Nye takter

Historisk sus over 1982

Med sitt nye album «A/B» har den improviserande trioen 1982 teke eit nytt kvantesprang.

1982
«A/B»
Hubro (Musikk­operatørene)

Radius & Fred Lonberg-Holm
«Just Outside The Door»
Hazel Records (MusikkLosen)

Eric Revis Quartet
«In Memory Of Things Yet Seen»
Clean Feed (MusikkLosen)

Utført med seg sjølv på «B»-sida, i eit todelt album der første del er i regi av trompetisten, komponisten og arrangøren Stian Omenås, som med innspelt musikk av trioen har laga musikk for ein blåsesekstett som vert lagt opp på dei opphavlege improvisasjonane. Stadig forvirra? Sigbjørn Apeland (orgel), Nils Økland (feler) og Øyvind Skarbøvik (trommer) var dei tre vikingane i vest som i 2009 tok steget ut i ope landskap med albumet «1982» (Norcd). På oppfølgjaren «Pintura» (2011) var dei hubroar, med flaskefôr på omslaget til «Bottlemail» i 2012, før dei same år gjekk i kompaniskap med steel-legenda BJ Cole på «1982 + Bj Cole». Plateomslaga var gateparti frå Haugesund, så også på årets, der «A»-laget er blåsesekstetten Fredrik Ljungkvist frå «Atomic» og Eric Johannesen frå Jaga Jazzist, med Sofya Dudaeva (fløyte), Hanne Liland Rekdal (bassoon), Mattias Wallin (tenorhorn) og komponist og trompetist Omenås. På to gonger litt over eit kvarter (33 min) er resultatet frapperande, med dei tre musketerane som starta det heile. På B-sida utvidas 1982-universet også instrumentalt og vokalt med ein innimellom syngjande felemakar Økland, og organist Apeland viser at han også kan spele piano. Det gjer resultatet overveldande.

Det høyrer med at opptaka med bandet 1982 vart gjort like før nokon la ned Grieghallen Studio i Bergen, og blåseopptaka vart gjort i regnbogestudioet til Jan Erik Kongshaug i Oslo. Etter «A/B» er det meir i vente, frå bandet som med eit årstal til namn har fått fleire på glattisen. Kan det neste bli «A/B/C»? Ein kan aldri vite.

Radius med skup

Fred Lonberg-Holm er den Chicago-baserte cellisten som gjestar Tine Asmundsen og trioen Radius på det fascinerande albumet «Just Outside The Door», med låtar signert Vidar Johansen, Tine Asmundsen og sjølvaste Anthony Braxton. Tredjemann i Radius Trio er Ståle Liavik Solberg, trommeslagar som har spelt med Lonberg-Holm sidan 2009. Ringen er slutta, og med den eminente cellisten er tonen slått an for eit album der jazzen er like «fri» som han er melodiøs, i eit ensemble der musikarane finn kvarandre i ulike konstellasjonar. Og ei av perlene på vegen er Vidar Johansens nydelege «Miss Palmer», opna med Asmundsens basstema i duo med Johansen, før heile ensemblet går opp i ein vakker høgare einskap. Før bandet slepper seg laus i Anthony Braxtons «40 q» i moderne marsjtakt. Lonberg-Holm er tidlegare elev av både Braxton, Morton Feldman og andre, han har spelt med mange på den «alternative» jazzscene både i USA og Europa, og med «Just Outside The Door», avslutta med Vidar Johansens «Radius», har Radius Trio med Fred Lonberg-Holm gjort eit verkeleg varp denne våren.

Bassist også med band

I fjor var han på The New York Times’ ti på topp-lista over dei beste jazz-utgjevingane det året med albumet «City Of Asylum», med Kris Davis (piano) og Andrew Cyrille (trommer). Med årets utgjeving «In Memories Of Things Yet Seen» (endå meir kritikarrost av New York Times), stiller bassist Eric Revis med trommeslagar Chad Taylor, tenorsaksofonist Bill McHenry altsaksofonist Darius Jones, i ein sterk pianolaus kvartett med saksofonisten Branford Marsalis som gjest på to av spora. Ikkje så rart, då Revis har vore bassisten til Marsalis på eit tital av platene hans, seinast på «Four MF’s Playin’ Tunes», eit album som i 2012 fekk dei beste skussmål også her. Fødd i 1967 er den etterspurde bassisten ingen grossist i eigne album, men med eit kanonlag som på «In Memory Of Things Yet Seen», med fem sjølvskrivne av tretten låtar, er det kraftige basspelet i seg sjølv verd eit studium. Fem av låtane har han skrive sjølv, dei andre i bandet har også levert, mens jazzsoga talar til oss gjennom Sunny Murrays «Something’s Cooking» og Sun Ras «The Shadow». Med Eric Revis sjølv som nok ein bassist og bandleiar av klasse.

Svensk og vakkert

«The Park» (Havtorn/Plugged Music) er ein verkeleg vakker platedebut frå Hannah Tolf, ein særeigen vokalist og komponist frå Göteborg. Med Per Walfridsson på piano, Donovan von Martens på bass og Anna Lund på trommer i Hanna Tolf Group, får ho også assistanse frå ymse gjestemusikantar på plata, herunder også korsong. Hannah Tolf skriv sjølv musikken, arrangementa er nyanserike og vakre. Det unge og fargerike ensemblet vart starta i 2012, og buskveksten hagtorn (på svensk: havtorn) har også gitt namn til det Göteborg-baserte plateselskapet, som i 2012 gav oss det fine albumet «Glara», med vokalisten Mira Palm. Det var eit album meir i slekt med «jazz på svenska»-tradisjonen, mens vi på «The Park» møter fire unge musikarar som utfaldar seg i eit stort og annleis landskap, med Hannah Tolfs sterke og kjenslevare stemme på ein sterk debut. Den 6. mai held Hannah Tolf Group sleppkonsert i Göteborg, onsdag 7. mai på Sound Of Mu i Oslo.

Reeds Monk!

Med Eric Reeds «The Adventurous Monk» (Savant/MusikkLosen) er musikken til Thelonious i dei beste hender, hos ein pianist som på fem tidlegare album har tolka Monks musikk i sitt eige bilete. Og som i samspel med Seamus Blake (tenorsaksofon), Ben Williams (bass) Gregory Hutchinson (trommer) gjer det med glans på det sjette, med vokalisten Charence Wade som gjest på ein vakker versjon av «Ruby, My Dear».

Mer fra Dagsavisen