage papir hemmeleg. Papir var nærast eit våpen. Når Karen Bit Vejle med sine millioner av ørsmå sakseklipp formar metervise mirakel i papir, er det overveldande.

Fortell om filmen. Karen Bit Vejle er kjent for sin intrikate og særegne papirkunst – psaligrafi. Hvordan blir en nordisk papirklipper mottatt i Kina?

– Filmen er ei inspirerande forteljing om ei særeigen kvinne som må trosse mykje motstand for å nå målet ho har sett seg. Karen Bit Vejle vert i dag rekna som ein av verdas fremste psaligrafar, men personleg har ho store utfordringar. Når ho så får sjansen til å stille ut i Kina, står mykje på spel.

«Bit – Ballerina Bulldog» vises på NRK1 i kveld. Hva ønsker du å si med filmen?

– Karen Bit seier det eigentleg sjølv i filmen: «Sikt mot månen! Sjølv om du ikkje treff, hamnar du likevel mellom stjernene!».

Hvilken bok har betydd mest for deg?

– Det er mange. Men mannen min leste høgt til meg frå perm til perm ein sommar: «Kvinnen som kledde seg naken for sin elskede» av Jan Wiese. Det var som å ha sitt eige radioteater i stolen ved sidan av.

Vi får kanskje fortelle leserne at mannen din er skuespiller Kristofer Hivju. Hva gjør deg lykkelig?

– Hav og høge fjelltoppar på Sunnmøre, saman med familien min.

Hvem var din barndomshelt?

– Sølvpilen. Indianarar sto ganske høgt i kurs i lia der eg vaks opp.

Hva misliker du mest ved deg selv?

– Eg har store utviklingspotensiale når det gjeld å rydde i mitt eige klesskap.

Hva gjør du når du skeier ut?

– Atten år gamal whisky.

Hva er du villig til å gå i demonstrasjonstog for eller imot?

– For min rett til å verte sitert på eiga målform; nynorsk. Så om dette er intervjuet ikkje er sitert på nynorsk, står eg utanfor i morgon tidleg!

Nynorsk skal vi fikse. Er det noe du angrer på?

– Mangt & mykje.

Hvem ville du helst stått fast i heisen med?

– Mannen min. Så kunne vi finne på anna moro om ein vart sittande der lenge.

Mer fra Dagsavisen