Nye takter

Nordisk balsam

I fjor feira Karl Seglem 25 år som plateutgjevar. No kjem han i kvartett som saksofonist, komponist og utgjevar med lækjande jubileumsbalsam.

Med «Nordic Balm» (Ozella/NORCD) fører han vidare ein tradisjon, der han sidan debuten med «Nordic Poems» i 1988 har vore fremst i ein norsk jazz og folkemusikktradisjon med bukkehornet som fornyande kraft. Eit store sprang i seinare år kom då musikarane i Eple Trio vart ein del av bandet. Med Andreas Ulvo på piano, Sigurd Hole på bass og Jonas Howden Sjøvaag på trommer. Kvar for seg markante og sjangeroverskridande musikarar som gjer spelerommet stort.

Seglem er ein internasjonal folkemusikar av rang. Han har skrive all musikk sjølv, han er ein stor poet, og resultatet gjev uttrykket melodiøs jazz meining. «Jazzfolk» er ikkje mitt favorittuttrykk, men måten han sameinar ingrediensane på gjer susen.

Etter opning på Kullebunden Jazzklubb i Sverige, blir det no norsk turne med opning i Florø 1. februar, med nokre interessante stadnamn også i titlane.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Vår beste jazzvokalist

At Marit Sandvik frå Tromsø stadig er landets beste jazzvokalist, demonstrer ho på sitt nye album «Travel» (Alfa Music/Musikklosen). Fødd i 1956 har ho før gitt ut tre album i eige namn, og medverka på mange andre. «Travel» har ho gitt ut saman med trommeslagaren Maurizio Picchid, innspelt i Italia 2014 med eit norsk-italiensk stjernelag med pianist Eivind Valnes. Seks musikarar i eit band der Marit Sandvik har skrive det meste, jazzsongaren som syng i den moderne, klassiske stilen til Carmen Mc Rae om du vil. Av yrke er ho sjukepleiar, som songar er ho er ei velsigning å høyre. I februar turnerer dei fem dagar i Norge, med Nasjonal Jazzscene som stoppestad i Oslo 2. februar.

Gjer det med Løkrajazz

Bandet heiter Erik Løkra Volunteer Quartet, plata heiter «Steady Bear» (Just For The Records), og utanom Løkra (saksofon) spelar Magnus Soltvedt Wiik (gitar), Audun Lunnan Hjort (trommer) og Fredrik Gundersen bass, spenstig og hardtsvingande jazz så det står etter.

Mer fra Dagsavisen