Nye takter

Ny triumf for Billy Hart

Med sitt andre album viser kvartetten som nestoren Billy Hart vart leiar for, atter sitt format.

Billy Hart 
Quartet

«One Is The Other»

ECM (Musikkoperatørene)

Nate Wooly Sextet

«(Sit In) The Throne of Friendship»

Clean Feed (MusikkLosen)

John Hébert Trio

«Floodstage»

Clsan Feed (MusikkLosen)

På «One Is The Other» har trommeslagar Billy Hart signert tre låtar, pianist Ethan Iverson og saksofonist Mark Turner to kvar. Med Rodgers og Hammersteins «Some Enchanting Evening» frå den store songboka er albumet ikkje berre komplett. Det er ein blomster i knappholet til dei som i 2003 starta bandet som Ethan Iverson/Mark Turner Quartet.

Ein dag bad Billy Hart om å få leie bandet på ein konsert i heimbyen Montclaire, og resten, med bassist Ben Street, vedtok samrøystes å gjere leiarskapen hans permanent. Difor kan dette albumet heller ikkje gå i gløymeboka, så fint og gjennomtenkt det har vorte, i hendene til trommeslagaren som elles har plenty av fartstid i ECM. Og som sidan han spelte med unge Shirley Horn for 50 år sidan har spelt med det meste, inkludert Miles Davis på «On the Corner». Dermed vart det grunnleggjande vilkåret om eit band der Billy Hart får spele den musikken han ønskjer, ein utløysande faktor for ein grenselaus fridom for alle. Og eit vitalt og vakkert album som det er ei fryd å høyre på.

Opninga med Mark Turners «Lennie Groove» er eit memento til Lennie Tristano som Turner spelte først på sitt eige album. Billy Harts visper følgjer oss vidare til Ethan Iversons «Marachino», mens «Teule’s Redemption» er ein song for ein av trommeslagerens søner, etterfølgt av Harts «Amethyst». Heile vegen har musikken og ensemblet ei eiga ro over seg, og eg tenkjer på den hyppige noregsgjesten Hart (73), også sentral i bandet Charles Lloyd på åttitalet starta med Hart, Bobo Stensson og Jon Christen, etter sitt indre eksil. Med det rolege, venlege blikket ser han rett på deg, alltid ein hugnad å møte, nyfiken og oppsett på alltid å yte det beste. Med blueslåten «Yard» knyter han an til Charlie Parker, «Sonnet for Stevie» er Turners tributt til Wonder, før klassikaren «Some Enchanted Evening» så nydeleg blir servert på eit fat, før punktum vert sett med ein kvikk «Big Trees».

Katalog Clean Feed

Frå basen i Lisboa forar Clean Feed Records (CFR) oss med meir enn vi kan ta unna av spennande jazzalbum, ikkje sjeldan med skandinavar i stallen. Her er det vår utvandra bassist Eivind Opsvik som ikkje er utgjevar, men bassist i Nate Wooly Sextet, leia av den amerikanske trompetisten som er ein gjengangar i CFR-katalogen som både leiar, komponist, prosjektmakar og bandmedlem, her med eigen sekstett på albumet «(Sit In) The Throne Of Friendship». Det er eit framifrå album med ein tittel som opnar for refleksjonar, med spennande arrangement for eit ensemble der bassklarinettist Josh Sinton møter tubaist Dan Peck, med Matt Moran på vibrafon, Harris Eisenstadt på trommer, Eivind Opsvik på bass og sjefen sjølv som i dobbel forstand er leiande trompetist. I ørlita skrift kan vi lese at han har komponert all musikk utanom Randy Newmans «Old Man On The Farm». Ei spennande besetning med original musikk for alle, med eller utan lupe, er det uansett.

Bassist-trio

John Hébert, bassist og komponist fødd i Louisiana, held fram med å utforske sine cajunrøter, som han har nærma seg i tidlegare utgjevingar, også på den første plata som leiar, «Byzantine Monkey». På «Floodstage» går han i kompaniskap med den meritterte trommeslagar Gerald Cleaver, og Benoit Delbecq, fransk pianist og albumets produsent, som studerte med Steve Coleman og møtte musikarar som Ethan Iverson, Tony Malaby, Ralph Alessi og fleire i den generasjonen. Her er han pianist (også på preparert piano) i ein trio der bassisten de facto er den musikalske leiar, noko som verkeleg spelar ei rolle i dette klassiske trioformatet oftast døypt i pianistens namn. Bill Evans revolusjonerte trioformatet, men Scott LaFaro var aldri leiar, ei heller Paul Motian. Mykje vatn har runne i havet sidan, og på «Floodstage» viser flaumstatens bassist seg leiarskapen verdig, på dette gledeleg overraskande dykket i Clean Feed-katalogen.

Dragetemjar Mehldau

Med albumet «Taming The Dragon» (Nonesuch/Warner) går Brad Mehldau elektronisk, i duo med trommeslagaren Mark Guiliana kalla Mehliana. Ei hending i seg sjølv, som vi fekk den første prøva av på Nasjonal Jazzscene i fjor. Ei heller kjedeleg oppvising i elektronisk liring var det då, men på albumet har prosjektet fått meir substans. I starten med lesing under, frå ein tekst med referansar til highway-filmklassikaren «Easy Rider», på sporet «Elegy for Amelia E» høyrer vi stemma til flygarheltinna og kvinnesakskjemparen Earhart (1897-1933) lese frå «A Woman’s Place in Science».

Song og visediktar Serge Gainsbourg (1928-91) er på besøk på «Gainsbourg», og pianomeisteren Brad Mehldau let innimellom også det akustiske hovudinstrument sitt sleppe til. I mine øyre er det ved flygelet han høyrer heime, men fødd på bursdagen min i 1970 har han god tid på seg til å temje nye dragar.

Nancy & Cannonball!

Nancy Wilson vart 77 år i går og vi feirar med «Nancy Wilson/Cannonball Adderley» (Capitol/Universal), det strålande albumet frå 1962 og eit gjennombrot for vokalisten med 70 plater og Grammy for den siste «Turned To Blue» i 2006! Sentral på 62-albumet er trompetist og låtskrivar Nat Adderley, med Joe Zawinul på piano, Sam Jones bass og Louis Hayes trommer. For eit lag!

Mer fra Dagsavisen